Avishode Grømstadposten
Avishode Grømstadposten
Norsk presses historie.

Grømstadposten var ei Venstre-avis utgitt i Grimstad mellom 1884 og 1951. Avisa var talerøyr for nasjonal oppvakning og hadde ei uttalt kritisk røyst mot nazismen sin framvekst på Kontinentet.

Historie

Framsida 2. januar 1928.

Framsida av Grømstadposten 2. januar 1928.

Av /Grømstad-Posten.

Grømstad-Posten stod sterkt i Grimstad-folk sitt hjarte etter den kompromisslause haldninga overfor okkupantane. I sentrum for oppmerksomheita stod Knut Dyvik og resten av Dyvik-familien, som har fått ein eigen plass oppkalt etter seg, der familien sitt hus stod. Det er reist eit minnesmerke på staden til minne om familien si motstandskamp. Dei fem brørne blei alle med i Laudal-organisasjonen, men då tyskarane slo til, blei brørne tekne. Olav blei henretta saman med major Laudal, og Oddvar døydde i Tyskland. Dei tre andre blei henta heim i dei kvite bussane. Deira far, Knut, blei tekken i 1941, men slepte ut av fengsel etter to månader med status som gissel. Far Knut, mor Dina og sonen Olav, var alle redaktørar i Grømstad-Posten.

Norsk presses historie.

Avisa Grømstadposten kom ut under namnet Andvake første gongen i 1884. Tre år etter skifta ho namn til Grømstad-Posten, deretter til Grimstad-Posten, og seinare, i 1927, til Grømstadposten. Det einaste kjende opplagstalet er frå 1932, og då var det 1500.

Etablert i det konservative Grimstad, representerte Grømstadposten liberale straumdrag og kjempa for større nasjonal sjølvkjensle. Høgre-avisa Grimstad Adressetidende var den lokale konkurrenten til Grømstadposten.

Knut Dyvik kom frå Vestlandet og hadde med seg sine nasjonale haldningar. Han Han engasjerte seg sterkt i byens politiske, kulturelle og sosiale liv og var med på å stifte Grimstad Bys Vel i 1922.

I tillegg til det nasjonale stod fråhald og målsak sentralt i avisa sin profil. I perioden 1927–1930 var redaksjonsspråket nynorsk, men også før den tid hadde det vore trykt artiklar på nynorsk i avisa.

Redaktørstolen var gjennom avisa si historie hovudsakleg dominert av familien Dyvik frå Grimstad. Knut Dyvik var redaktør i periodane 1908–1927 og 1945–1951, mor Dina Dyvik var redaktør i perioden 1928–1934 og sonen Olav Dyvik var redaktør frå 1934 og fram til 1940. Dei tre hadde i 1928 kjøpt aksjeselskapet og forlagsretten til avisa.

Anti-nazistiske haldning

Avisen si kamp mot nazismen byrja på 1930-talet og heldt fram då okkupasjonen var eit faktum. Avisa stod fast på si nasjonale haldning til trass for truslar og arrestasjonar. Det kom til å koste eigarfamilien dyrt.

Tyskarane hadde allereie hatt Grømstadposten under oppsikt ei stund, på grunn av avisa si tydelege anti-nazistiske haldning. Avisa vart stoppa i 1940, og redaktør Olav Dyvik sine siste ord til lesarane var «Gud bevare Norge». Olav Dyvik vart skoten på Trandum i 1944. Dei fire brørne hans vart sende til Tyskland, der ein av dei døydde i konsentrasjonsleir.

Etter krigen klarte avisa aldri å kome skikkeleg på fote att. Det var faren, Knut Dyvik, som prøvde å få drifta i gang på nytt, men avisa måtte leggjast ned i 1951.

Opplag

År Opplag
1932 1500

Fakta

  • Andvake: Fyrste nummer 1. november 1884, siste nummer 29. juni 1887.
  • Skifta namn til Grømstad-Posten 2. juli 1887 (Grømstadposten frå nummer 152, 1927).
  • Stansa 20. november 1940.
  • Kom ut etter andre verdskrigen i perioden 25. september 1945–30. mars 1951.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo 2010
  • Rune Ottosen (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo 2010
  • Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg