Hopp til innhold
X
Innhald

Solberg-regjeringa

Solberg-regjeringa er ei fleirtalsregjering, leia av statsminister Erna Solberg, som frå 22.1.2019 består av Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Oversikt over regjeringsmedlemmane i Soberg-regjeringa. Trykk på bileta for å lese artikkelen om den enkelte statsråden.


Erna Solberg
Statsminister
Kallmyr, Jøran. Foto av Olav Heggø, Fotovisjon. Kjelde Justis- og beredskapsdep..jpg?w=600



Trine Skei Grande. Foto: Venstre, Flickr.com CC BY-SA 2.0.


Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor

Siv Jensen
finansminister

Jøran Kallmyr
justis- og innvandringsminister

Trine Skei Grande
kultur- og likestillingsminister

Ine Eriksen Søreide
utanriksminister

Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon, Samferdselsdepartementet på Flickr.com CC BY-ND


Anniken Hauglie. Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.

Ola Elvestuen Foto Venstre gjengitt etter avtale.jpg?w=600


Kjell Ingolf Ropstad. Foto: Stortinget.


Jon Georg Dale
samferdselsminister

Anniken Hauglie
arbeids- og sosialminister

Ola Elvestuen
klima- og miljøminister

Kjell Ingolf Ropstad
barne- og familieminister

Foto: Torbjørn Tandberg/ Regjeringa

Høie, Bent_80x105_Foto Bjørn Stuedal, Regjeringa.jpg?w=600


Iselin Nybø Foto Venstre gjengitt etter avtale.jpg?w=600


Sylvi Listhaug 
eldre- og folkehelseminister

Bent Høie
helseminister

Torbjørn Røe Isaksen
næringsminister

Iselin Nybø
forskings- og høgare utdanningsminister



Olaug Vervik Bollestad. Foto: Stortinget.


Harald Tom Nesvik. Foto: Stortinget.

Monica Mæland
kommunal- og moderniseringsminister

Jan Tore Sanner
kunnskaps- og integreringsminister

Olaug Vervik Bollestad
landbruks- og matminister

Harald Tom Nesvik
fiskeriminister

Nikolai Astrup. Foto: Stortinget.

Frank Bakke-Jensen. Foto: Fotograf Sturlason / Utanriksdepartementet.

Kjell-Børge Freiberg. Foto: OED/Scanpix, kjelde: regjeringa.no.

Dag Inge Ulstein. Foto: Stortinget på Flickr CC BY-NC-ND 2.0

Nikolai Astrup
digitaliseringsminister

Frank Bakke-Jensen
forsvarsminister

Kjell-Børge Freiberg
olje- og energiminister

Dag Inge Ulstein
utviklingsminister

Ingrid Smines Tybring-Gjedde. Foto: Statsministerens kontor på Flickr CC BY-NC 2.0.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde samfunnssikkerheitsminister


Tabellen ovanfor viser til ei kvar tid sitjande regjering.

 

Erna Solberg-regjeringa 2019– (Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF)

Regjeringa blei utvida 22. januar 2019 med Kristeleg Folkeparti. I tillegg til statsministeren er det 21 ministrar i regjeringa. Sitjande statsrådar står med utheva skrift:

  • Erna Solberg (H), statsminister (2013–)
  • Siv Jensen (FrP), finansminister(2013–)
  • Trine Skei Grande (V), kultur- og likestillingsminister1 (17.1.2018–)
  • Jan Tore Sanner (H), kunnskaps- og integreringsminister (17.1.2018–)
  • Monica Mæland (H), kommunal- og moderniseringsminister (17.1.2018–)
  • Bent Høie (H), helse- ogminister (2013–)
  • Ine Marie Eriksen Søreide (H), utanriksminister (20.10.2017–)
  • Torbjørn Røe Isaksen (H), næringsminister (17.1.2018–)
  • Harald Tom Nesvik (FrP), fiskeriminister (13.8.2018–)
  • Anniken Haugli (H), arbeids- og sosialminister (16.12.2015–)
  • Kjell Ingolf Ropstad (KrF), barne- og familieminister (22.1.2019–)
  • Jon Georg Dale (FrP), samferdselsminister (31.8.2018–)
  • Olaug V. Bollestad (KrF), landbruks- og matminister (22.1.2019–)
  • Frank Bakke-Jensen (H), forsvarsminister (20.10.2017–)
  • Kjell-Børge Freiberg (FrP), olje- og energiminister (31.8.2018–)
  • Åse Michaelsen (FrP), eldre- og folkehelseminister (17.1.2018–3.5.2019)
  • Sylvi Listhaug (FrP), eldre- og folkehelseminister5 (3.5.2019–)
  • Ola Elvestuen (V), klima- og miljøminister (17.1.2018–)
  • Dag Inge Ulstein (KrF), utviklingsminister (22.1.2019–)
  • Iselin Nybø (V), forsking- og høgare utdanningsminister (17.1.2018–)
  • Tor Mikkel Wara (FrP), justis- og innvandringsminister2 (4.4.2018–28.3.2019)
  • Jøran Kallmyr (FrP), justis- og innvandringsminister3 (29.3.2019)–
  • Nikolai Astrup (H), digitaliseringsminster4 (22.1.2019–)
  • Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP), samfunnssikkerheitsminister (22.1.2019–)

