Hopp til innhold

Erik Ulfsby

Erik Ole Christian Ulfsby, skodespelar og instruktør. Teatersjef ved Det Norske Teatret sidan 2011 og styreleiar i Språkrådet sidan 2018.

Erik Ulfsby er fødd 2. oktober 1970, er vaksen opp på Kolsås i Bærum og har gått Romerike Folkehøgskule og Statens Teaterhøgskule. Han har vore skodespelar ved Trøndelag Teater, Den Nationale Scene og Teatret Vårt i Molde, og han debuterte som instruktør i Molde med Oleanna i 2000. Han vart etter kvart instruktør på heiltid og fekk i 2006 Heddaprisen for Årets teaterprosjekt med framsyninga Bollywood Ibsen – Fruen fra det indiske hav.
Som instruktør stod han bak fleire store kommersielle og kunstnarlege suksessar ved Det Norske Teatret, til dømes Jungelboka (2008), Jesus Christ Superstar (2009) og Den hemmelege hagen (2010). Ulfsby lukkast med å rekruttere og engasjere store grupper av ungdom gjennom framsyningane sine, og trekte slik heilt nye publikumsgrupper til teatersalongen.
I desember 2009 vart Erik Ulfsby tilsett som ny sjef for Det Norske Teatret frå 1. januar 2011, og han var sjef ved teatret under hundreårsjubileet i 2013. Då Ulfsby tok over som teatersjef, varsla han at han ønskjer eit teater som i større grad enn tidlegare representerer og syner fram det nye multikulturelle Noreg. Som teatersjef har han auka aktiviteten ved alle dei tre scenene ved teatret. I 2017 vart åremålet hans forlenga til 2025.
Sidan 2018 har han vore styreleiar i Språkrådet.


Kjelder

Arkivet til Det Norske Teatret
Stig Solheim: «Hanket inn Hank», Asker og Bærums Budstikke 20.2.2010

Peikarar

Erik Ulfsby: «Derfor må vi styrke språket», kronikk, sprakradet.no, publisert 25.8.2020

Først publisert: 13.02.2012
Sist oppdatert: 02.10.2020