Hopp til innhold
X
Innhald

Tor Arve Røssland

Tor Arve Røssland, butikkmedarbeidar og barne- og ungdomsbokforfattar som har skrive bøkene om guten Pode.

Tor Arve Røssland er fødd 30. oktober 1971 i Bergen, oppvaksen på Husnes i Kvinnherad og busett på Halhjem i Os. Han har hovudfag i filmvitskap frå Universitetet i Trondheim (1997) med oppgåva ... vond og pervers ... Debatten om filmsensur i Norge på 1900-tallet. Tilleggsfaga er litteraturvitskap og mediepedagogikk. Han har arbeidd ved Elkjøp Stormarked Os, og sidan 2011 har han vore forfattar på heiltid.
Røssland debuterte i 1999 med barneboka Pode. Boka om 6 år gamle Pode er omsett til tysk, og der er kome fire bøker i serien: Pode mister fotfestet (2002), Pode får snue (2002) og Anti-Pode (2006). Bøkene er humoristiske med kvardagsleg surrealisme, elegant språk og er illustrerte av Øyvind Torseter.
I 2004 kom ungdomsromanen Plutseleg skjønte eg alle songane om ein 17-åring som plutseleg skjønner djupna i poptekstar, og lettlesboka om barna Figaro og Aida, På rømmen i New York, blei utgitt i 2008.
Ungdomsgrøssaren Svarte-Mathilda (2010) blei nominert til Uprisen for årets ungdomsbok i 2011. Boka er psykologisk kompleks med eit særprega språk. Det er ei mystisk og uoppklart detektivgåte med utgangspunkt i ei urban legende om ei tenåringsjente som blei drepen for 20 år sidan. I 2012 og 2013 kom dei to siste bøkene i trilogien,  Svarte Mathilda II og Svarte-Mathilda III.
I 2014 blei En smak av Zommer lansert som første bok i ein grøssarserie for ungdom. Bømlo, som er heimstaden til 16 år gamle Max, blir invadert av menneskeetande zombiar.

I 2019 blei Glimt (2015) kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000.

 

Kjelder

E-post frå Tor Arve Røssland 7.3.2011


Svein Olav B. Langåker: «Her er dei ti beste nynorske ungdomsbøkene i dette årtusenet», framtida.no, publisert 5.11.2019: https://framtida.no/2019/11/05/her-er-dei-ti-beste-nynorske-ungdomsbokene-i-dette-artusenet [lesedato 6.11.2019]

Tor Arve Røssland, forfattarside, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/R/Tor-Arve-Roessland.aspx [lesedato 6.3.2011]

Tor Arve Røssland, personleg nettstad, http://www.forfattaren.no/ [lesedato 6.3.2011]

Peikarar

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 07.11.2019