Maal og Minne hefte 2 2008, Utgitt av Det norske Samlaget
Maal og Minne hefte 2 2008, Utgitt av Det norske Samlaget
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Maal og Minne er eit tidsskrift som blir gitt ut av Bymålslaget på Novus forlag med to nummer i året. Formålet er å kaste lys over norsk språk og språkminne som mellomalderlitteratur, namn og folkeminne.

Historie

Maal og Minne vart grunnlagt av professor Magnus Olsen i 1909 og har heile tida vore knytt til Bymålslaget. Olsen var professor i gamalnorsk og islandsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo 1908–1948. Bymålslaget og Landsmålslaget sprang ut av Det Norske Samlaget og hadde i oppgåve «å styrke og fremhjelpe det som norsk er – Landsmålslaget med bygdemålene som utgangspunkt, Bymålslaget ut fra bymålene».

Olsen var redaktør fram til 1950. Etter det vart det tradisjon for to redaktørar, der den eine hadde ansvar for norrøn filologi, den andre for norrøn språkvitskap. I tillegg til redaktørane har tidsskriftet eit redaksjonsråd.

Fram til 1972 vart tidsskriftet gitt ut av Bymålslagets forlag i kommisjon hos H. Aschehoug & Co. Frå 1972 kom tidsskriftet ut på Det Norske Samlaget. Frå 2010 har tidsskriftet kome ut på forlaget Novus.

Maal og Minne har høg status i fagmiljøa og dekkjer det tradisjonelle nordisk-faget, med unntak av nyare litteraturvitskap, som sidan 1916 har vore dekt av tidsskriftet Edda.

Tidsskriftet har full fagfellevurdering og har det høgaste vitskaplege publiseringsnivået (nivå 2) i teljekantsystemet. Frå og med 2017 er det open og gratis tilgang (Open Access) til nettversjonen av artiklane som blir publiserte i Maal og Minne.

Redaktørar

  • Magnus Olsen (1909–1950)
  • Ludvig Holm-Olsen og Trygve Knudsen (1951–1967)
  • Ludvig Holm-Olsen og Einar Lundeby (1968–1984)
  • Bjarne Fidjestøl og Einar Lundeby (1985–1994)
  • Einar Lundeby (1994)
  • Odd Einar Haugen og Einar Lundeby (1995)
  • Odd Einar Haugen og Kjell Ivar Vannebo (1996–2005)
  • Jon Gunnar Jørgensen og Lars S. Vikør (2006–2013), med tillegg av Torodd Kinn i 2014
  • Jon Gunnar Jørgensen og Torodd Kinn (2015–2016)
  • Hans-Olav Enger og Jon Gunnar Jørgensen (2016–2018)
  • Ingvil Brügger Budal og Hans-Olav Enger (2018–)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ruth Vatvedt Fjeld: «Bymålslaget 100 år», Språknytt nr. 2/2002
  • Einar Lundeby: Bymålslaget og Maal og Minne. Et 100-årsjubileum. Oslo 2002
  • Maal og Minne nr. 1/2009 (jubileumsnummer)
  • Bente Hennie Strandh: «Bymålslaget – 100 år i Knud Knudsens fotspor», Uniforum nr. 6/2002

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg