Hopp til innhold
Trøndelag fylke sitt fylkesvåpen. Fylkesvåpenet har bilete av ein utbøygd kross i gull mot kvit bakgrunn, slik Olav den heilage sitt skjold såg ut ifølgje sogene. Våpenet er likt det som frå 1955 blei nytta i Nord-Trøndelag fylke. Kjelde: Trøndelag fylkeskommune, grafisk profil.
Trøndelag fylke sitt fylkesvåpen. Fylkesvåpenet har bilete av ein utbøygd kross i gull mot kvit bakgrunn, slik Olav den heilage sitt skjold såg ut ifølgje sogene. Våpenet er likt det som frå 1955 blei nytta i Nord-Trøndelag fylke. Kjelde: Trøndelag fylkeskommune, grafisk profil.
X
Innhald

Trøndelag fylke

I 1804 blei Trondhjems amt delt i to. Gauldal, Orkdal, Fosen og Trondheim blei samla i eit sørleg amt, og Namdalen og Inntrøndelag i eit nordleg. Frå 1. januar 2018 er heile området igjen samla i eitt fylke.

Dei to fylka Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag var eitt sjølvstendig amt i 99 år, frå Romsdals amt blei skilt ut i 1705. Etter 213 år som sjølvstendige einingar blei fylket slått i hop 1. januar 2018, etter vedtak i begge fylkeskommunane på Stiklestad i april 2016. Dette er den første fylkessamanslåinga i Noreg sidan 1972, då Hordaland og Bergen blei slått saman.

 

Fylket har to offisielle namn: Trøndelag på norsk og Trööndelage på sørsamisk. Sidan sørsamisk har fleire kasus, heiter fylkeskommunen Trööndelagen fylhkentjïelte, og fylket Trööndelagen fylhke.

 

Fylkeskommunen er ein del av det samiske forvaltningsområdet. Det var det berre Nord-Trøndelag som var før samanslåinga. Fylket er elles språknøytralt, slik begge fylka var før samanslåinga.

 

Trøndelag er det nest største fylket i landet i areal og det femte mest folkerike fylket. Administrasjonssenteret for fylkeskommunen ligg i Steinkjer, og rådmannen sit der, medan fylkesordføraren har fast kontor i Trondheim. Fylkesmannen har sete i Steinkjer.

 

Steinkjer var administrasjonssenter i Nord-Trøndelag fylke, medan Trondheim var senteret i Sør-Trøndelag. Trondheim var også hovudsete for fylkesmannen då fylket sist var samla, i 1804.

 

Den første fylkesordføraren i det samla Trøndelag fylke er Tore Sandvik (Ap).

 

Fylkesvåpenet til det nye fylket er Olavskrossen, slik det også var det i Nord-Trøndelag.

 

Inndeling av fylket

Det nye fylket frå 1. januar 2018 har 47 kommunar.

 

Nord-Trøndelag valkrins til Stortinget: Flatanger, Fosnes, Frosta, Grong, Høylandet, Inderøy, Leka, Levanger, Lierne, Meråker, Namdalseid, Namsos, Namsskogan, Nærøy, Overhalla, Røyrvik (samisk: Raarvihken), Snåsa (samisk: Snåasen), Steinkjer, Stjørdal, Verdal, Verran og Vikna.

 

Sør-Trøndelag valkrins til Stortinget: Agdenes, Bjugn, Frøya, Hemne, Hitra, Holtålen, Klæbu, Malvik, Meldal, Melhus, Midtre Gauldal, Oppdal, Orkdal, Osen, Rennebu, Roan, Røros, Selbu, Skaun, Snillfjord, Trondheim, Tydal, Ørland og Åfjord.

 

Rissa i Sør-Trøndelag og Leksvik i Nord-Trøndelag slo seg saman til Indre Fosen kommune 1. januar 2018. Det er ikkje avklart kva valkrins til Stortinget denne kommunen skal høyre til.

 

Nordmørskommunen Halsa blir frå 1. januar 2020 slått saman med Hemne og ein del av Snillfjord kommune. Denne kommunen blir ein del av Trøndelag fylke. Ein annan del av Snillfjord blir slått saman med Orkdal, Agdenes og Meldal. Den siste delen av Snillfjord blir ein del av Hitra kommune. Andre samanslåingar som er vedtekne, er Trondheim og Klæbu, Bjugn og Ørland, Roan og Åfjord, Namdalseid, Namsos og Fosnes, Steinkjer og Verran og Nærøy og Vikna.

 

Frå 1. januar 2020 får fylket såleis 37 kommunar. På det meste hadde området 104 kommunar (frå 1926 til 1962).

 

Les meir om klima, historie, samfunn, politikk og kultur i artiklane om dei to tidlegare fylka: Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag.

 

Kjelder

Audun Dybdahl og Ida Bull: Trøndelags historie, bd. 2. Trondheim 2007

 

SSB: «Befolkning og areal i tettsteder», sist oppdatert 19.12.2017: https://www.ssb.no/befolkning/statistikker/beftett/aar [lesedato 29.12.2017]

Trøndelagsutredningen, politisk intensjonsplan om samanslåinga av Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag: https://trondelagsutredningen.no/ [lesedato 15.12.2017]

Trøndelag fylkeskommune: «Fakta om Trøndelag»: https://www.trondelagfylke.no/om-oss/om-trondelag/om-trondelag/ [lesedato 15.12.2017]

Først publisert: 31.12.2017
Sist oppdatert: 03.01.2018