Hopp til innhold
Foto: Espen Gees/ Samlaget
Foto: Espen Gees/ Samlaget
X
Innhald

Terje Torkildsen

Terje Torkildsen, forfattar av ungdomsbøker, «morolog», skodespelar og miljøaktivist.

Terje Torkildsen er fødd i Stavanger 10. juni 1971, der han òg er busett. Han er utdanna lektor, med hovudfag i nordisk frå Høgskolen i Agder (1996). Han har arbeidd som drosjesjåfør, lektor og prosjektleiar i Miljøheimevernet og Grønn Hverdag 1998–2007 og vore komikar på heiltid sidan 2008.
Torkildsen debuterte med ungdomsromanen Marki Marco i 2008. Det er ein spenningsroman med kjærleik, action og eit intrikat plot. Boka blei utvikla saman med elevar på 10. trinn ved St. Svithun skole i Stavanger.
Mellom 2009 og 2012 ga han ut dei fire ungdomsbøkene i tetralogien DYSTOPIA2014. Ei gruppe elevar på skuletur til London blir ramma av ein naturkatastrofe, og hovudpersonane blir sette på prøve.
Torkildsen har medverka i fleire  spelefilmar, Alt for Egil og Monstertorsdag (2004), Eventyrland (2013) og i filmen Mongoland (2001) spela han den prinsippfaste taxisjåføren TT. I 2013 gav han ut boka Taxi! der han og standupkollega Hans Morten Hansen skriv forteljingar om tida da dei køyrte taxi på 1990-talet. Som komikar gjennom 15 år har han utvikla sin eigen sjanger, «morologi», og han framførte sin første morolog på Cafe Sting i 2002.
Saman med Siri Kalvig var han programleiar i serien «Himmel og hav» på TV2 i 2007. Vi har òg sett han som KID-nummerentusiast i e-fakturaforeininga og i andre reklamefilmar og kortfilmar.
Torkildsen er vararepresentant for Miljøpartiet De Grønne i Stavanger bystyre (2011-2015). Han var leiar i Studentmållaget i Kristiansand og medlem av landsstyret til Norsk Målungdom 1995–96. Han fekk tildelt Noregs Mållags målblome i 2008 for arbeidet sitt for nynorske parallellklassar.
Han fekk UPrisen i 2009 for Marki Marco og for Dystopia III i 2012. I 2019 blei Arrfjes (2015) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

Kjelder

Svein Olav B. Langåker: «Her er dei ti beste nynorske ungdomsbøkene i dette årtusenet», framtida.no, publisert 5.11.2019: https://framtida.no/2019/11/05/her-er-dei-ti-beste-nynorske-ungdomsbokene-i-dette-artusenet [lesedato 6.11.2019]

Forfattarside om Terje Torkildsen, Det Norske Samlaget, samlaget.no, http://samlaget.no/Forfattarar/T/Terje-Torkildsen.aspx [lesedato 27.10.2010]

Nettstaden til Terje Torkildsen: http://www.terjetorkildsen.no/ [lesedato 12.6.2012 og 16.1.2014]

Peikarar

Først publisert: 27.10.2010
Sist oppdatert: 07.11.2019