Hopp til innhold
X
Innhald

Telemark fylke

Telemark er eit kontrastfylt fylke. Det går eit kulturskilje mellom dei indre og dei ytre (nedre) områda. Medan dei indre stroka har hatt kontakt vestover og sørover, har dei kystnære områda hatt mykje sjøverts kontakt med andre land. Grenlandsområdet har 70 % av innbyggjarane i fylket og er tettbygd, medan indre Telemark har mange grisgrendte fjellkommunar.

Telemark har vore eige fylke sidan 1662. Fylkeshovudstaden Skien har ei byhistorie som strekkjer seg tilbake til mellomalderen, og heile Grenlandsdistriktet har i lengre tid hatt eit svært urbant preg, med tett busetnad og omfattande industri. Også delar av indre Telemark har rike industritradisjonar og ein sterk arbeidarkultur, særleg Notodden og Rjukan, der Norsk Hydro bygde opp ein omfattande produksjon.

Lenger mot vest var kommunikasjonane dårlege fram til Telemarkskanalen stod klar i 1892. I desse områda har ein i sterk grad halde i hevd den gamle bondekulturen, med mellom anna folkemusikk og tradisjonelt handverk. I våre dagar er mykje av indre Telemark prega av stagnasjon i folketal, arbeidsplassar og næringsliv.

Miljø og klima

Kyststripa i Telemark har ein middeltemperatur på ca. –2 °C midtvinters. Innlandet er langt kaldare, men dei mange og store innsjøane dempar vinterkulda. Fylket har relativt lite nedbør og vind. Grenlandsområdet har mykje skodde. Utsleppa frå industrien i området har gått kraftig ned dei siste tiåra, men sjøvatnet i Telemark er framleis mykje ureina mange stader.

Telemark har omtrent like mykje furudominert skog (36 %) som granskog (36 %), medan kring ein fjerdepart av skogen i fylket er lauvskog. Fylket har mange bratte lier, og varmekjær vegetasjon trivst godt også i innlandet. Fleire stader finst innslag av urskog. Langs kysten ligg det område med kalkfjell og annan næringsrik berggrunn.


TELEMARK isklatring Rjukan foto grob831 flickr CC BY SA 2.jpg?w=600

Isklatring i Rjukan. Foto: grob831, flickr.com CC BY SA 3.0

Telemark har mykje hjortevilt og er eit av dei største tamreinfylka i landet. Av dei store rovdyra er det berre gaupe det er ein fast bestand av i fylket. Skiensvassdraget og Herrevassdraget har laksestammar. I Kragerøvassdraget er vill-laksen utdøydd, truleg for fleire hundre år sidan.

Berggrunnen i fylket kan delast i tre hovuddelar. Aust for Skien ligg Oslofeltet, med magmatiske bergartar frå permtida. På Hardangervidda i nordvest dominerer omdanna kambrosiluriske sediment, medan resten av fylket høyrer til det sørnorske grunnfjellsområdet. Landskapet i fylket er kupert og ueinsarta, utan lange, rettlina dalar som ein finn elles på Austlandet. Dei høgaste fjella ligg i nordaust, med Gaustatoppen (1883 moh.) som den høgaste nuten.

Historie

Dei første menneska i Telemark budde langs kysten, slik det er vanleg elles i landet. Det er i dei ytre områda av fylket at det er gjort flest funn frå steinalderen. Men dei indre stroka har store ressursar, som blei tekne i bruk alt i førhistorisk tid. I Eidsborg starta produksjon av brynestein på 700-talet, og dette blei etter kvart ein stor eksportartikkel, for desse brynesteinane er funne i fleire utgravingar over heile Europa. Produksjonen i Eidsborg heldt fram til 1950-åra.

Telemark er blant fylka i Noreg der det først blei starta gruvedrift. Alt i 1520-åra sende kongen tyske bergmenn hit for å skjerpe. I Gullnes i Seljord blei det teke ut koparmalm som inneheldt sølv, og den første norske dalaren blei utmynta i Skien i 1546 av sølv derifrå. Fem år tidlegare kom det i gang bergverk i Moisberg i Fyresdal, basert på førekomstar av kopar. Gruvedrifta førte til store konfliktar med bøndene, og det kom til valdeleg opprør.

