Hopp til innhold
Mummiane Mummimamma, Mummipakka, Snorkfrøken og Mummitrollet. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).
Mummiane Mummimamma, Mummipakka, Snorkfrøken og Mummitrollet. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).
X
Innhald

Tove Jansson

Tove Marika Jansson, finlandssvensk forfattar, kunstnar, illustratør og teikneserieskapar. Ho er mest kjend for bøkene om Mummitrollet og var ein av dei største svenskspråklege barnebokforfattarane på 1900-talet.

Tove Jansson var fødd i Helsingfors 9. august 1914 og døydde 27. juni 2001 same staden. Ho voks opp i ein kunstnarheim som dotter til Signe Hammarsten-Jansson, svensk teiknar, og bilethoggaren Viktor Jansson.

I 1930 flytta ho til Stockholm og byrja på Tekniska högskolan, no Konstfack, der ho studerte frå 1930 til 1933. Måleriet var lidenskapen hennar, og frå 1933 studerte ho i målarklassen på Finska Konstföreningens Ritskola, betre kjend som Ateneum.

Ved sida av kunstnarkarrieren byrja Jansson tidleg å illustrere andre sine barnebøker. Det første eigeninitierte arbeidet kom allereie i 1928, då ho fekk vers og teikningar på trykk i tidsskriftet Allas Krönika. I 1933 gav ho ut den første boka si, Sara och Pelle och neckens bläckfiskar, ei biletbok, under psevdonymet Vera Haij. Under andre verdskrigen byrja ho å skrive forteljingane frå Mummidalen. I 1945 kom den første boka om Mummitrollet, Småtrollene og den store oversvømmelsen. Jansson skreiv òg romanar og noveller for vaksne, og teksten til den kjende «Höstvisa», tonesett av Erna Tauro. Ved sida av å vere forfattar har ho ein omfattande produksjon som biletkunstnar og illustratør.

Utover i 1930-åra og under andre verdskrigen blei ho ein høgt verdsett grafikar og illustratør. Ho teikna politiske karikaturar med brodd mot nazismen og Finlands allianse med Tyskland, og blei omtalt som Finlands beste karikaturteiknar.

Janssons bøker er omsette til meir enn 45 språk. Ho fekk fleire prisar for det rike bidraget til barne- og ungdomslitteraturen, mellom anna Nils Holgersson-plaketten i 1953, Elsa Beskow-plaketten (1958), den finske statens litteraturpris (1963, 1971 og 1982), H.C. Andersen-medaljen (1966), Svenska Akademiens Finlandspris (1972) og Svenska Akademiens stora pris (1994). Ingen annan finlandssvensk forfattar har fått fleire litterære prisar enn Jansson.

galleri

Prosa frå Mummidalen

Mummiane Mummimamma, Mummipakka, Mummitrollet og Snorkfrøken saman med to andre figurar frå mummibøkene, Snusmumrikken og Sniff. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

Mummiane Mummimamma, Mummipakka, Mummitrollet og Snorkfrøken saman med to andre figurar frå mummibøkene, Snusmumrikken og Sniff. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

Den første mummiboka, Småtrollene og den store oversvømmelsen, kom i 1945. Dei mange nivåa i mummiforteljingane var på plass allereie her. Dette er ein eigenskap vi finn i alle mummibøkene. Det forvirra forleggjarane, som meinte at bøker skulle vere for anten barn eller vaksne, ikkje både‑og.

Det store gjennombrotet kom med Trollmannens hatt, den tredje boka om mummiane, som kom ut i 1948. Boka skapte internasjonal merksemd, og mummi-industrien kom i gang, med produksjonar av alt frå keramikktroll til filmar og teater. Suksessen kom først i Sverige og England. Heimlandet Finland låg etter, og Kometjakten var den første mummiboka som blei omsett til finsk, i 1955.

