Faktaboks

Ytre Sogn
Offisielt namn
TELL MEDIA AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Høyanger
Dagleg leiar
Stig Øvreås
Styreleiar
Terje Søreide
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ytre Sogn er ei lokalavis for Ytre Sogn. Ho kjem ut i Høyanger i Vestland som papiravis to gonger i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Avisa vart starta i 1998 og er partipolitisk uavhengig.

Digitalt

Ytre Sogn nyttar betalingsmur for ikkje-abonnentar som vil lesa nettutgåva. Avisa byrja i 2003 med nettavis. Avisa har fleire podkastar, mellom anna «På Sida» og «Tett på».

Etablering

Ytre Sogn vart starta etter nedlegginga av Sogn Dagblad i 1997, som hadde ført til at Høyanger og distriktet Ytre Sogn stod utan eigne lokalaviser. Ytre Sogn var i starten organisert som eit aksjeselskap med Høyanger Næringsutvikling AS, Ingvald Husebø Prenteverk AS og ei foreining av dei tilsette som eigarar. Ytre Sogn fekk i 2021 Tell Media AS som eigar.

Drift

Avisa dekkjer kommunane frå Solund til Høyanger. Dette distriktet ligg også innanfor dekningsområdet til avisa Firda, som er større, og som er Ytre Sogn sin konkurrent. Ytre Sogn er først og fremst ei lokalavis med brei dekning av nyhende og samfunnsliv i nedslagsfeltet. Avisa har alltid hatt nynorsk som målform.

Avisa vart fram til 2006 trykt i Sogn Avis sitt trykkeri på Leikanger, seinare i Førde.

Det beste året for avisa var 2001 med eit opplag på 2073 eksemplar.

Opplag

Opplagstall for Ytre Sogn Avis, 1999-2022

1999 2033
2000 2060
2001 2073
2002 1996
2003 1871
2004 1852
2005 1771
2006 1742
2007 1552
2008 1666
2009 1596
2010 1647
2011 1517
2012 1556
2013 1534
2014 1556
2015 1490
2016 1457
2017 1415
2018 1379
2019 1308
2020 1227
2021 1218
2022 1262
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
  • 2017: 1415
  • 2018: 1379
  • 2019: 1308
  • 2020: 1227
  • 2021: 1218
  • 2022: 1262
  • 2023: 1179

Fakta

  • Ytre Sogn kom første gong ut 9. juni 1998.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Grepstad, O. (2010): Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget

Faktaboks

Ytre Sogn
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg