Hopp til innhold
X
Innhald

Vippekandidat

Vippekandidat er eit politisk omgrep som skildrar kandidatar som står på vippen til å verte valde inn på til dømes Stortinget.  Politikaren som er vippekandidaten kan bli vald inn, eller ikkje kome inn på Stortinget, med berre nokre få avgjerande røyster. Omgrepet vippekandidat vert brukt i forkant av val, der meiningsmålingar kan vise at kandidaten er inne ei veke, for så å vere ute på neste måling. Når oppteljinga er ferdig etter valet, får ein fasiten på kva som skjedde med vippekandidaten, om politikaren kom inn på Stortinget eller ikkje.

Først publisert: 13.08.2013
Sist oppdatert: 27.07.2015