Ord i valkampen
Her har vi samla ord og omgrep som dukkar opp i valkampen. Kva er eigentleg utjamningsmandat? Eller vippekandidat? Kva er direkte val og korleis fungerer valordninga i Noreg? Alt dette og mykje meir finn du svar på her!
Les også artikkelen om valordninga i Noreg.
Ord og omgrep i politikken
Direkte val |
Direkte val er ein valmetode der ein røystar direkte på dei personane ein ønskjer valde som representantar i nasjonalforsamlinga, og ikkje på eit mellomledd av valmenn, såkalla elektorar, som seinare gjer det endelege valet.
|
Handlingsregelen |
Handlingsregelen er ein regel som bestemmer kor mykje av oljeinntektene styresmaktene kan bruke kvart år.
Les heile artikkelen om handlingsregelen |
Høgre (politisk omgrep) |
Høgre er nemninga for konservative parti.
|
Konkurranseutsetjing | Konkurranseutsetjing er å la ulike verksemder konkurrere om kven som skal levere ei teneste som det offentlege finansierer. Konkurranseutsetjing fører ofte til strid i lokalpolitikken. Les heile artikkelen om konkurranseutsetjing |
Parlamentarisk leiar |
Parlamentarisk leiar er leiar for ei partigruppe i eit parlament, altså ei nasjonalforsamling.
|
Parlamentarisme |
Parlamentarisme, styreform som gir fleirtalet i Stortinget makt over regjeringa. Dersom fleirtalet i Stortinget manglar tillit til regjeringa, må regjeringa gå. Les heile artikkelen om parlamentarisme |
Privatisering | Privatisering vil seie sal av offentleg eigedom til private eller at private overtek ei oppgåve frå staten eller kommunen. Privatisering er eit heitt politisk tema. Les heile artikkelen om privatisering |
Regjering |
Regjering er leiinga for den utøvande makta i eit land. I Noreg vert regjeringa leidd av statsministeren med statsrådane som medlemer.
|
Sperregrense |
Sperregrense er ei politisk nemning knytt til valsystemet som seier kor mange prosent oppslutnad eit politisk parti må ha ved val for å få konkurrere om utjamningsmandat.
|
Statsminister |
Statsminister er sjefen for regjeringa i ein del land, mellom andre Noreg, Sverige, Danmark og Finland.
|
Stemmerett |
Stemmerett, rett til å stemme ved val av representantar til nasjonalforsamling, fylkesting og kommunestyre, forutan ved folkeavstemmingar.
|
Stortingsval |
Stortingsval vert halde kvart fjerde år innan utgangen av september månad. |
Utjamningsmandat |
Utjamningsmandat er mandat (ein stortingsplass) som etter eit val vert fordelte til dei partia som er underrepresenterte i høve til det samla røystetalet ved stortingsval.
|
Valmanntal | Valmanntal, register over dei som har stemmerett ved stortings-, fylkestings- og kommuneval. |
Valordninga i Noreg |
Valordninga i Noreg. Med valordning meiner vi dei lovene og forskriftene som regulerer korleis personar blir valde til dei folkevalde organa Stortinget, fylkestinga og kommunestyra.
|
Velferdsstat |
Velferdsstat kjem frå engelsk welfare state og er ein stat der det er eit politisk mål å oppnå ei viss grad av sosial og økonomisk utjamning.
|
Venstre (politisk omgrep) |
Venstre er nemninga for radikale og liberale politiske parti.
|
Vippekandidat |
Vippekandidat er eit politisk omgrep som skildrar kandidatar som står på vippen til å verte valde inn på til dømes Stortinget.
|
Du finn fleire artiklar om politiske omgrep her og i menyen under Samfunn/Politikk |
Sist oppdatert: 03.07.2017