Hopp til innhold
X
Innhald

Togradarsmålet

Togradarsmålet er ei internasjonal målsetjing om å avgrense den globale oppvarminga til maksimum to gradar celsius, samanlikna med før-industriell tid. Målsetjinga er sentral i internasjonale klimaforhandlingar, men òg omstridd.

FNs klimakonvensjon forpliktar det internasjonale samfunnet til å stabilisere drivhusgasskonsentrasjonen i jordatmosfæren på eit nivå som hindrar at det oppstår farlege menneskeskapte endringar i klimasystemet. Slike farlege endringar kan til dømes vere ekstreme vêrfenomen som stormar og flaum, stigning i havnivået, meir ekstreme tørkeperiodar og varmebølgjer, og meir forørkning.

Kvar grensa for farlege klimaendringar går, er eit vanskeleg tolkingsspørsmål. Etter klimatoppmøta i København i 2009 og i Cancún i 2010 vart det i praksis semje om å setje denne grensa ved to gradar celsius, samanlikna med den globale gjennomsnittstemperaturen i tida før menneska tok til å bruke fossile energikjelder. I Paris-avtalen, som vart vedteken på klimatoppmøtet i Paris i desember 2015, vart målet forsterka til «godt under to gradar celsius» og helst ned mot 1,5 gradar celsius.

Ei intuitiv grense

Første gongen to gradar celsius blei nytta som ei kritisk grense for temperaturauke, var i ein artikkel frå 1977 av den amerikanske økonomen William Dawbney Nordhaus. Nordhaus argumenterte for at ein burde halde klimaeffektane av drivhusgassutslepp innanfor det som har vore den naturlege variasjonen i perioden frå nokre hundre tusen år sidan og fram til våre dagar. Sidan den globale gjennomsnittstemperaturen var relativt høg i 1977, måtte den øvre grensa for vidare temperaturauke liggje mellom to og tre gradar, meinte Nordhaus.

Nordhaus baserte talet på kvalifisert gissing, men seinare studiar av historiske temperatursvingingar har stadfesta at ein global gjennomsnittstemperatur på stort meir enn to gradar celsius over nivået kring år 1800, knapt har førekome dei siste hundre tusen åra.

Togradarsmålet fekk lite merksemd før det blei lansert på nytt i 1990, i ein rapport frå forløparen til FNs klimapanel, The Advisory Group on Greenhouse Gases. Her blei to gradar celsius lagt fram som den absolutt øvre grensa for kor stor temperaturauke vi bør tillate på jorda. Aukar temperaturen meir enn dette, blei det hevda i rapporten, vil det vere overhengande fare for at sjølvforsterkande mekanismar vil føre klimaendringane ut av kontroll. Døme på ein slik sjølvforsterkande mekanisme kan vere at smeltande permafrost i arktiske strok fører til utslepp av store mengder metangass, som til no har vore lagra i den frosne bakken. Eit slikt utslepp vil forsterke drivhuseffekten og dermed den globale oppvarminga. Eit anna døme er at når havisen smeltar, blir det meir ope hav, og då samlar havet opp meir varmestråling frå sola, noko som fører til at endå meir is smeltar.

Målet blir politikk

I 1996 var Ministerrådet i EU det første politiske organet til å gi togradarsmålet formell politisk støtte. Rådet slo fast at «global gjennomsnittstemperatur bør ikkje overstige to gradar celsius over før-industrielt nivå». Rådet viste til «aukande vitskapleg visse» om at fordelane ved å avgrense temperaturauken til to gradar ville meir enn vege opp for dei økonomiske kostnadene. Etter dette blei togradarsmålet ein del av internasjonal politisk debatt. Seinare har ei rekkje økonomar prøvd å kople togradarsmålet saman med økonomiske kost/nytte-analysar for å kome fram til ein optimal politikk for å kutte i drivhusgassutsleppa. Vanskar med å måle klimapolitikk og klimaendringar opp mot økonomisk verdi gjer likevel slike analysar usikre.

På klimatoppmøtet under FNs klimakonvensjon i Cancún i Mexico i 2010 blei deltakarlanda samde om å forplikte seg til å halde auken i den globale gjennomsnittstemperaturen innanfor to gradar celsius, samanlikna med før-industriell tid. Hovudmålsetjinga med den nye klimaavtalen som skulle ta over etter Kyoto-protokollen, skulle vere å sikre at dette målet blei oppfylt. Målet har likevel lenge møtt motstand, særleg frå lågtliggjande øystatar, som meiner at to gradar vil føre til ei uakseptabel stigning i havnivået, og at grensa heller bør gå ved 1,5 gradar celsius. Togradarsmålet har fått mest støtte frå rike land, som lettast kan tilpasse seg klimaendringane. På klimatoppmøtet i Paris i desember 2015 fekk øystatane auka støtte for sitt synspunkt, og den nye klima-avtalen som blei vedteken på møtet, slår fast at global gjennomsnittstemperatur ikkje skal stige meir enn to gradar celsius, og at statane samstundes skal gjere alt dei kan for at temperaturstiginga ikkje skal bli meir enn 1,5 gradar celsius.

Vitskapleg usemje

Togradarsmålet vaks fram fordi det var eit rundt tal som tok omsyn til ei rad ulike vitskaplege og politiske problemstillingar. Reint vitskapleg har det aldri vore nokon grunn til å velje nettopp to gradar framfor eit anna tal. I oktober 2014 tok nokre forskarar til orde for å gå bort frå togradarsmålet. Dei hevda at global gjennomsnittstemperatur er eit dårleg mål på menneskeleg påverknad på klimasystemet, at det er for vanskeleg å operasjonalisere, og at målet er urealistisk, sidan alt tyder på at verda ikkje vil greie å avgrense temperaturauken til to gradar. Det blei foreslått å erstatte togradarsmålet med ein kombinasjon av andre parametrar, mellom anna konsentrasjon av drivhusgassar i atmosfæren, varmeopptak i havet og regional temperaturauke nær polane.

Andre har peika på at togradarsmålet fungerer godt fordi det er enkelt å forstå og å formidle, det opnar for mange ulike tiltak, og det motiverer lettare til handling enn det ei liste med teknisk kompliserte parametrar vil gjere. Etter klimatoppmøtet i Paris i 2015 er det forsterka togradersmålet heilt sentralt i internasjonal klimapolitikk.

Kjelder

Bård Lahn: Klimaspillet. En fortelling fra innsiden av FNs klimatoppmøter. Oslo 2013

Carlo C. Jaeger og Julia Jaeger: «Three views of two degrees», Regional Environmental Change 11(1 suppl.) 2011. Digital utgåve publisert 8.12.2010: http://link.springer.com/article/10.1007/s10113-010-0190-9/fulltext.html [lesedato 14.8.2015]

Rijsberman, F.R. og Swart, R.J. (red.): Targets and Indicators of Climate Change (Report of Working Group II of the Advisory Group on Greenhouse Gases). Stockholm 1990. Digital utgåve: Stockholm Environment Institute, sei-international org: http://www.sei-international.org/mediamanager/documents/Publications/SEI-Report-TargetsAndIndicatorsOfClimaticChange-1990.pdf [lesedato 14.8.2015]

Peikarar

«Two degrees: The history of climate change's speed limit», carbonbrief.org

«– Dropp togradersmålet», forskning.no

Først publisert: 01.02.2016
Sist oppdatert: 29.11.2018