Hopp til innhold
X
Innhald

Thai

Thai blir snakka av mellom 50 og 60 millionar menneske. Dei fleste bur i Thailand, men også i Kambodsja, Burma/Myanmar og Malaysia finst det thai-talande folk. Thai er eit tonespråk som skil mellom høg, midtre, låg, stigande og fallande tone.

Ordhistorie

På thai har landet alltid heitt mɯaŋ thaj มืองไทย, men frå 1850-åra og fram til 1939 var det offisielle namnet sàjǎam สยาม, utanfor Thailand oftast skrive Siam (eigentleg for engelsk [saiˈæm]) – ei form som var i bruk utanfor Thailand fram til 1949.

Namnet sàjǎam สยาม 'Siam' blei teke i bruk under styret til kong Mongkut (1804–1868), thai moŋkùt มงกุฎ, som regjerte frå 1851 til 1868. Kong Mongkut er best kjend utanfor Thailand som kongen i musikalen The King and I frå 1951 av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein, filmatisert i 1956 med den russisk-amerikanske skodespelaren Yule Brynner (1920–1985) i rolla som kong Mongkut.

Etterfølgjaren og sonen til kong Mongkut var kong Chulalongkorn (1868–1910), thai cùlaaloŋkon จุฬาลงกรณ์, som gjesta Noreg sommaren 1907 – og som hadde fått storkrossen av St. Olavs Orden i 1884.

Språkfamilie

Thai høyrer til språkfamilien tai-kadai. Det finst 95 språk i denne familien, og dei blir talte av til saman kring 93 millionar menneske i Søraust-Asia og Sør-Kina. Det er vanleg å dele familien i tre til fem undergrupper, og ei av dei er tai-språka, der thai høyrer heime. Thai er utan samanlikning det største språket i familien. Thai er nært i slekt med laotisk, og dei to språka er innbyrdes forståelege.

Thai har fire hovuddialektar – sør-, nord-, nordaust- og sentralthai. Dei høgare sosiale laga i Bangkok snakkar ein variant av sentralthai, og denne varianten, som har høgare prestisje enn andre dialektar, fungerer i praksis som «standardspråk».

Språkhistorie

Folk som snakka tai-språk, byrja å spreie seg sørover frå Sør-Kina i det første tusenåret e.Kr., og dei kom til det området som no utgjer Thailand, på 1000-talet. Dei folka som budde der tidlegare, snakka mon og khmer (kambodsjansk), og thai fekk tidleg mange lånord frå desse språka.

Ifølgje tradisjonen konstruerte kong Ram Khamhaeng, thai raam khaamhɛ̌ɛŋ รามคำแหง, thai-skrifta tidleg i regjeringstida si, frå 1275 til 1298, og den eldste kjende innskrifta er frå 1283 eller 1292. Men thai-skrifta ser ut til å byggje på den kambodsjanske skrifta, som har røter i ei sørindisk skrift som spreidde seg på 300-400-talet til Søraust-Asia med buddhismen, som blei statsreligion i Thailand under kong Ram Khamhaeng. Med den indiske påverknaden kom det mange lånord frå sanskrit og pali – til dømes phaasǎa ภาษา 'språk', frå sanskrit bhaaʂaa भाषा 'språk'.

Språksystem

Thai er eit SVO-språk, og dette kan illustrerast med denne setninga: 

ฉันไห้หนังสือแก่เขาสามเล่ม

chǎn   hâj   nǎŋsɯ̌ɯ  kɛ̀ɛ  khǎw  sǎam  lêem   'Eg gav han tre bøker'

'eg'     'gi'    'bok'       'til'    3P       'tre'    KL

I thai spelar alder, sosial status, kjønn, relasjonen mellom talarane og kor formell situasjonen er, ei viktig rolle – ikkje minst ved val av personlege pronomen. chǎn ฉัน, som berre er eitt av svært mange moglege pronomen i 1. person eintal, uttrykkjer at talaren er av hokjønn, og at situasjonen er uformell. Thai har ikkje kasus, og chǎn ฉัน svarer til både eg og meg på norsk.

Pronomenet khǎw เขา har vi her sett om med 'han', men det er eigentleg eit generelt 3. persons-pronomen som kan setjast om med både 'ho', 'han' og 'dei'.

Verba i thai er ubøyelege, og hâj ไห้ kan setjast om med både 'gi', 'gir' og 'gav' i ulike samanhengar.

Substantiva er òg ubøyelege, og om nǎŋsɯ̌ɯ หฺนังสือ skal setjast om med 'bok', 'boka', 'bøker' eller 'bøkene', går fram av samanhengen.

Når eit talord blir sett til eit substantiv, for å seie til dømes «tre bøker», må det òg vere med ein såkalla klassifikator, forkorta KL ovanfor. Det finst svært mange klassifikatorar, og ein må lære for kvart substantiv kva for klassifikator dei tek. Faktisk er lêem เล่ม klassifikator for bøker, knivar og stearinlys. Ein annan klassifikator er tua ตัว, som ein bruker ved substantiv som viser til dyr, stolar, bord, klesplagg og gitarar – som i tóʔ sìi tua โต๊ะสี่ตัว 'fire bord', der tóʔ โต๊ะ tyder 'bord', og sìi สี่ tyder 'fire'. Som vi ser av setninga ovanfor, treng ikkje talet pluss klassifikatoren står rett etter substantivet.

