Faktaboks

Per Dingsøyr
Fødd
11. januar 1913, Guddal i Fjaler
Død
25. desember 1999, Høyanger

Per Dingsøyr var del av etterkrigsgenerasjonen med bladmenn som kjempa for den nynorske målforma, og var mellom mykje anna redaktør i Sogn Dagblad gjennom 33 år.

Dingsøyr hadde utdanning frå Bladmannaskulen i Bergen. Alt som 16-åring var Dingsøyr deltidsmedarbeidar i fleire aviser. I 1934 vart han fast tilsett i Gula Tidend, og han arbeidde der fram til krigsutbrotet i 1940. Samstundes hadde han mellom 1937 og 1938 attåtarbeid som redaktør i bygdebladet Gjallarhorn i Førde i Sunnfjord. I perioden 1940–1942 var han redaktør i lokalavisa Ryfylke i Sauda.

Frå 1945 var Dingsøyr redaktør i Arbeidarparti-avisa Sogn Dagblad (med namnet Sogn Folkeblad i perioden 1945–65), fram til han gjekk av med pensjon i 1978. Avisa var partiorgan for Arbeidarpartiet, og Dingsøyr forsvarte industrisamfunna i Årdal og Høyanger med skarp penn. I tida hans som redaktør gjekk Sogn Dagblad frå å kome ut to gonger i veka, til å verte den einaste dagsavisa i Sogn og Fjordane. På folkemunne vart avisa under Dingsøyr berre kalla «Dingsen».

Dingsøyr var heilt frå sine unge år engasjert i arbeidarrørsla, og i ungdoms- og målarbeid. Han var leiar og styremedlem i ei rekkje organisasjonar og lag, mellom anna i Arbeidarpartiets Presseforbund og Sogn og Fjordane Bladeigarlag.

Dingsøyr viste òg eit stort lokalt engasjement, mellom anna som formann i ulike kommunale nemnder, i skulestyret og i trygdekontorstyret i Høyanger.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Per Dingsøyr 80 år». NTB-tekst 18.12.1992
  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
  • Agnar Skeidsvoll (red.): Norske bladmenn og norske blad. 25-årsskrift for Norsk bladmannalag og ei 80 års norsk bladsoga. Bergen 1938

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg