Hopp til innhold

Theresa May

Theresa Mary May er britisk politikar, medlem av Parlamentet sidan 1997 og statsminister sidan 2016. Ho er òg leiar av det konservative partiet. Frå 2010 til 2016 var ho innanriksminister i David Camerons regjeringar. Frå mars 2017 har ho hovudansvaret for forhandlingane med EU om utmeldinga av unionen, brexit.

Theresa May er fødd 1. oktober 1956. Faren, Hubert Brasier, var prest i den anglikanske kyrkja. Mora heitte Zaidee Mary, fødd Barnes. Theresa var det einaste barnet deira, og familien på tre var nært knytte saman. Foreldra snakka med dottera på like fot, og Theresa var frå tidleg alder med i diskusjonar om politikk og religion. Som prestedotter var ho med i arbeidet i kyrkjelyden, og ho møtte folk med ulik sosial og kulturell bakgrunn.

Theresa gjekk i offentleg barneskule og ei kort tid på ein katolsk skule der foreldra måtte betale skulepengar. Dei siste åra i barne- og ungdomsskulen gjekk ho igjen i ein offentleg skule, og det same galdt den vidaregåande skulegangen hennar. Ho studerte geografi ved St. Hugh’s College i Oxford frå 1974 til 1977 og har graden Second Class degree.

Ho var ein flittig elev og student og fekk gode karakterar. Ho var sky og beskjeden, fekk nokre få gode vener og engasjerte seg i studentpolitikken. Men både då og som topp-politikar har ho unnlate å byggje nettverk. Ho har ikkje vore mellom dei som gjekk i dei mange barane i parlamentet i Westminster for å snakke politikk over ein drink. Det blei sagt at ho ikkje var «clubable», altså ein som ikkje bygde alliansar for å styrkje seg i maktspelet.

Då partiet måtte velje ny leiar og statsminister etter folkerøystinga sommaren 2016, var ho mellom dei kandidatane som blei nemnde tidleg i prosessen. Etter nær 20 år som parlamentarikar hadde ho lang erfaring både som opposisjonspolitikar og som regjeringsmedlem.

Theresa May sin første spørjetime i Parlamentet etter at ho vart statsminister. Foto: © UK Parliament/Jessica Taylor, UK Parliament på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Theresa May sin første spørjetime i Parlamentet etter at ho vart statsminister. Foto: © UK Parliament/Jessica Taylor, UK Parliament på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Ville bli politikar

May bestemte seg tidleg for å bli politikar. Ho har fortalt at ho som 12-åring erklærte at ho skulle bli MP, medlem av parlamentet, og som 15-åring at ho skulle bli statsminister. Ho høyrde til generasjonen etter 68‑arane og fekk sin formande år i 1970-åra, då inflasjonen herja og det blomstrande industrisamfunnet i etterkrigstida gjekk mot sluten. Ho kom frå den lågare middelklassa og hadde forfedrar som hadde vore tenarar hos folk som utgjorde kjernen i det konservative partiet. Likevel fann ho alt som 15‑åring ut at det var mellom toryane ho høyrde heime.

Under studia i Oxford trefte ho Philip May, og dei gifta seg i 1981. Etter studia fekk dei begge jobb i City i London, ho i Bank of England, han som aksjemeklar. Dei var begge engasjerte i det konservative partiet, og i 1986 blei ho vald inn i styringsforsamlinga i Merton-distriktet, der dei budde. Theresa og Philip fekk til si store sorg ikkje barn, og dei to blei derfor nært knytte saman både i politikken og i fritida. Han er framleis den viktigaste rådgivaren hennar.

May gjorde sine første framstøytar mot Parlamentet i 1992 og 1994, men blei ikkje vald. I desse åra var ho eit aktivt medlem av London Area Women’s Committee. Dette var starten på engasjementet hennar for likestilling og ein langvarig kamp for å få fleire kvinner inn i politikken. Saman med nokre andre konservative kvinnelege parlamentsmedlemer danna ho etter valet i 2005 ei aksjonsgruppe som dei kalla Women2Win, som tok sikte på å modernisere partiet slik at det kunne få fram kandidatar mellom kvinner, etniske minoritetar og vanlege arbeidarar. Arbeidet lukkast, og i 2015 fekk dei konservative inn 68 kvinner, opp frå 14 i 1997, det året Theresa May blei vald første gongen. Men det er langt att til dei når 50 prosent, som har vore målet til May. Ho har heile tida vore imot kvotering til politiske stillingar.

