Hopp til innhold
Flagget til Papua Ny-Guinea. Kjelde: publicdomainvectors.org. CC0 1.0.
Flagget til Papua Ny-Guinea. Kjelde: publicdomainvectors.org. CC0 1.0.
X
Innhald

Tok pisin

Tok pisin – eit nytt germansk språk i Papua Ny-Guinea

Ordhistorie
Dei fleste orda i tok pisin kjem frå engelsk, og ein kjenner lett att talorda frå éin til ti: wan, tu, tri, foa, faiv, sikis, seven, et, nain, ten – eller handet '100' og tausen '1000'. Nokre få ord kjem frå portugisisk, til dømes pikinini 'barn' og save 'vite', 'kjenne', 'kunne' – jamfør portugisisk pequeno [peˈkenu] 'liten' og saber [saˈbe~saˈber] 'vite'.
 
Språkfamilie
Tok pisin kan klassifiserast som eit germansk språk, og dei germanske språka er ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien. Sjølv om grammatikken i hovudsak har røter i språka i Papua Ny-Guinea, er over 80 % av ordtilfanget av engelsk opphav og resten frå tysk, portugisisk og ulike melanesiske språk.
 
Språkhistorie
På slutten av 1800-talet etablerte europearar kokosplantasjar i Samoa og sukkerrøyrplantasjar i Australia, med arbeidsfolk frå Ny-Guinea og øyane omkring. Arbeidarane og dei europeiske sjefane snakka saman med engelske ord – og nokre tyske, portugisiske og melanesiske – men med ein grammatikk av lokalt opphav. Det oppstod eit pidginspråk – eit språk som ikkje er førstespråket til nokon, og som har ein enkel grammatikk og eit lite ordtilfang.
 
Arbeidarane tok pidginspråket med seg heim. Språksituasjonen i Papua Ny-Guinea er innfløkt – i dag har landet 5,4 millionar innbyggjarar og 820 ulike språk – så det nye språket var nyttig i kontakten mellom små språksamfunn.
 
Språket fekk namnet Tok Pisin, av dei engelske orda talk 'tale' og pidgin 'pidgin-språk'. Då Papua Ny-Guinea blei sjølvstendig i 1975, blei tok pisin offisielt språk, ved sida av engelsk og pidginspråket hiri motu.
 
I byane er tok pisin blitt førstespråket til mange born i heimar der foreldra berre hadde dette språket sams.
 
Språksystem
Substantiva blir ikkje bøygde. Det går fram av samanhengen om substantiva man og dok tyder 'mann' og 'hund' eller 'menn' og 'hundar'. Vil vi ha talet klart fram, kan vi seie wanpela dok 'ein hund', tupela dok 'to hundar' og ol dok 'hundar'. Grammatiske relasjonar blir uttrykte med ordstilling og grammatiske småord:
 
Naispela meri i givim kaikai long pikinini man.
'Den vakre kvinna gir guten mat.'
 
I står alltid før verbet (her givim 'gi'), så sant ikkje subjektet er mi 'eg' eller yu 'du'. Naispela meri 'vakker kvinne' er subjekt. Kaikai 'mat' står etter verbet og er objekt. Pikinini man 'gut' står etter long 'til', som viser at guten er mottakaren av maten. Med nokre unntak har verb endinga ‑im når dei har objekt:
 
Mi save rait.           'Eg kan skrive.'
Mi save raitim pas.  'Eg kan skrive brev.'
 
Uttale
Tok pisin har ein regelrett ortografi, og lydsystemet et enkelt. Vokalsystemet er slik:
 
 
 
 
i
 
u
 
 
 
 
 
 
e
 
o
 
 
 
 
 
 
 
a
 
 
 
 
 
Her er konsonantane i tok pisin:
 
 
p [p]
t [t]
k [k]
 
 
 
b [b]
d [d]
g [ɡ]
 
 
 
 
s [s] 
 
h [h]
 
 
v [v]
 
 
 
 
 
m [m]
n [n]
ng
 
 
 
 
r [ɾ]
 
 
 
 
w [w]
l [l]
y [j] 
 
 
 
R og l blir ofte blanda i hop, og det same gjeld v og w.


Sist oppdatert: 11.03.2019