Fylket utvikla utover på 1600- og 1700-talet ein omfattande industri, med fleire jernverk (Fossum, Ulefoss, Bolvig og Moholt). Skien og Porsgrunn voks fram som sentrum for trelasthandelen, med omfattande eksport, og etter kvart blei det etablert eigen skipsfart og skipsbyggingsindustri her. Skien fekk jernbanesamband via Vestfold til hovudstaden i 1882. Ti år seinare opna Telemarkskanalen mellom Skien og Dalen. Kanalen blei ei viktig transportåre mellom dei indre og dei ytre delane av fylket og fekk mykje å seie for reiselivet i Telemark.

Frå dei indre dalføra kom fleire viktige idrettsutøvarar som bidrog til å setje moderne skipsport på kartet, mellom dei Sondre Norheim frå Morgedal. I 1868 vann han eit skirenn i Kristiania med både langrenn, hopp og slalåm. Norheim brukte mellom anna ski med innsvinga sider, i nyare tid kjent som telemarksski.

I 1905 blei Norsk Hydro grunnlagt, etter at ingeniøren Sam Eyde saman med professor Kristian Birkeland utvikla ein metode for å framstille kunstgjødsel basert på nitrogen frå lufta. Selskapet bygde opp ei omfattande verksemd i Telemark, med kunstgjødselfabrikkar på Notodden, i Rjukan og på Herøya. Arbeidarrørsla har hatt ein sterk posisjon i fylket. I 1931 blei det sett inn militære mannskap mot streikande arbeidarar ved Menstad i Skien under det såkalla «Menstadslaget».

rjukan norsk hydro foto Astrid Westvang CC BY SA 3.jpg?w=600

Rjukan: Norsk Hydro. Foto: Astrid Westvang CC BY SA 3.0

Under andre verdskrigen produserte Norsk Hydro aluminium og tungtvatn for Tyskland, noko som førte til allierte aksjonar. Aluminiumsfabrikken på Herøya blei bomba av allierte fly i 1943, noko som førte til store sivile tap, medan fabrikken på Vemork, som framstilte tungtvatn, blei øydelagd i ein dristig sabotasjeaksjon. Etter at produksjonen kom i gang att, senka sabotørar ei jernbaneferje på Tinnsjøen for å hindre transport av lut med tungtvatn til Tyskland.

Sosiale forhold

Fylket ligg eit stykke nede på inntektsstigen samanlikna med landet elles. Telemark har ein større del av folket i låginntektsgruppene og færre i høginntektsgruppene enn Noreg samla sett. I 2013 tente 28 % av hushalda under 350 000 og 19 % over 1 million kroner, mot høvesvis 24 og 23 % i landet totalt. Utdanningsnivået er lågt – 24 % av folket har høgare utdanning, mot 30,4 % i Noreg totalt. Også den forventa levealderen ligg litt under landsgjennomsnittet. Mennene i fylket kan rekne med å bli 77,8 år gamle og kvinnene 82,2 år, mot høvesvis 78,4 og 82,9 år for heile landet. Talet på melde lovbrot per innbyggjar ligg godt over landsgjennomsnittet, det same gjeld talet på røykjarar. 29 % av dei vaksne telemarkingane røykjer dagleg eller av og til, mot 26 % blant alle nordmenn. 12,8 % av folket er medlemer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, dei aller fleste i andre kristne kyrkjesamfunn (landsgjennomsnittet er 11,5 %).

Næringsliv

Telemark er og har vore eit viktig industrifylke. Norsk Hydro er ei sentral bedrift, som bygde opp store elektrokjemiske fabrikkar med tilhøyrande industrisamfunn på Notodden, Rjukan og i Grenlandsområdet. I nyare tid har Hydro trappa ned aktiviteten i fylket, men verksemda eig framleis industriparken på Herøya i Porsgrunn, som er ein av dei største industriarbeidsplassane i landet, med omkring 2500 tilsette. Ein stor del av aktiviteten i parken er knytt til kjemisk industri. Nabobyen Skien har òg ei lang historie som trelast- og industriby. Etter at papirfabrikken Union blei nedlagd i 2006, er dei største industrigreinene i Skien verkstadindustri, elektroteknisk industri, grafisk industri og næringsmiddelindustri. Andre viktige verksemder i Grenlandsområdet inkluderer sementfabrikken i Brevik (Norcem), Porsgrunds Porselænsfabrik og industriparkane på Rønningen og Rafnes i Bamble, med omfattande petrokjemisk industri.