1Trine Skei Grande (V) gjekk 22. januar 2019 frå å vere kulturminister til å bli kultur- og likestilingsminister.

Tor Mikkel Wara (FrP) mista 22. januar 2019 ansvaret for beredskap, då dette området blei skilt ut til ein eigen statsrådpost (samfunnssikkerheitsminister) for Ingvil Smines Tybring-Gjedde (FrP).

3Jøran Kallmyr (FrP) erstatta Tor Mikkel Wara (FrP) som justis- og innvandringsminister 29. mars 2019.

4Nikolai Astrup (H) gjekk 22. januar 2019 frå å vere utviklingsminister til å bli digitaliseringsminister.

5Sylvi Listhaug (FrP) erstatta Åse Michaelsen som eldre- og folkehelseminister 3. mai 2019.

22. januar 2019 gjekk KrF inn i Solberg-regjeringa og fekk tre statsrådspostar: Kjell Ingolf Ropstad blei barne- og familieminister, Olaug V. Bollestad blei landbruks- og matminister og Dag Inge Ulstein blei utviklingsminister.

Erna Solberg-regjeringa 2018–2019 (Høgre, Framstegspartiet og Venstre)

Regjeringa blei utvida 17. januar 2018 med Venstre. I tillegg til statsministeren var det 19 ministrar i regjeringa. Sitjande statsrådar per 31.12.2018 med utheva skrift:

  • Erna Solberg (H), statsminister (2013–)
  • Siv Jensen (FrP), finansminister(2013–)
  • Trine Skei Grande (V), kulturminister (17.1.2018–)
  • Jan Tore Sanner (H), kunnskaps- og integreringsminister (17.1.2018–)
  • Ketil Solvik-Olsen (FrP), samferdselsminister (2013–31.8.2018)
  • Monica Mæland (H), kommunal- og moderniseringsminister (17.1.2018–)
  • Bent Høie (H), helseminister (2013–)
  • Ine Marie Eriksen Søreide (H), utanriksminister (20.10.2017–)
  • Torbjørn Røe Isaksen (H), næringsminister (17.1.2018–)
  • Per Sandberg (FrP), fiskeriminister (16.12.2015–13.8.2018)
  • Harald Tom Nesvik (FrP), fiskeriminister (13.8.2018–)
  • Anniken Haugli (H), arbeids- og sosialminister (16.12.2015–)
  • Linda Hofstad Helleland (H), barne- og likestillingsminister (17.1.2018–)
  • Jon Georg Dale (FrP), landbruks- og matminister (16.12.2015–31.8.2018), samferdselsminister (31.8.2018–)
  • Bård Hoksrud (FrP), landbruks- og matminister (31.8.2018–)
  • Frank Bakke-Jensen (H), forsvarsminister (20.10.2017–)
  • Terje Søviknes (FrP), olje- og energiminister (20.12.2016–31.8.2018)
  • Kjell-Børge Freiberg (FrP), olje- og energiminister (31.8.2018–)
  • Åse Michaelsen (FrP), eldre- og folkehelseminister (17.1.2018–)
  • Ola Elvestuen (V), klima- og miljøminister (17.1.2018–)
  • Nikolai Astrup (H), utviklingsminister (17.1.2018–)
  • Iselin Nybø (V), forsking- og høgare utdanningsminister (17.1.2018–)
  • Sylvi Listhaug (FrP), justis-, innvandrings- og integreringsminister (16.12.2015–17.1.2018), beredskaps- og innvandringsminister (17.1.2018–20.3.2018)
  • Tor Mikkel Wara (FrP), justis-, beredskaps- og innvandringsminister (4.4.2018–)

Sylvi Listhaug (FrP) gjekk 20. mars 2018 av som justis-, beredskaps- og innvandringsminister etter at ein samla opposisjon signerte at dei kunne stø eit mistillitsforslag mot ho i Stortinget. Fiskeriminister Per Sandberg (FrP) var fungerande justis-, innvandrings- og beredskapsminister frå  20. mars til 4. april 2018. 4. april 2018 vart Tor Mikkel Wara (FrP) utnemnd til ny justis-, beredskaps- og innvandringsminister.