Statsminister Theresa May på besøk i Saudi Arabia i april 2017. Foto: Jay Allen, kjelde: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Statsminister Theresa May på besøk i Saudi Arabia i april 2017. Foto: Jay Allen, kjelde: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Medlem av skuggekabinettet

Dei tre første periodane ho var vald til Parlamentet, var dei konservative i klart mindretal. Ho blei teken med i skuggekabinettet både under William Hague, Iain Duncan Smith, Michael Howard og David Cameron, og ho arbeidde med utdanningssaker, samferdselssaker og sysselsetjingssaker, der ho var klar på at staten måtte spele ei rolle. I 2002 og 2003 var ho styreleiar for partiet, ei rolle som liknar det vi kallar generalsekretær.

Då David Cameron danna koalisjonsregjering med liberal-demokratane etter valet i 2010, blei Theresa May innanriksminister, som gjerne blir rekna som den fjerde viktigaste i posten i regjeringa.

Dåverande innanriksmister Theresa May i møte med rådsleiar I Surrey County, David Hodge, i 2014. Foto: Surrey County Council News, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Dåverande innanriksmister Theresa May i møte med rådsleiar I Surrey County, David Hodge, i 2014. Foto: Surrey County Council News, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Som statsråd fekk ho ord på seg for å vere tøff. Ho var stadig i strid med liberaldemokratane om tiltak mot terror og innvandring, men òg med finansministeren frå sitt eige parti. Han kravde nedskjeringar i alle departement. Ho måtte òg ta ein hard kamp med politikorpset, som ho ville rasjonalisere gjennom store kutt i talet på stillingar. Ho kritiserte dessutan politiet for at dei synte rasistisk framferd når dei stoppa langt fleire svarte enn kvite for å krevje legitimasjon. Ho la elles fram lover som skulle verne kvinner mot familievald og barn mot seksuelt misbruk. Internasjonalt arbeidde ho aktivt mot trafficking. Då borgarmeisteren i London, Boris Johnson, kjøpte brukte vasskanonar til å setje inn mot demonstrantar under dei store demonstrasjonane i 2011, la ho ned forbod mot å ta dei i bruk.

Som innanriksminister kritiserte ho dommar mot Storbritannia ved menneskerettsdomstolen i Strasbourg og reiste spørsmål ved om det var rett av Storbritannia å la seg overprøve av ein institusjon utanfor landet. I samband med dette meinte ho òg at menneskerettane var blitt for omfattande. Ho antyda at Storbritannia burde vurdere å trekkje seg frå både menneskerettskonvensjonen og domstolen.

Likestilling og kvinnekamp

Frå 2010 til 2012 var ho òg kvinne- og likestillingsminister ved sida av innanriksministerposten. På dette feltet fekk ho gjennomslag for betre rettar for homofile, mellom anna retten til giftarmål og adopsjon. I desse spørsmåla endra ho syn frå å vere svært restriktiv til eit liberalt standpunkt.

Theresa May blei utnemnd til statsminister 13. juli 2016. Då hadde ho vore igjennom ein kort og ganske brutal kamp om stillinga etter at David Cameron trekte seg som statsminister etter folkerøystinga om medlemskap i EU 23. juni. Ho blei tidleg nemnd som kandidat, men fleire yngre menn rekna seg som meir opplagde kandidatar enn henne. Dei fall ifrå ein etter ein. Til slutt stod striden mellom henne og Andrea Leadsom, som trekte seg etter eit avisintervju der ho sa at det styrkte hennar kandidatur at ho hadde fødd og oppdrege barn. Det førte til eit opprør i parlamentsgruppa, fordi det blei sett på som eit stygt angrep på May. Dermed sigra May i avrøystinga.

Under striden om folkerøystinga om EU venta Theresa May lenge med å ta standpunkt. Ho hadde heller ikkje teke del i debatten om EU som rasa i partiet gjennom fleire år. Men som innanriksminister fekk ho mange saker til avgjerd som hadde med EU å gjere, mellom anna immigrasjon og flyktningspørsmål, og tilhøvet mellom menneskerettane og britisk lov. Hovudproblemet, slik ho såg det, var innvandringa frå dei austlege EU-landa. Ho vedgjekk at immigrasjonen hadde vore bra for Storbritannia, men ville ikkje ha ukontrollert immigrasjon. Ho kom med mange framlegg for å redusere innvandringa både frå EU og frå land utanfor, og argumenterte med at innvandringa førte til press på skulesystemet, sosialsystemet og tilgangen på bustader.

Frå demonstrasjonen «One Day Without Us» i London i februar 2017, der innvandrarar droppa skule og arbeid for ein dag for å vise kor viktige dei er i samfunnet. Foto: Garry Knight, Flickr.com CC0 1.0.

Frå demonstrasjonen «One Day Without Us» i London i februar 2017, der innvandrarar droppa skule og arbeid for ein dag for å vise kor viktige dei er i samfunnet. Foto: Garry Knight, Flickr.com CC0 1.0.