Landbruket i Telemark har innslag av korndyrking, hagebruk og fruktdyrking, men den dominerande driftsforma er grasproduksjon med husdyrhald. Jordbruksnæringa har best vilkår i kyststroka og dei midtre områda av fylket. 2,2 % av dei yrkesaktive i fylket arbeider i primærnæringane (mot 2,4 % i landsgjennomsnitt).

kragerø foto Ania flickr com CC BY SA 3.jpg?w=600

Kragerø. Foto: Ania, flickr.com CC BY SA 3.0

Tenesteytande næringar sysselset ca. 73 % av dei yrkesaktive i Telemark (mot 77 % i heile landet). Fylket har mange reisemål, blant dei største er Bø Sommarland og Telemarkskanalen. Også kysten av Telemark har stor turisttrafikk i sommarsesongen. I indre strok ligg fleire skisenter. På grunn av presset frå turismen er Telemark det fylket i landet med flest kommunar (10) som har innført såkalla nedsett konsesjonsgrense. Det vil seie at heilårsbustader er omfatta av buplikt og ikkje skal nyttast som fritidsbustader.


Sjå video frå NRK Skole om fruktkommunen Sauherad:

Samferdsel og kommunikasjon

Tre jernbaner går gjennom Telemark: Sørlandsbana, som går frå Stavanger via Agder gjennom dei midtre delane av fylket til Drammen, Bratsbergbana, ei sidelinje frå Nordagutu til Skien, og Vestfoldbana, som går frå Skien via Vestfold til Drammen. Fylket har to flyplassar med rutetrafikk i mindre omfang, Skien og Notodden. Telemark har to europavegar: E18, som går gjennom kystområda frå grensa mot Vestfold til grensa mot Aust-Agder, og E134 frå grensa mot Buskerud gjennom dei indre delane av fylket via Notodden, Hjartdal og Vinje til fylkesgrensa mot Hordaland på Haukelifjell. Fylket har òg ei rekkje andre viktige gjennomfartsvegar, mellom dei riksveg 36 mellom Seljord og Porsgrunn, og riksveg 41 frå Brunkeberg og sørover i retning Kristiansand. Frå Langesund går det båtrute til Hirtshals i Danmark.

TELEMARK kanal med båt foto Kåre S Pedersen med løyve for Allkunne.jpg?w=600

Telemarkskanalen. Foto: Kåre S. Pedersen, med løyve for Allkunne.

Administrativ og historisk inndeling

Telemark fylke har desse 18 kommunane: Bamble, Bø, Drangedal, Fyresdal, Hjartdal, Kragerø, Kviteseid, Nissedal, Nome, Notodden, Porsgrunn, Sauherad, Seljord, Siljan, Skien, Tinn, Tokke og Vinje. Notodden, Porsgrunn og Skien er historiske byar. Brevik (i Porsgrunn), Kragerø, Langesund og Stathelle (begge dei sistnemnde i Bamble) er tidlegare byar som miste bystatusen ved kommunereguleringar i 1960-åra, men som fekk statusen tilbake etter 1995. Også Rjukan (i Tinn) har fått bystatus, slik at fylket no har åtte byar.

Telemark hadde på det meste, frå 1913 til 1960, 32 kommunar. I 1960 blei Skåtøy og Sannidal slått saman med Kragerø. Fire år seinare gjekk Brevik og Eidanger inn i Porsgrunn. Skien tok opp i seg Gjerpen og Solum, medan Heddal og storparten av Gransherad gjekk inn i Notodden. Langesund og Stathelle blei slått saman med Bamble, Hovin med Tinn og Rauland med Vinje. Lunde og storparten av Holla danna saman den nye kommunen Nome, medan Mo og Lårdal blei til nye Tokke kommune.

1.1.2020 slår Bø og Sauherad seg saman til ein kommune.

Telemark blei oppretta som eige amt i 1662 med namnet Bratsberg, og fekk det noverande namnet i 1919. Fylket blir i mange samanhengar delt i tre regionar: Grenlandsområdet (Bamble), Midtre Telemark (Aust-Telemark) og Vest-Telemark.

