Hopp til innhold
Faksimile av framsida til utgivinga av tre minneromanar (1967–71). Tove Ditlevsen: Barndom. Ungdom. Gift. Forlaget Oktober Oslo 2000. Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til utgivinga av tre minneromanar (1967–71). Tove Ditlevsen: Barndom. Ungdom. Gift. Forlaget Oktober Oslo 2000. Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Tove Ditlevsen

Tove Irma Margit Ditlevsen, dansk forfattar. Med utgangspunkt i eigne livserfaringar formidla ho vanskelege tema på ein lett forståeleg måte.

Tove Ditlevsen var fødd 14. desember 1917 i København og døydde same staden 7. mars 1976. Ho vaks opp i bydelen Vesterbro, som på den tida var prega av fattigdom og sosiale problem. Desse tilhøva forma oppveksten hennar og kom seinare til uttrykk i forfattarskapen. Ditlevsen fekk aldri noka utdanning, og som forfattar var ho sjølvlært.

I 1939 debuterte ho som lyrikar med diktsamlinga Pigesind. Flyktig kjærleik og angst for å misse nære personar stod sentralt i den tidlege diktinga hennar. Debutboka blei følgd opp med diktsamlinga Kvinnesind i 1955.

Med diktsamlingane De voksne (1969) og Det runde værelse (1973) kopla Ditlevsen seg fri frå det tradisjonelle formspråket. I desse samlingane blei einsemd, angst og død sentrale motiv.

Det litterære gjennombrotet kom i 1941 med romanen Man gjorde et barn fortræd. I denne, og i andre romanar fram til 1960-åra, var det forsømte barnet eit hovudmotiv. Ditlevsen skreiv om overgrep, omsorgssvikt og fattigdom. Seinare i forfattarskapen blei kvinna si rolle i ekteskapet det mest tydelege temaet. Ho tok sitt eige liv i 1976, 58 år gamal.

Ditlevsen fekk Tagea Brandts reiselegat i 1953, Emil Aarestrup-medaljen i 1954 og Ingrid Jespersens legat i 1966. Ho fekk Undervisningsministeriets barnebokpris i 1959 og Søren Gyldendal-prisen i 1971.

 

Kjelder

Jens Andersen: Til døden os skiller. Et portræt af Tove Ditlevsen. København 1997
Tove Ditlevsen: Tove Ditlevsen om sig selv. København 1975

Mogens Knudsen: «Tove Ditlevsen», i Dansk Biografisk Leksikon, biografiskleksikon.lex.dk, sist oppdatert 5.9.2011: https://biografiskleksikon.lex.dk/Tove_Ditlevsen [lesedato 7.5.2020]

Peikarar

Casper Albertsen: «Tove Ditlevsen», video om forfattaren, youtube.com, publisert 24.2.2014

Aiad Mehdi: «Tove Ditlevsen – Biografi», video om forfattaren, youtube.com, publisert 24.6.2013

Digitaliserte bøker av Tove Ditlevsen på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 16.12.2020
Sist oppdatert: 16.12.2020