Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas av Aquino

Thomas av Aquino, Thomas Aquinas, 1225–74, var ein italiensk dominikanarmunk, kyrkjelærar og filosof som var den fremste teologen i mellomalderen.
 
Gjennom å sameine den aristoteliske filosofien og den kyrkjelege læretradisjonen i eit harmonisk system innleidde han ein ny epoke i teologihistoria.
 
Thomas av Aquino skil mellom natur og nåde, mellom naturleg teologi og openberringsteologi. Liksom nåden ikkje er imot menneskenaturen, men gjer han fullkomen, er den naturlege teologien ikkje i strid med openberringsteologien, men eit grunnlag han kan byggje vidare på.
 
Hovudverket Summa Contra Gentiles og Summa Theologia som ikkje vart avslutta, framstiller òg den skolastiske metoden på eksemplarisk vis. Thomas av Aquino vart kanonisert i 1329. I 1879 gjorde pave Leo den 13. tenkinga hans til mønster for katolsk filosofi.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 07.03.2019