Uttale

I tradisjonell thai-grammatikk blir stavingar klassifiserte som «levande» eller «døde». Ei «levande» staving endar på ein lang vokal eller ein diftong, ein halvvokal (w, j) eller ein av nasalane m, n, ŋ. Ei «død» staving endar på ein kort vokal (som ofte er følgd av ein glottal lukkelyd, [ʔ]) eller ein av plosivane p, t eller k.

Konsonantar

Fremst i ei staving kan thai ha enkeltkonsonantane i tabellen nedanfor, der c er brukt for [tɕ] og ch for [tɕʰ]:

 

p

t

c

k

ʔ

ph

th

ch

kh

 

b

d

 

 

 

m

n

 

ŋ

 

f

s

 

 

h

w

l

j

 

 

 

r

 

 

 

Fremst i stavinga finn vi òg konsonantgruppene kr, kl, kw, khr, khl, khw, pr, pl, phr, phl og tr – pluss nokre ekstra i lånord.

Vokalar 

 Vokalane i thai kan delast i monoftongar og diftongar, som vist i tabellen nedanfor, der diftongane er klassifiserte som lange vokalar – saman med dei lange monoftongane:


 KORTE VOKALAR

LANGE VOKALAR

i

ɯ

u

ii

ɯɯ

uu

MONOFTONGAR

e

ɤ

o

ee

ɤɤ

oo

ɛ

a

ɔ

ɛɛ

aa

ɔɔ

DIFTONGAR


ia

ɯa

ua

Tonar

Ei «levande» staving (sjå ovanfor) i thai har éin av fem tonar: høg (H), midtre (M), låg (L), stigande (LH) og fallande (HL), medan ei «død» staving har éin av tre tonar: høg (H), låg (L) eller fallande (HL). Her er nokre døme:

Tonar i «levande» stavingar

TONE

DØME

TYDING

høg

kháa

ค้า

'drive handel'

midtre

khaa

คา

'vere att'

låg

khàa

ข่า

'galangarot'

stigande

khǎa

ขา

'fot', 'bein'

fallande

khâa

ค่า

'verdi', 'pris'

 

Tonar i «døde» stavingar

TONE

DØME

TYDING

høg

mák

มัก

'lett for'

låg

màk

หมัก

'gjære'

låg

màak

หมาก

'betelnøtt'

fallande

mâak

มาก

'svært mykje'

Skrift

Thai-skrifta blir skriven frå venstre mot høgre, akkurat som det latinske alfabetet. Det er ikkje noko mellomrom mellom orda i ei setning, som illustrert med setninga ฉันไห้หนังสือแก่เขาสามเล่ม 'Eg gav han tre bøker' i avsnittet «Språksystem». Eit mellomrom fungerer som komma eller punktum i latinsk skrift. Det er ei abugida-skrift, der kvar konsonant blir uttalt med ein vokal etter når det ikkje står noko eige vokalteikn. Denne «inherente» vokalen er a i opne stavingar (stavingar som endar på vokal) og o i lukka stavingar (stavingar som endar på konsonant). Dette kan illustrerast med ordet ถนน 'veg', 'gate', som inneheld konsonantane th‑n‑n. Ordet blir uttalt thà‑nǒn, med ein a etter den første konsonanten og o etter den andre – medan den siste konsonanten, i slutten av ordet, ikkje får nokon vokal etter seg.

Konsonantar

Dei 42 bokstavane i tabellen nedanfor representerer 21 ulike konsonantar, om vi ser bort frå ein del eldre bokstavar som har gått ut av bruk. Bokstavane er presenterte i den rekkjefølgja dei har i ordbøkene – om ein byrjar øvst til venstre og sluttar nedst til høgre. I kvar rute står thai-bokstaven øvst. Så følgjer uttalen i moderne thai – uttalen fremst i ei staving framfor skråstreken og uttalen sist i ei staving etter skråstreken. Nedst, med feite typar, står uttalen i det opphavlege indiske skriftsystemet som denne skrifta stammar frå. I mange tilfelle er dette også uttalen i gamal-thai. I nokre tilfelle er to bokstavar sette opp med same eldre uttale. Då er dei nummererte.

k / k

k

 

kh / k

kh

 

kh / k

g

 

kh / k

gh

ŋ

ŋ

c / t

c

 

ch / –

ch

 

ch / t

ɟ¹

s / t

ɟ²

ch / –

ɟh

j / n

ɲ

d / t

ʈ¹

t / t

ʈ²

th / t

ʈh

 

th / t

ɖ

 

th / t

ɖh

n / n

ɳ

d / t


t / t


th / t

th

 

th / t

d

 

th / t

dh

n / n

n

b / p


p / p


ph / –

ph¹

f / –

ph²

ph / p


f / p


ph / p

bh

m / m

m

 

