Hopp til innhold
X
Innhald

Ord i valkampen

Her har vi samla ord og omgrep som dukkar opp i valkampen. Kva er eigentleg utjamningsmandat? Eller vippekandidat? Kva er direkte val og korleis fungerer valordninga i Noreg? Alt dette og mykje meir finn du svar på her!

Nedst har vi òg samla ei liste over politiske ideologiar, der du  til dømes kan lese om kva liberalisme og sosialisme er.
 

Ord og omgrep i politikken

 
 
 
Direkte val
Direkte val er ein valmetode der ein røystar direkte på dei personane ein ønskjer valde som representantar i nasjonalforsamlinga, og ikkje på eit mellomledd av valmenn, såkalla elektorar, som seinare gjer det endelege valet.
Handlingsregelen
Handlingsregelen er ein regel som bestemmer kor mykje av oljeinntektene styresmaktene kan bruke kvart år.
Les heile artikkelen om handlingsregelen
Høgre (politisk omgrep)
Høgre er nemninga for konservative parti.
Parlamentarisk leiar
Parlamentarisk leiar er leiar for ei partigruppe i eit parlament, altså ei nasjonalforsamling.
Parlamentarisme
Parlamentarisme, styreform som gir fleirtalet i Stortinget makt over regjeringa. Dersom fleirtalet i Stortinget manglar tillit til regjeringa, må regjeringa gå.
Les heile artikkelen om parlamentarisme
Regjering
Regjering er leiinga for den utøvande makta i eit land. I Noreg vert regjeringa leidd av statsministeren med statsrådane som medlemer.
Sperregrense
Sperregrense er ei politisk nemning knytt til valsystemet som seier kor mange prosent oppslutnad eit politisk parti må ha ved val for å få konkurrere om utjamningsmandat.
Statsminister
Statsminister er sjefen for regjeringa i ein del land, mellom andre Noreg, Sverige, Danmark og Finland.
Stemmerett
Stemmerett, rett til å stemme ved val av representantar til nasjonalforsamling, fylkesting og kommunestyre, forutan ved folkeavstemmingar.
Stortingsval
Stortingsval vert halde kvart fjerde år innan utgangen av september månad.
Utjamningsmandat
Utjamningsmandat er mandat (ein stortingsplass) som etter eit val vert fordelte til dei partia som er underrepresenterte i høve til det samla røystetalet ved stortingsval.
Valmanntal Valmanntal, register over dei som har stemmerett ved stortings-, fylkestings- og kommuneval.
Valordninga i Noreg
Valordninga i Noreg. Med valordning meiner vi dei lovene og forskriftene som regulerer korleis personar blir valde til dei folkevalde organa Stortinget, fylkestinga og kommunestyra.
Velferdsstat
Velferdsstat kjem frå engelsk welfare state og er ein stat der det er eit politisk mål å oppnå ei viss grad av sosial og økonomisk utjamning.
Venstre (politisk omgrep)
Venstre er nemninga for radikale og liberale politiske parti.
Vippekandidat
Vippekandidat er eit politisk omgrep som skildrar kandidatar som står på vippen til å verte valde inn på til dømes Stortinget.
Du finn fleire artiklar om politiske omgrep her og i menyen under Samfunn/Politikk
 

 

Ideologiar

 
Anarkisme Anarkisme er ei politisk rørsle som har som mål å oppheve staten og statstvangen, til fordel for frivillig samvirke og at einskildindivida får utfalde seg.
Facisme
Facisme. Nøkkelord i fascismeideologien er førardyrking, nasjonalisme, militarisme og dyrking av staten med front mot marxisme og liberalisme.
Imperialisme
Imperialisme er namnet på ein politikk som tek sikte på å utvide maktområdet til ein stad på kostnad av andre folkeslag.
Kommunisme
Kommunisme, frå latin communis, felles, er ein politisk ideologi som tek sikte på å innføre felles eigedomsrett til produksjonsmidla.
Liberalisme
 
Liberalisme, frå latin liber, fri, er ein politisk ideologi som prega utviklinga i Europa frå 1700-talet og framleis spelar ei vesentleg rolle.
Nasjonalisme
Nasjonalist er ein tilhengjar av nasjonalismen, som er ein politisk og sosial ideologi som hevdar særpreg og interesser for sitt eige folk.
Sosialdemokrati Sosialdemokrati er opphavleg namn på den forma for sosialisme som spelte ei vesentleg rolle i 1848-revolusjonane.
Sosialisme
 
Sosialisme, frå latin socius, forbundsfelle, er nemning for eit samfunnssystem som avviser privat eigedomsrett og påstår at produksjonsmidla skal eigast kollektivt.
Sosialliberalisme
Sosialliberalisme er ei politisk retning som vil gjennomføre sosiale reformer innanfor ramma av det privatkapitalistiske systemet og ein økonomisk liberalisme.

Først publisert: 18.08.2013
Sist oppdatert: 26.08.2013