Hopp til innhold

Trettiårskrigen (1618–1648)

Trettiårskrigen var ein europeisk krig mellom 1618 og 1648. Katolske og lutherske statar kjempa mot kvarandre, mest på tysk jord. Til slutt vart dei samde om å respektere alle landegrenser.

Etter reformasjonen raste religionskrigar i Europa. I religionsfreden i Augsburg i 1555 vart ein samde om å respektere trusgrensene, men spliden varte ved, særleg i det tysk-romerske riket, der den katolske keisaren styrte over mange protestantiske område. Avtalen vart kasta ut vindauget då protestantisk bøhmisk adel gjorde opprør i 1618. Fleire lutherske småfyrstar heiste opprørsfana, medan dei katolske støtta opp om keisaren.

Striden eskalerte då andre europeiske statar heiv seg med. Kongen av Spania støtta keisaren med troppar, medan Nederland, England, Sverige og Danmark-Noreg gjekk imot keisaren. Blokkene var religiøse, men sambanda lause. Tyske fyrstar sette stadig trusgrenser til side, og statar forfølgde eigne interesser, uavhengig av religion. Sverige, Danmark-Noreg og Polen kjempa om makta i Austersjøen, katalanarar og portugisarar slost mot spansk styre. Frankrike heldt seg først utanfor, men gjekk til slutt inn på protestantisk side, for ikkje å verte omringa av fiendane sine, habsburgarane. Svære leigehærar dreiv krigen framover og skifta glatt side til den som betalte best.

Innanlands kjempa statsstyrarar mot parlament om støtte til krigen. Riksrådet i Danmark stansa først kongen, men då gjekk han inn i krigen som holsteinsk greve. Her leid han eit katastrofalt nederlag, som på lengre sikt skadde den dansk-norske økonomien sterkt. Svenskekongen fekk gjennomslag i riksdagen og vann formidable sigrar. Sverige vart ei stormakt, men det kosta mykje. Langvarige krigar slukte europeiske statskasser og la fleire område i ruinar.

Ein prøvde å få stand fred i Praha i 1635, men Frankrike gjekk då til åtak på eit styrkt tysk-romersk rike. Spania svarte med å herje sørvest i Frankrike, men vart jaga tilbake. Frankrike og Spania var elles i krig til 1659. Frankrike kom ut som den førande stormakta i Europa, Spania som ein svekt, andrerangs stat.

Freden i Westfalen i 1648 gjorde slutt på trettiårskrigen. Få landområde skifta side, men ein vart samde om viktige mellomstatlege reglar: Alle statar skulle vere suverene, uavhengig av storleik, ingen skulle blande seg inn i innanlandske forhold. Private hærar vart forbodne. For å forsvare suvereniteten og motverke store statsdanningar kom landa dermed til å skifte alliansar endå raskare. Internasjonale forhold vart difor prega av uro og nye krigar dei neste 150 åra.

 

Kjelder

Finn Fuglestad: Fra Svartedauden til Wienerkongressen. Den vesterlandske kulturkretsens historie 1347–1815 i et globalt-sammenliknende perspektiv. Oslo 2004

Donald H. Pennington: Europe in the Seventeenth Century. London 1989

James D. Tracy: Europe’s reformations 1450–1650. Doctrine, Politics and Community. Lanham 2006

 

Peikarar

Kings and Generals: «Thirty Years' War», youtube.com

Feature History: «Thirty Years’ War», youtube.com

Først publisert: 19.11.2020
Sist oppdatert: 26.11.2020