Hopp til innhold
X
Innhald

Terje Tørrisplass

Terje Tørrisplass er ein norsk naturlyrikar og skogsarbeidar. Sorg, sakn og relasjonen mellom natur og menneske står sentralt i diktinga hans. Med enkle linjer opnar han store landskap i lesaren.

Terje Tørrisplass er fødd 19. januar 1957 i Nesbyen i Hallingdal og voks opp på småbruket Tørrisplassen i Børtnesøygardane på Bromma. Han budde på Ringerike frå 1985 til 2002 og er i dag busett i barndomsheimen. Han utdanna seg til agronom ved Lien Landbruksskule i Ål i 1976–77.

Etter avtent verneplikt var han tilsett som skogsarbeidar i Drammensdistriktets Skogeierforening, seinare hos Viken Skog, frå 1978 til 2006. Sidan då har han vore sjølvstendig næringsdrivande skogsarbeidar og forfattar.

I sitt daglege arbeid som skogsarbeidar står Tørrisplass nær på vekslingane og livet i naturen. Refleksjonar rundt tette relasjonar mellom menneske og natur står sentralt i forfattarskapen. Sorg og sakn er andre grunnleggjande tema i diktinga hans. Tørrisplass miste bror sin då han var åtte år gamal. Døden sitt nærvær i alle livsfasar har difor vore med på å prege tematikken i bøkene hans.

Tørrisplass debuterte i 2010 med Eg byggjer ikkje byar, der dikta har møtet med den polske kunstmålaren Jacek Yerka som inspirasjonskjelde. Glenne (2013) er ei samling der skogen, naturen og småbruket vert skildra som ein tilstand, ein røyndom som mennesket lever i. Dyr døyr, nærståande menneske døyr. Lomen svarar meg i blanke timar (2016) inneheld dikt om tap av nære menneske og dei store overgangane i livet. Fram mellom dikta stig forteljinga om faren, båten hans og lomen sine skrik. Naturen gir forsoning, trøyst og ro, og gjer minna om dei som har gått bort, gode og varige.

Kjelder

E‑post frå Terje Tørrisplass 15.2.2019

NRK Radio: «Tømmerhogst på liv og død. Møte med dikteren Terje Tørrisplass og samlingen Glenne», Diktafon 25.5.2013: https://www.mixcloud.com/nrkdiktafon/t%C3%B8mmerhogst-p%C3%A5-liv-og-d%C3%B8d-m%C3%B8te-med-dikteren-terje-t%C3%B8rrisplass-og-samlingen-glenne-i-diktafon/ [lyttedato 25.2.2019]

NRK Radio: «Terje Tørrisplass med Lomen svarar meg i blanke timar», Diktafon 4.6.2016: https://www.mixcloud.com/nrkdiktafon/terje-t%C3%B8rrisplass-med-lomen-svarar-meg-i-blanke-timer-i-diktafon/ [lyttedato 25.2.2019]

Peikarar

Marie L. Kleve: «Er det utidig å sitte alene ved bordet?», dagbladet.no https://www.dagbladet.no/kultur/er-det-utidig-a-sitte-alene-ved-bordet/66538801

Først publisert: 20.11.2019
Sist oppdatert: 26.11.2019