Telemark blir slått saman med Vestfold frå 1.1.2020.

galleri

Demografi

Telemark har noko lågare folketettleik enn landet samla sett. Også urbaniseringsgraden ligg litt under landsgjennomsnittet – 77 % av folket bur i tettbygde strok, mot 80 % for Noreg som heilskap. Tettast bur folket langs kysten, medan innlandet er meir grisgrendt. Det største samanhengande tettbygde området er Porsgrunn/Skien. Her bur det 90 821 menneske, godt over halvparten av innbyggjarane i fylket. Andre byar og større tettstader er Notodden (8825 innbyggjarar i det tettbygde området), Kragerø (5446 innb.), Rjukan (3309 innb.) og Bø (2929 innb.). Innbyggjartala er frå 2014.

Folketalet i Telemark har auka dei fleste åra sidan 1950, med unntak av ein stagnasjonsperiode i 1980-åra og første halvdel av 1990-åra. I 1950-åra og først i 1960-åra var veksten stor, mest på grunn av høge fødselsoverskot. Seinare minka fødselsoverskotet, og Telemark har hatt fødselsunderskot dei fleste åra sidan 1980. Samstundes har fylket for det meste hatt netto innflytting, med unntak av ein periode nokre år kring 1970 og ein ny periode kring 1990. Frå 2007 har innflyttinga auka på grunn av innvandring. I 2014 var 10,9 % av innbyggjarane i Telemark fødde i utlandet.

Samfunnsorganisasjon

Administrasjonen til Telemark fylkeskommune ligg i Skien, med eigne avdelingar for areal og transport, regional utvikling, vidaregåande opplæring og tannhelse. Fylkeskommunen har vidaregåande skular i Bamble, Bø, Skien, Kragerø, Notodden, Porsgrunn, Rjukan, Ulefoss, Lunde, Dalen og Seljord, og fagskule i Porsgrunn. Fylket har tre folkehøgskular.

Telemark er omfatta av fire regionråd: Grenlandssamarbeidet (kommunane Bamble, Drangedal, Kragerø, Porsgrunn, Siljan og Skien), Midt-Telemarkrådet (Bø, Nome og Sauherad), Vest-Telemarkrådet (Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje) og Kongsbergregionen (Hjartdal, Notodden og Tinn, saman med fleire kommunar i Buskerud).

Fylket ligg under Agder lagmannsrett og er delt i tre tingrettsdistrikt: Nedre Telemark, Aust-Telemark og Vest-Telemark. Telemark er ein del av Sør-aust politidistrikt. Fylket høyrer til Helseregion Sør-Aust og utgjer eitt helseføretak, Sjukehuset Telemark, med sjukehus i Skien, Porsgrunn, Notodden, Rjukan og Kragerø. Telemark ligg under Vegregion Sør og utgjer ei eiga vegavdeling under Statens vegvesen. Fylket høyrer til Agder og Telemark bispedøme og er delt i fire prosti: Skien, Bamble, Aust-Telemark og Vest-Telemark.

Telemark fylkeskommune er medlem av Østlandssamarbeidet, eit nettverkssamarbeid mellom dei åtte austlandsfylka.

Politikk

Arbeidarpartiet har vore det største partiet ved alle fylkestingsvala i Telemark sidan 1975, men fylkestinget har hatt borgarleg fleirtal sidan 1995, og i denne tida har skiftevis Høgre og Senterpartiet hatt fylkesordføraren. Frå 2015 er Sven Tore Løkslid (Ap) fylkesordførar og Hans Edvard Askjer (KrF) er varaordførar.

Blant stortingsrepresentantane frå Telemark har det dei siste tiåra vore ei nokså jamn fordeling mellom den sosialistiske og den borgarlege sida. Ein av dei sentrale politikarane var John Alvheim, som ei tid sat som leiar av Sosialkomiteen og som andre nestleiar i Framstegspartiet. Torbjørn Røe Isaksen (H) frå Porsgrunn har sidan 2013 vore kunnskapsminister. Han er ein av dei fremste ideologane i Høgre og har skrive fleire bøker. Ein annan profilert politikar frå Telemark i regjeringa er Bård Hoksrud (FrP), statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Frå Telemark kjem ein av dei førande norske politikarane tidleg på 1900-talet, Gunnar Knudsen. Han var leiar for Venstre i 1909–27 og statsminister i Noreg i 1908–10 og 1913–20. Kristin Halvorsen, leiar for SV i 1997–2012, voks opp i Porsgrunn.