Kritisk til EU

May var altså rekna som ein EU-skeptikar. Men etter sterkt press kom ho ut som tilhengjar av at Storbritannia burde halde fram som EU-medlem. Mange av dei nærmaste politiske venene hennar meiner at ho var nær på å støtte nei-sida. Cameron og fleire av dei nærmaste støttespelarane hans meinte at ho sa ja, men lét det lyde som eit nei.

Men då dei 16 dagane med kamp om toppvervet var omme og Theresa May var utnemnd til statsminister, var det truleg ein styrke at ho ikkje hadde engasjert seg for sterkt i striden. Ho erklærte at «brexit betyr brexit», og at utmeldingsforhandlingane måtte starte så snart som råd. Dei blei presenterte som ein stor føremon for landet. Då forhandlingane formelt starta 25. mars 2017, kom ho med nokre forsonande utsegner om prosessen og framtida for tilhøvet mellom Storbritannia og EU. Det blei tolka som at ho var meir villig til kompromiss enn inntrykket var etter dei første erklæringane hennar om tilhøvet til EU.

Theresa May signerer det offisielle brevet 28.3.2017 som formelt set i gang prosessen med å melde Storbritannia ut av EU. Med dette brevet blir artikkel 50 i EUs Lisboa-traktat løyst ut. Brevet vart levert EU-presidenten. Foto: Jay Allen, kjelde: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Theresa May signerer det offisielle brevet 28.3.2017 som formelt set i gang prosessen med å melde Storbritannia ut av EU. Med dette brevet blir artikkel 50 i EUs Lisboa-traktat løyst ut. Brevet vart levert EU-presidenten. Foto: Jay Allen, kjelde: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Andre kvinnelege statsminister

Theresa May blei den andre kvinnelege statsministeren i Storbritannia, men ulikt Margaret Thatcher sytte ho for at mange kvinner blei med i regjeringa, åtte av 22. Det var eit synleg teikn på at aksjonen Women2Win var ein suksess. Den nye regjeringa hadde òg fleire medlemer med bakgrunn frå offentlege skular enn noka regjering sidan andre verdskrigen.

Theresa May var godt rusta for stillinga som statsminister og hadde vore omtalt som kandidat til leiarstillinga i partiet og dermed statsminister frå tidleg på 2000-talet. Ho synte ofte at ho hadde ambisjonar, og ho kjempa mange kampar både i partiet, regjeringa og mot politiske motstandarar i Parlamentet. Mellom kollegaer i regjeringa blei ho omtalt som «ei frykteleg vanskeleg kvinne», («a bloody difficult woman»). Dei likte ikkje at ho vann fram med sakene sine. Men ho var uthaldande og fekk gjennomslag i mange saker. Det hjelpte nok at ho òg har evne og vilje til omsorg for dei ho stoler på i politikken.

May sin veg til makta hadde både framgangar og tilbakeslag, slik politikken er. Men frå 2012 var ho ikkje til å kome forbi når det i den politiske samtalen var snakk om kven som skulle vere partileiar og statsminister i framtida. Ho var komen uskadd frå alle bataljane, både med liberaldemokratane og med dei ulike fløyene i det konservative partiet. Leiinga hennar av innanriksdepartementet, med alle dei ulike og ofte vanskelege sakene som blei behandla der, var ein av dei store suksessane koalisjonsregjeringa kunne vise til. Då dei konservative kunne danne regjering åleine i 2015, var ho eit av dei beste korta David Cameron hadde i regjeringskabalen sin. Derifrå synte det seg at vegen var kort heilt til topps både i partiet og i styringa av staten.

Statsminister Theresa May saman med president Donald Trump under May sitt USA-besøk i januar 2017. Foto: Jay Allen, kjelde: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Statsminister Theresa May saman med president Donald Trump under May sitt USA-besøk i januar 2017. Foto: Jay Allen, kjelde: Number 10 / The Prime Minister's Office, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kjelder

Rosa Prince: Theresa May – The enigmatic prime minister. Biteback publishing, London 2017

 Øystein Kløvstad Langberg: «Theresa May setter kvinnerekord med sin nye regjering», Aftenposten, sist oppdatert 14. juli 2016, aftenposten.no: http://www.aftenposten.no/verden/Theresa-May-setter-kvinnerekord-med-sin-nye-regjering-600086b.html [2.3.2017]

theGuardian.com, international edition [lesedatoar 2.3. og 30.3.2017]

«The Rt Hon Theresa May MP», biografi og omtale på den britiske regjeringa sin nettstad, gov.uk: https://www.gov.uk/government/people/theresa-may [lesedato 2.3.2017]

Først publisert: 24.05.2017
Sist oppdatert: 08.06.2017