13. august 2018 trakk Per Sandberg (FrP) seg som fiskeriminister etter press frå fleire medium, opposisjonspartia og offentleg kritikk frå stortingsrepresentantar i eige parti. Bakgrunnen var at Sandberg i mai og juli 2018 hadde reist til Kina og Iran, utan å følgje tryggingsreglementet til regjeringa. Same dag som Sandberg gjekk av vart Harald Tom Nesvik (FrP) utnemnd til ny fiskeriminister. 

Ketil Solvik-Olsen (FrP) trakk seg som samferdselsminister i slutten av august 2018 for å flytte til USA. Same dag vart det kjent at olje- og energiminister Terje Søviknes (FrP) også ville trekkje seg frå regjeringa. 31. august 2018 vart Jon Georg Dale (FrP) utnemnd til ny samferdselsminister og Kjell-Børge Freiberg (FrP) som olje- og energiminister. Bård Hoksrud (FrP) vart ny landbruks- og matminister etter at Dale skifta departement. 

Erna Solberg-regjeringa 2013–18 (Høgre og Framstegspartiet)

Erna Solberg si første regjering blei utnemnd i statsråd 16. oktober 2013. Solberg-regjeringa var ei mindretalsregjering utgått frå Høgre og Framstegspartiet. Dette var den første regjeringa der Framstegspartiet er med. Regjeringa ved utnemninga i oktober 2016 bestod av statsminister Erna Solberg og 17 statsrådar:

  • Erna Solberg (H), statsminister (2013–)
  • Siv Jensen (FrP), finansminister (2013–)
  • Jan Tore Sanner (H), kommunal- og moderniseringsminister (2013–18)
  • Vidar Helgesen (H), statsråd og stabssjef ved statsministerkontoret (2013–15), klima- og miljøminister (2015–18)
  • Ketil Solvik-Olsen (FrP), samferdselsminister (2013–)
  • Børge Brende (H), utanriksminister (2013–17)
  • Thorhild Widvey (H), kulturminister (2013–15)
  • Elisabeth Aspaker (H), fiskeriminister (2013–15), EU- og EØS-minister (2015–16)
  • Tine Sundtoft (H), klima- og miljøvernminister (2013–15)
  • Monica Mæland (H), næringsminister (2013–18)
  • Solveig Horne (FrP), barne- og likestillingsminister (2013–18)
  • Bent Høie (H), helse- og omsorgsminister (2013–)
  • Robert Eriksson (FrP), arbeids- og sosialminister  (2013–15)
  • Anders Anundsen (FrP), justis- og beredskapsminister (2013–16)
  • Tord Lien (FrP), olje- og energiminister (2013–16)
  • Ine Marie Eriksen Søreide (H), forsvarsminister (2013–17), utanriksminister (2017–)
  • Torbjørn Røe Isaksen (H), kunnskapsminister (2013–18)
  • Sylvi Listhaug (FrP), landbruks- og matminister (2013–15), innvandrings- og integreringsminister (tittel seinare endra til justis-, beredskaps- og innvandringsminister) (2015–18)

I regjeringsperioden var det fleire skifte av statsrådar. 16. desember 2015 gjorde Erna Solberg den første endringa i regjeringssamansetninga sidan regjeringa blei utnemnd. Då blei Sylvi Listhaug (FrP) landets første innvandrings- og integreringsminister. Jon Georg Dale (FrP) tok over hennar tidlegare rolle som landbruks- og matminister. Tine Sundtoft (H) gjekk av som klima- og miljøvernminister og Vidar Helgesen (H) blei ny klima- og miljøminister. Elisabeth Aspaker (H) tok over som EØS- og EU-minister, og Per Sandberg (FrP) tok over hennar rolle som fiskeriminister. Robert Eriksson (FrP) gjekk av som arbeidsminister. Anniken Haugli (H) blei ny arbeids- og sosialminister. Thorhild Widvey (H) blei erstatta av Linda Hofstad Helleland (H) som kulturminister. 