Språk

Telemark fylkeskommune er nøytral når det gjeld målform, det same er fylkesmannsembetet i fylket. Ti av kommunane i fylket er språkleg nøytrale, medan åtte nyttar nynorsk (Bø, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje).

Telemark er det fylket utanfor Vestlandet der nynorsken har hatt sterkast posisjon, men målforma har dei siste tiåra vore på vikande front i dei midtre bygdene. 91 % av elevane i grunnskulen i Telemark har bokmål som opplæringsmål, medan 9 % har nynorsk. Av innvandrarspråk er somalisk, arabisk, albansk, thai og persisk dei mest vanlege, målt etter kor mange elevar som har opplæring i andre morsmål i grunnskulen.

Telemark har mange ulike dialektar. Hovudgrensene mellom austnorsk og vestnorsk går gjennom fylket. Den sørvestlege delen har e‑mål, medan resten har austnorsk kløyvd infinitiv. Grensa for tjukk l deler fylket omtrent på midten. I ein del av dei indre bygdene blir ll til dd, slik som i indre Agder (fjell = fjødd). Heile fylket har a‑ending i bestemt form av svake hokjønnsord (visa). Den austlege og ytre delen har og ‑a i sterkt hokjønn (sola), medan dei indre bygdene har solæ, sole eller soli. Mesteparten av Telemark har r‑ending i ubestemt form fleirtal av substantiv (hestar, visur eller viser).

Kunst, kultur og idrett

Telemark har desse avisene (med utgivarstad og opplagstal for 2014): Varden (Skien, 20 237), Telemarksavisa (Skien, 18 442), Vest-Telemark Blad (Kviteseid, 5521), Telen (Notodden, 4414), Porsgrunns Dagblad (Porsgrunn, 4078), Kragerø Blad Vestmar (Kragerø, 4003), Bø Blad (Bø, 2622), Rjukan Arbeiderblad (Rjukan, 2238), Drangedalsposten (Drangedal, 2096) og Kanalen (Ulefoss, 1893).

NRK Telemark var tidlegare eit eige distriktskontor. Det er no slått saman med distriktskontora i Buskerud og Vestfold til NRK Østafjells, som har hovudkontor i Porsgrunn, men NRK har framleis eigne radiosendingar og nettsider for fylket.

I fylket ligg Høgskolen i Telemark, med studiestader i Bø, Notodden, Porsgrunn, Rauland og Drammen. Høgskulen gir tilbod om studium innanfor områda helse- og sosialfag, pedagogikk, ingeniørfag/teknologi, kunst/design/tradisjonskunst, natur/miljø, informatikk/økonomi/ administrasjon, kultur/språk/historie og idrett/kroppsøving/friluftsliv. Høgskulen arbeider for å oppnå universitetsstatus innan 2016.

Musea i Telemark er etter museumsreforma på 2000-talet organiserte under tre einingar: Telemark Museum, Vest-Telemark Museum og Norsk Industriarbeidermuseum. Det sistnemnde har lokale i den gamle kraftstasjonen på Vemork ved Rjukan. Teater Ibsen er regionteater for Vestfold og Telemark, med base på Klosterøya i Skien.

skien brekketrappa med sitat frå peer gynt skien ibsens føldeby foto sven kåre evenseth CC BY SA 3.jpg?w=600


Brekketrappa i fødebyen til Henrik Ibsen, Skien, har sitat frå Peer Gynt. Foto: Sven- Kåre Evenseth CC BY SA 3.0

Telemark er eit fylke med ein sterk historisk identitet og ein særprega kulturarv. Fylket har ikkje minst fostra mange framståande folkemusikarar, mellom dei Myllarguten (Torgeir eller Tarjei Augundsson), Knut Buen, Sondre Bratland, Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland. Dei indre delane av Telemark har saman med bygdene i Hallingdal, Numedal og Setesdalen vore sentrale i utviklinga av rosemålinga. Høgskolen i Telemark omfattar Institutt for folkekultur på Rauland, der det blir gitt utdanning i folkemusikk og tradisjonsbasert design og handverk innanfor tre, metall og tekstil (folkekunst). Frå Telemark kjem elles forfattarar som Henrik Ibsen (fødd i Skien), Aslaug Vaa og Tarjei Vesaas, og utøvarar av moderne populærmusikk som Dizzie Tunes og Knut Storbukås, betre kjend som Sputnik.


