Hopp til innhold
X
Innhald

Fylkesmann

Fylkesmannen er regjeringa sin representant i fylket. Fylkesmannen har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Noreg har 18 fylkesmenn.

Fylkesmann er både tittelen til ein person (fylkesmann) og namnet på organisasjonen (Fylkesmannen) som denne personen styrer. Det er Kongen i statsråd, altså regjeringa, som utnemner personen som er fylkesmann. Fylkesmannen vert utnemnd for seks år og kan ikkje sitje lenger enn 12 år.

Noreg har i dag 18 fylkesmenn. Kvart fylke har sin fylkesmann, bortsett frå Oslo og Akershus, som har fylkesmann saman. Svalbard har ikkje fylkesmann, men sysselmann, som har same styringsrett som fylkesmannen. Frå 1. januar 2016 får Vest-Agder og Aust-Agder felles fylkesmann, sjølv om fylka ikkje vert slått saman.

Administrativt ligg fylkesmennene i Noreg under kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Historie

I Noreg har ordninga med fylkesmenn røter attende til mellomalderen. Lokale område hadde eigne lover og eige styre. Viktige avgjerder vart tekne på fylkestinga. Fylka var òg brukte som reiskap for kongen, og leiaren av eit fylke vart kalla lendmann. Lendmennene var rådgivarar i riksstyret i Noreg. I 1303 vart ordninga med lendmenn avvikla, og vi fekk syssel i staden. «Fylka» heitte no len, og vart leidde av ein lensmann eller lensherre. I 1662 vart namnet len bytt ut med amt. Lensmannen var framleis den lokale representanten for kongsmakta, men namnet vart endra til amtmann. I 1919 kom namnet fylkesmann i bruk.

I 1975 vart fylkesmannembetet skilt ut frå fylkeskommunen. Fylkesmannen er i dag staten (regjeringa) sin direkte representant i fylket og er såleis ikkje lenger ein del av fylkeskommunen. Fylkesmannen har altså ein annan funksjon enn fylkesordføraren og fylkesrådmannen.

Fylkesmennene vert verken tilsette eller demokratisk valde, men utpeika av den sitjande regjeringa. Det er vanleg at fylkesmennene har bakgrunn frå rikspolitikken, anten som statsrådar, stortingsrepresentantar eller det sentrale embetsverket.

Oppgåver

Den viktigaste oppgåva til Fylkesmannen er å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Det er ei rekkje tilsette og fleire avdelingar hos Fylkesmannen, og dei skal løyse statlege oppgåver i regionen og føre kontroll med kommunane. Som fagstyresmakt innanfor landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal Fylkesmannen sørgje for å ivareta nasjonale interesser.

FYLKESMANN besseggen foto Eva Cecilie Simensen Den Norske Turistforening CC BY SA 3.jpg?w=600

Fylkesmannen skal ivareta nasjonale interesser. Foto frå Besseggen. Foto: Eva Cecilie Simensen /Den Norske Turistforening CC BY SA 3.0

Fylkesmannen skal òg sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med det gjeldande lovverket.

Fylkesmannen har ei rekkje avdelingar: kommunalavdeling, beredskapsavdeling, landbruksavdeling, miljøvernavdeling og sosial- og familieavdeling, med ansvar for adopsjon, skilsmisse og barnevernssaker.

Fylkesmannen har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap, kongebesøk og utdeling av medaljar.

I tillegg til tilsynet med kommunane er Fylkesmannen klageinstans for kommunale vedtak.

Kjelder

Fylkesmannsboka. En orientering om arbeidet i fylkesmannsembetene. Administrasjonsdepartementet 1995

«Om Fylkesmannen», fylkesmannen.no: http://fylkesmannen.no/Om-Fylkesmannen/ [lesedato 5.5.2014]

«Fylkesmannen sine embetsoppdrag. Det elektroniske oppdraget for 2015», fylkesmannen.no: 2015 http://embetsoppdrag.fylkesmannen.no/2015/ [lesedato 6.5.2015]

«Fylkesmannsinstruksen», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/nb/dokument/dep/kmd/rap... [lesedato 6.5.2015]

Først publisert: 11.08.2015
Sist oppdatert: 20.05.2019