Det kom ut i alt ni mummibøker. Bøkene tek ofte utgangspunkt i minne frå hennar eige liv (det blir mellom anna hevda at kjærasten/sambuaren/«livsveninna» Tuulikki Pietilä og livet med henne pregar Tootiki-karakteren og fleire av forteljingane), og Mummidalen har klare likskapar med landskapet på Blidö, ei øy i Stockholms skjergard, der Jansson og familien hennar var om somrane då ho var barn. Familiemedlemer, vener og viktige personar i livet til Jansson er kamuflerte som ulike figurar i bøkene. Karakteristisk for bøkene er at dei krinsar kring eksistensielle spørsmål.

Tove Jansson og Tuulikki Pietilä på øya Klovharun, Janssons og Pietiläs sin sommarheim gjennom nærare tretti år. Ukjent år og fotograf. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

Tove Jansson og Tuulikki Pietilä på øya Klovharun, Janssons og Pietiläs sin sommarheim gjennom nærare tretti år. Foto: Per Olov Jansson, ukjent år. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

Mummibøkene er blitt filmatiserte fleire gonger. Mest kjend og utbreidd er den japansk-finsk-nederlandske produksjonen I Mummidalen. Temaparken Muminvärlden i Nådendal opna i 1993.

Frå 1954 til 1959 teikna Jansson teikneseriar om mummiane på bestilling frå The Evening News i England. Utgivaren selde rettane vidare, og snart kom teikneserien ut i mange andre aviser over heile verda. I glanstida kom teikneserien om mummiane ut i førti land og hadde vel tjue millionar lesarar.

Hvem skal trøste Knøttet? er den mest kjende av dei totalt seks biletbøkene som Jansson skreiv og illustrerte. Boka kom ut i 1960 og er ei romantisk forteljing om eit redd og einsamt «knøtt» som møter eit endå reddare «nurk». Dette er ei bok skriven for barn om forelsking, mot og lengt etter å finne ein å vere saman med. Boka er òg blitt utgitt som teiknefilm og er blitt dramatisert.

galleri

Frå 1956 og livet ut budde Jansson saman med den kvinnelege illustratøren og biletkunstnaren Tuulikki Pietilä. Boka Trollvinter, som kom ut i 1957, er ei bok om kjærleiken og forelskinga i Tuulikki. Dette er den første av mummibøkene som kan seiast å vere skrive meir for vaksne enn for barn. Tove og Tuulikki hadde atelier i Helsingfors og budde der om vinteren. Om sommaren budde dei på Klovharun, ei lita øy langt ute i den finske skjergarden.

Tove Jansson i atelieret i Helsingfors, i Ullanlinnankatu 1. Foto: Per Olov Jansson, ukjent år. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

Tove Jansson i atelieret i Helsingfors, i Ullanlinnankatu 1. Foto: Per Olov Jansson, ukjent år. Kredit: © Moomin Characters™, kjelde: tovejansson.com. (til fri bruk i samband med redaksjonell omtale av Jansson sitt liv og virke).

Romanar og noveller

Billedhuggerens datter kom i 1968 og var den første boka Jansson skreiv med tanke på vaksne, og no var ho ikkje lenger barnebokforfattar, men forfattar. Boka er sjølvbiografisk og handlar om oppvekst og barndom. Sommerboken (1972) er den mest kjende av vaksenbøkene. Dei sentrale personane i denne boka er ei jente og bestemor hennar. Vi følgjer dei gjennom sommaren på ei lita øy. Temaet er sorg, død og lykka over å leve.

Jansson var aktiv og skreiv heilt farm til slutten av 1990-åra. I 1996 gav ho ut Opptegnelser fra en øy, saman med Tuulikki Pietilä. Den siste novellesamlinga, Meddelelse: Utvalgte noveller 1971–1997, kom i 1998.

galleri

Kjelder

Tuula Karjalainen: Tove Jansson. Arbeta och älska, Stockholm 2013

Tove Jansson: Billedhuggerens datter. Oslo 1969 

Peikarar

Bibliografi på oria.no 

Nettstad om Tove Jansson (finsk tekst) 

Først publisert: 16.06.2017
Sist oppdatert: 02.04.2019