TELEMARK Vinjestoga Vinje Aasmund Nordstoga foto Allkunne.jpg?w=600

Aasmund Nordstoga utanfor Vinjestoga i Vinje. Foto. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne

I Telemark blir det arrangert ei rekkje festivalar innanfor ulike kulturuttrykk. Folkekunst og folkemusikk har ein viktig plass i fylket, med Rauland internasjonale vinterfestival og Telemarksfestivalen i Bø. Notodden Blues Festival er den einaste knutepunktfestivalen i fylket. Dyrsku’n i Seljord har djupe historiske røter som landbruks- og handelsmesse, og har kvart år hundrevis av utstillarar og eit omfattande program.

Fotballklubben Odd Grenland er den einaste frå Telemark som har hevda seg i norsk toppfotball dei siste åra. Spissen Frode Johnsen har vore toppscorar i Eliteserien tre gonger sidan 2001.

Kjelder

Johan E. Holand (red.): Bygd og by i Norge. Telemark. Oslo 1975

Egil Mikkelsen: Fra jeger til bonde. Utviklingen av jordbrukssamfunn i Telemark i steinalder og bronsealder. Oslo 1989

Rune Eriksen mfl.: Statistikk over skogforhold og ‑ressurser i Telemark. Landsskogtakseringen 2000–2004. NIJOS-ressursoversikt 5/06: http://www.skogoglandskap.no/filearchive/telemark_rapp.pdf [lesedato 12.6.2015]

Jernbaneverket: «Sørlandsbanen», publisert 30.4.2013: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Sorlandsbanen [lesedato 12.6.2015]

Jernbaneverket: «Bratsbergsbanen», publisert 30.4.2015: http://www.jernbaneverket.no/no/Jernbanen/Banene/Bratsbergbanen [lesedato 13.6.2015]

Lovdata: «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Telemark fylke»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2007-04-01-378/KAPITTEL_8 - KAPITTEL_8 [lesedato 12.6.2015]

Medienorge: «Opplagstall norske aviser», medienorge.no: http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&page=avis&queryID=190 [lesedato 12.6.2015]

Miljøstatus: «Telemark», fylker.miljostatus.no: http://fylker.miljostatus.no/telemark/ [lesedato 12.6.2015]

Språkrådet: «Tenestemål i fylkesmannsembeta», oversikt per 19.6.2009: http://www.sprakradet.no/upload/3965/Tenestem%C3%A... [lesedato 12.6.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Statistikkbanken», tabell 05212 (folkemengd, etter kjønn og tettbygd/spreiddbygd strok, 2014), tabell 07109 (utanlandsfødde, 2015), tabell 07184 (hushald, etter storleiken på samla inntekt, 2013), tabell 08921 (personar 16 år og over, etter kjønn, alder og utdanningsnivå, 2014), tabell 07662 (daglegrøykjarar og av-og-til-røykjarar, 2010–14), tabell 08486 (lovbrot melde, etter kategori, type og gjerningsstad, 2014), tabell 08531 (medlemer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2014) og tabell 07984 (sysselsette per 4. kvartal etter bustad, arbeidsstad, kjønn, alder og næring, 2014): http://www.ssb.no/ [lesedato 12.6.2015]

Geir Thorsnæs: «Byer i Norge», snl.no, sist oppdatert 26.3.2013: https://snl.no/Byer_i_Norge [lesedato 12.6.2015]

Store norske leksikon: «Telemark», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/Telemark [lesedato 12.6.2015]

Høgre: Avtale om kommune- og regionreformane mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folekparti og Venstre. [lesedato 22.2.2017)

Meld.St. 22 (2015-2016) Nye folkevalgte regioner - rolle, struktur og oppgaver

Peikarar

Nettsidene til Telemark fylkeskommune

Først publisert: 26.10.2015
Sist oppdatert: 03.01.2018