 

 

 

j / j (n)

j

r / n

r

l / n

l

 

 

 

 

 

w / w

v

 

 

 

 

 

s / t

ʂ

s / t

ɕ

 

 

 

 

 

 

s / t

s

h / –


 

l / n


 

 

ʔ / –

ʔ

 

 

 

 

h / –


 

 

Bokstavane blir delte i tre grupper i tradisjonell thaigrammatikk. Dei på grøn bakgrunn blir kalla «midtre», dei på gul bakgrunn «høge», og dei på blå bakgrunn «låge». I den eldste kjende uttalen var alle «midtre» konsonantar ustemde, uaspirerte plosivar, alle «høge» konsonantar var ustemde, aspirerte plosivar eller ustemde frikativar, medan alle «låge» konsonantar var stemde. Slik er det ikkje lenger i moderne thai, men denne tredelinga er framleis relevant for å kunne avgjere kva tone ei staving har. Det kjem vi tilbake til nedanfor.

Vokalar

Vokalane blir skrivne med teikn som blir lagde til før, over, under og/eller etter konsonantteikna. Ein ekstra komplikasjon er det at dei teikna som står for vokalar, i tillegg ofte representerer ein konsonant på slutten av stavinga. Resultatet blir systemet i tabellen nedanfor, der ringen (◌) står for det konsonantteiknet vokalteiknet står til. 

V

VV

VK

DIFTONG

VJ / VW

i

ii

เ◌ะ

เีย

ia

เ◌ย

ɤɤj

เ็

e

เ◌

ee

แ◌ะ

ɛʔ

◌ว

ua

ใ◌

aj

แ็

ɛ

แ◌

ɛɛ

เ◌อะ

ɤʔ

ัว

ua

ไ◌

aj

ɯ

ɯɯ

◌ะ

เือ

ɯa

◌าย

aaj

a

เิ

ɤɤ

โ◌ะ

 

 

ุย

uj

u

◌า

aa

เ◌าะ

ɔʔ

 

 

ิว

iw

 

 

uu

โ◌

am

 

 

เ◌า

aw

 

 

โ◌

oo

โโ◌–

am

 

 

◌าว

aaw

 

 

◌อ

ɔɔ

โโ◌

an

 

 

 

 

 

 

 

 

◌โ

ɔɔn

 

 

 

 

Tonar

For å finne ut kva tone ei staving har, må ein ta omsyn til desse faktorane: 

  • Har stavinga eit tonemerke?
  • Er stavinga «død» eller «levande»?
  • Er konsonanten fremst i stavinga «midtre», «høg» eller «låg»?
  • Er vokalen kort eller lang?

Heile systemet kan setjast opp slik, der streken i kolonnen for tonemerke tyder «ikkje noko merke», og der orda i raud skrift viser til tonen: 

TONEMERKE

STAVINGSTYPE

KONSONANTTYPE FREMST I STAVINGA

«MIDTRE»

«HØG»

«LÅG»

«levande»

midtre

midtre

stigande

«død», kort V

høg

låg

låg

«død», lang V

fallande

låg

låg

alle

fallande

låg

låg

 ้

alle

høg

fallande

fallande

 ๊

alle

 

høg

 

alle

 

stigande

 

Reglane kan illustrerast med ordet sàjǎam สยาม 'Siam':

1     Den første stavinga, sà ส har ikkje noko tonemerke. Det er ei «død» staving, og konsonanten fremst i stavinga er «høg». Då har stavinga låg tone.

2     Den andre stavinga, jǎam ยาม, har heller ikkje noko tonemerke. Det er ei «levande» staving, og konsonanten fremst i stavinga er «låg». Då har stavinga ein stigande tone.

Litteratur

David Smyth: Thai. An Essential Grammar, 2. utg. London og New York 2014

Jacob Y. de Groot: Thai for Beginners. Phuket 2010

Yuphaphann Hoonchamlong: Thai Language and Culture for Beginners, bd. 1–2. Bangkok 2007

 

Tilrådd litteratur om verdas språk

Jean Aitchison: The Seeds of Speech. Language Origin and Evolution. Cambridge 2000

Ron Asher og Christopher Moseley (red.): Atlas of the World's Languages, 2. utg. London 2007

David Crystal: The Cambridge Encyclopedia of Language, 2. utg. Cambridge 2007

Östen Dahl: Språkens enhet och mångfald. Lund 2000

Kenneth Katzner: The Languages of the World, 3. utg. London 2002

M. Paul Lewis (red.): Ethnologue. Languages of the World, 16. utg. Dallas 2009

Anatole V. Lyovin: An Introduction to the Languages of the World. Oxford 1997

Nicholas Ostler: Empires of the Word. A Language History of the World. New York 2006

Peikarar

Thai2english.com, nettstad med omsetjing mellom engelsk og thai og mykje nyttig informasjon om grammatikk og uttale

Først publisert: 21.12.2020
Sist oppdatert: 22.12.2020