Hopp til innhold
Terje Hellesen. Foto henta frå samlaget.no. Nytta etter avtale.
Terje Hellesen. Foto henta frå samlaget.no. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Terje Hellesen

Terje Hellesen er ein forfattar frå Florø som skriv i fleire sjangrar. I romanane hans opptrer fleire forteljarar, slik at ulike handlingsstrådar vert vovne saman, gjerne med innslag som inviterer lesaren til å reflektere over det fortalde.

Terje Hellesen er fødd 17. mai 1973 i Florø og bur no på Nesttun i Bergen. Han tok eksamen ved Flora videregående skole i 1992 og er cand.philol., med hovudfag i filosofi, frå Universitetet i Bergen i 2004. Han har òg eksamen i nordisk språk og litteratur ved Høgskulen i Volda (2018).

Hellesen har vore forfattar sidan 2005, då han debuterte med diktsamlinga Noko av deg lever andre stader. Ved sida av skrivinga har han i periodar vore lærar, og han har vore redaktør både i Fagbokforlaget og i barnebokklubben Blåmann.

Hellesen har samarbeidd med andre kunstnarar i ulike samanhengar. «Prosjekt Pripyat» var eit samarbeidsprosjekt med fotografane Børge Bjerck og Skjalg Ekeland, støtta av Fritt Ord og den norske ambassaden i Ukraina, med utstillingar i Kiev, Lviv og innkjøpt av Tsjernobylmuseet. Dette tekst/bilete-prosjektet var òg utstilt på Kystmuseet i Florø (2011) og Bryggens Museum i Bergen (2012).

Etter bokdebuten har Hellesen, som skriv seg T. Hellesen når han er skjønnlitterær forfattar, gitt ut tre bøker og har vore medredaktør og bidragsytar i ei fagbok om den franske filosofen Gilles Deleuze, Deleuze i vest (2018).

Kvalen Blå dansar salsa (2008) er ei fantasifull forteljing for barn, illustrert av Anna Fiske. Ein kval, ein døv gut og ein bakterie som leitar etter ein kropp å slå seg ned i, ber alle tre på ein lengt som dei freistar å gjere til røyndom.

Akselerare (2006) er ein roman om oppbrot, kjærleik, splintring og heimløyse. Ein jazzmusikar bryt opp frå eit kjærleiksforhold, kjøper ein gamal gravferdsbil og vert kyrkjeverje i ei bygd på Vestlandet. Handlinga er formidla gjennom ulike forteljarar, tidsbrot og framandgjerande innslag. Slik får vi presentert bitar av ulike identitetar og menneskelagnader som er bundne saman med band dei ikkje maktar å frigjere seg frå, formidla gjennom eit sterkt ekspressivt språk.

Også i romanen Soma (2008) møter lesaren fleire forteljarstemmer, der ulike handlingstrådar og tidsplan er vovne saman til ei forteljing om identitet, røyndom og relasjonar. Handlinga er lagd til Berlin i notid og fortid, der historiske personar som Marlene Dietrich, Aldous Huxley og Aleister Crowley er viktige innslag i ein tekstvev som inviterer lesaren til å reflektere over grensene for liv og eksistens. «Soma» er opphaveleg namnet på ein rituell rusdrikk i austlege religionar, ein drikk som kan gi både syner, blikk for nye samanhengar og lykkekjensle. Men soma kan òg tilsløre og verke sløvande. Underhaldning er vår tids soma, heiter det ein stad i Soma, som både kan lesast som ein roman om kunstens funksjon i vår tid og om forholdet mellom fiksjon og røyndom.

Kjelder 

Telefonsamtale med Terje Hellesen 3.2.2019

«Terje Hellesen», forfattarpresentasjon, forfatterkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/terje-hellesen/ [lesedato: 9.5.2019]

Peikarar

Forfattarside om Terje Hellesen på nettstaden «Forfattarar frå Sogn og Fjordane», forfattarar.sfj.no http://forfattarar.sfj.no/terje-hellesen/

Først publisert: 20.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019