Det neste statsrådsskiftet var 20. desember 2016. Anders Anundsen (FrP) gjekk av, og Per-Willy Amundsen blei ny justis- og beredskapsminister. EØS- og EU-minister Elisabeth Aspaker (H) gjekk av og blei erstatta av Frank Bakke-Jensen (H). Olje- og energiminister Tord Lien (FrP) blei erstatta av Terje Søviknes (FrP).

Regjeringspartia fekk fornya tillit ved stortingsvalet 2017, og Solberg-regjeringa er inne i sin andre periode. I Solberg-regjeringa utnemnd i statsråd 20. oktober 2017 blei Ine Eriksen Søreide utnemnd til ny utanriksminister, etter at Børge Brende tidlegare varsla at han ville gå av. Søreide blei med dette Noregs første kvinnelege utanriksminister. Ho kom frå posten som forsvarsminister. Søreide blei erstatta av Frank Bakke-Jensen, som hadde vore EU- og EØS-minister sidan 2016. Marit Berger Røsland (H) kom inn som ny EU- og EØS-minister. 

Kjelder

Regjeringa: «Offisielt fra statsråd 16. oktober 2013 kl. 12.00», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 20.10.2017]

Regjeringa: «Erna Solbergs regjering 2013 -», regjeringa.no, sist oppdatert 3.11.2014: https://www.regjeringen.no/no/om-regjeringa/tidligere/ministerier_regjeringer/nyere_tid/regjeringer/erna-solbergs-regjering/id742981/ [lesedato 20.10.2017]

Regjeringa: «Offisielt fra statsråd 16. desember 2015», regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 20.10.2017]

Regjeringa: «Offisielt frå statsrådet 20. desember 2016», regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 20.12.2016]

Pressemelding 20.10.2017: «Endringer i regjeringen», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-regjeringen/id2576271/?utm_source=www.regjeringen.no&utm_medium=rss&utm_campaign=Endringer%20i%20regjeringen [lesedato 20.10.2017]

Regjeringa: «Offisielt fra statsråd 20. oktober 2017», regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 20.10.2017]

Pressemelding 17.1.2017: «Endringer i regjeringen», regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-regjeringen/id2586129/ [lesedato 17.1.2018]

Regjeringa: «Offisielt frå statsrådet 17. januar 2018», regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 17.1.2018]

Regjeringa: «Offisielt fra statsråd 4. april 2018», regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 4.4.2018]

Regjeringa: «Offisielt fra statsråd 13. august 2018», regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-16-oktober-2013-k/id742887/ [lesedato 13.8.2018]

Regjeringa: «Offisielt fra statsråd 31. august 2018», regjeringa.nohttps://www.regjeringen.no/no/aktuelt/offisielt-fra-statsrad-31.-august-2018/id2609652/ [lesedato 31.8.2018]

Regjeringa: «Endringar i regjeringa», regjeringa.no, publisert 22.1.2019: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringar-i-regjeringa/id2626334/ [lesedato 22.1.2019]


Foto

Solberg-regjeringa: Torbjørn Kjosvold, Forsvaret / Statsministerens kontor, flickr.com CC BY-NC 2.0.

Siv Jensen: Rune Kongsro/Regjeringa.

Tor Mikkel Wara. Foto: Olaf Heggø, Fotovisjon/Regjeringa.

Trine Skei Grande. Foto: Venstre, flickr.com CC BY-SA 2.0.

Ine Eriksen Søreide: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.

Jon Georg Dale: Olav Heggø/Fotovisjon, Samferdselsdepartementet på flickr.com CC BY-ND.

Anniken Haugli: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.

Ola Elvestuen: Venstre. Nytta etter avtale.

Kjell Ingolf Ropstad: Stortinget.

Sylvi Listhaug: Torbjørn Tandberg / Regjeringa.

Bent Høie: Bjørn Stuedal/Regjeringa.

Torbjørn Røe Isaksen: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor.

Iselin Nybø: Venstre. Nytta etter avtale.

Monica Mæland: Hans Jørgen Brun/Regjeringa

Jan Tore Sanner: Stortinget.

Olaug Vervik Bollestad: Stortinget.

Harald Tom Nesvik: Stortinget.

Nikolai Astrup: Stortinget

Frank Bakke-Jensen: Fotograf Sturlason/Utanriksdepartementet.

Kjell-Børge Freiberg: Stortinget.

Dag Inge Ulstein: Stortinget på flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Ingvil Smines Tybring-Gjedde: (utsnitt) Torbjørn Kjosvold, Forsvaret / Statsministerens kontor, flickr.com CC BY-NC 2.0.

Først publisert: 14.03.2014
Sist oppdatert: 03.05.2019