Faktaboks

Ny Tid
Offisielt namn
NY TID & ORIENTERING AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
1975
Dagleg leiar
Truls Olaf Lie
Styreleiar
Trygve Natvig
Logo
Logo
Av .

Ny Tid er eit månadsmagasin gitt ut i Oslo, grunnlagt i 1975 som eit nyheitsmagasin med radikalt grunnsyn. Avisa var knytt til Sosialistisk Venstreparti i 1975–1998, deretter partipolitisk uavhengig. Ny Tid gjekk i 2015 over frå vekesavis til månadsavis. Avisa er eigd av fleire enkeltpersonar, der Trygve Natvig og ansvarleg redaktør Truls Lie er største eigarar.

Namnet er tidlegare brukt av eit av arbeidarrørsla sitt eldste og mest innverknadsrike organ, Ny Tid (1899–1947).

Historie

Gammelt avishode
Gammelt avishode
Av .

Ny Tid kom med sitt første nummer 15. august 1975. Avisa vart grunnlagd som Sosialistisk Venstrepartis vekeavis då Sosialistisk Folkepartis gamle avis Orientering (grunnlagt i 1953) vart nedlagt. Tanken var at Ny Tid skulle famne vidare enn Orientering. Den første redaktøren til avisa var Audgunn Oltedal. Frå 1998 var Ny Tid ei uavhengig avis for venstresida, med hovudvekt på kommentar- og bakgrunnsstoff.

Dei første redaktørane var Audgunn Oltedal (1975–1979), Steinar Hansson (1979–82), Ingolf Håkon Teigene (1982–1986) og Finn Gustavsen (1986–1989). Oltedal og Teigene skreiv nynorsk, Hansson og Gustavsen bokmål.

Under den kalde krigen var Orientering og seinare Ny Tid dei viktigaste samfunnskritiske avisene på venstresida i Noreg. Dei kritiserte atomvåpenpolitikken, rustingskapplaupet og Noreg sitt bidrag til militærpolitikk til USA og NATO. Dei stod for det tredje standpunktet, ein uavhengig venstresosialisme som i utanrikspolitikken stødde korkje Washington eller Moskva. Innanrikspolitisk markerte dei gjerne avstand til Arbeidarpartiet.

Listesaka

Liste-saka 1977

Listesaka frå 1977 er kanskje meir enn noko anna den saka Ny Tid blir hugsa for frå gullalderen på 1970-talet. SV-ar Ivar Johansen hadde utarbeidd systematiske lister over dei tilsette i Overvakingstenesta til politiet – berre ved bruk av opne kjelder. Saman med journalisten Ingolf Håkon Teigene skreiv han artiklar i Ny Tid. I eit intervju i Arbeiderbladet blei likevel listeverksemda hans kjent. Politiet gjekk til aksjon mot Ny Tid for å få tak i listene, men i mellomtida hadde Ny Tid-journalist Jahn Otto Hauge plassert dei i ei campingvogn i Solvang kolonihagar i Oslo, og slik kom innhaldet på avvege. Johansen, Teigene og Hauge blei dømt til betinga eller delvis betinga fengselsstraffer etter listesaka. På biletet frå retten ser vi redaktør Audgunn Oltedal i forgrunnen, aktor Arne Huse (t.v.) og advokat Alf Nordhus.

Liste-saka 1977
Av /Aftenposten/NTB.

Ei av dei største sakene i Ny Tids historie var Listesaka i 1977. SV-aren Ivar Johansen hadde ved opne kjelder utarbeidd ei oversikt over 600 tilsette i dei hemmelege tenestene og tilbaud Ny Tid listene slik at avisa kunne skrive ein artikkelserie om desse tenestene. Avisa hadde nyleg avdekt at Noreg hadde lært finnar til å drive spionasje mot Sovjetunionen.

I august 1977 gjekk politiet til aksjon. Redaktøren vart ikkje tiltalt, trass i at ho bad om det. Men Ivar Johansen, journalistane Ingolf Håkon Teigene og Jan Otto Hauge og informasjonssekretæren i Club 7, Trond Jensen, vart tiltalte etter spionparagrafane i den gamle landssvikarrettargangslova som fråtok dei tiltalte rettergangsgarantiar. Den Norske Advokatforening reagerte ikkje, og Forsvarergruppen av 1977 vart difor skipa. Rettssaka i februar–mars 1979 var ei av dei mest medieomtalte i samtida.

Fristilt i 1998

Ny Tid vart fristilt frå SV i 1998. I 2006 vart avisa seld til N.W. Damm & Søn AS. Avisa var samstundes gjort om til nyhendemagasin med den same radikale profilen som avisa hadde hatt. Frå 2008 til mai 2011 var bladet eigd av Mentor Medier. 1. mai 2011 gjekk Ny Tid ut av Mentor Medier og inn i Ny Tid & Orientering AS. Avisa er i dag eigd av fleire enkeltpersonar, der Truls Lie er den største med ein eigarpost på meir enn 35 prosent av aksjane. 7. februar 2014 gjekk avisa over til avisformat igjen, frå mars 2015 i fullformat. Sommaren 2015 gjekk Ny Tid frå å vere vekesavis til å bli månadsavis.

Om lag samstundes vart avisa bilag til Klassekampen, noko som seksdobla opplaget av Ny Tid. Avtalen om distribusjon vart likevel sagt opp i september 2017, etter at Ny Tid hadde fått kritikk for å ha publisert ein konspirasjonsteoretisk artikkel om terrorangrepet i USA 11. september 2001. Opplaget fall etter dette til omlag 5000.

Opplag

År Opplag
1979 16 000
1989 9000
2005 4000
2006 9000
2013 2000
2017 5000

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dahl, Hans Fredrik (1980): «Ny Tid». Paxleksikon, bind 4. Oslo
  • Dahl, Hans Fredrik (1980): «Orientering». Paxleksikon, bind 5. Oslo
  • Fonn, Birgitte Kjos (2010): «Ny Tid», i Flo, Idar (red.): Norsk presses historie, bind 4. Oslo
  • Fonn, Birgitte Kjos (2011): Orientering. Rebellenes avis. Oslo
  • Hjeltnes, Guri (red.) (2010): Norsk presses historie, bind 3. Oslo
  • Kromann, Ole (1980): «Listesaka». Paxleksikon, bind 4. Oslo
  • Rossavik, Frank (2011): SV: Fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo

Faktaboks

Ny Tid
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg