Hopp til innhold

Tungtvassaksjonen

Natt til 28. februar 1943 sprengde fire norske sabotørar tungtvassanlegget i kjellaren på Norsk Hydro sin fabrikk på Vemork ved Rjukan. Ei sikringstropp på fem sabotørar sikra retretten, men ikkje eit einaste skot blei løyst.

Det som er blitt kalla den mest vellykka sabotasjeaksjonen under andre verdskrigen var eit faktum. Aksjonen hadde kodenamnet «Gunnerside», og dette var ein av fire militære aksjonar som hadde som formål å hindre at Nazi-Tyskland skulle få tilgang på nok tungtvatn til å kunne utvikle ei atombombe.

Det første forsøket på å øydeleggje denne produksjonen blei gjort i november 1942, då ei gruppe på fire norske lokalkjende Linge-soldatar, Jens-Anton Poulsson (1918–2010) (leiar), Arne Kjelstrup (1913–1995), Knut Haugland (1917–2009) og Claus Helberg (1919–2003), blei sleppte ut i fallskjerm på Hardangervidda. Dei var alle frå Rjukan-området og kjende både kvarandre og terrenget godt. Under kodenamnet «Grouse» (rype) skulle dei fire førebu ei landing på det islagde Møsvatnet av to britiske glidefly med spesialtrena britiske ingeniørsoldatar om bord.

Dei britiske soldatane skulle ta seg fram til Rjukan og øydeleggje tungtvassanlegget. Aksjonen hadde kodenamnet «Freshman». Bruken av glideflya enda i tragedie. Over Rogaland tok flya til å ise, og sleparen på det eine glideflyet rauk og flyet styrta sør for Lysefjorden. Trekkflyet kom seg attende til England. Det andre trekkflyet fekk problem og måtte sleppe glideflyet, som landa ved Egersund, medan trekkflyet styrta i Hæstadfjellet. Alle i trekkflyet omkom, medan ni ingeniørsoldatar frå glidaren som landa sør for Lysefjorden, overlevde. Fem av dei blei seinare avretta i Trandumskogen, og fire andre blei avretta i Stavanger etter omfattande tortur. Alle 14 overlevande frå glideflyet som landa ved Egersund, vart avretta dagen etter landinga. Til saman var det 41 menneske som miste livet i denne mislykka aksjonen.

Dei fire Linge-soldatane i Grouse-gruppa såg ikkje noko til flya som dei skulle ta imot. Dei blei verande på Hardangervidda i påvente av ein ny aksjon mot tungtvassproduksjonen. Ventetida blei lang, og dei sleit med å skaffe seg mat. Dei prøvde seg til og med på kokt reinlav.

Minnetavle for falne i operasjon Freshman, det første forsøket på å øydeleggje tungtvassanlegget. Foto: ㇹヮィㇳ, Flickr.com CC BY 2.0.

Minnetavle for falne i operasjon Freshman, det første forsøket på å øydeleggje tungtvassanlegget. Foto: ㇹヮィㇳ, Flickr.com CC BY 2.0.

«Operasjon Gunnerside»

I London blei det etter kvart gitt klarsignal til eit nytt forsøk på å sabotere tungtvassproduksjonen. Seks Linge-soldatar, under leiing av Joachim Rønneberg (1919–), skulle sleppast ut i fallskjerm i nærleiken av hytta der Grouse-gruppa hadde slått leir. Dei andre i denne gruppa var Knut Haukelid (1919–1994), Kasper Idland (1918–1968), Birger Strømsheim (1911–2012), Hans Storhaug (1915–1995) og Fredrik Kayser (1918–2009). Saman skulle Rønneberg si gruppe, Gunnerside, og Jens-Anton Poulsson si gruppe, Grouse, stå for aksjonen mot tungtvassanlegget. Grouse-gruppa blei ein del av Gunnerside-gruppa, framleis med Rønneberg som sjef, og med Jens-Anton Poulsson som nestsjef. Aksjonen blei gjennomført i britisk uniform for å hindre represaliar mot sivile på Rjukan.

Dei ni sabotørane delte seg i to grupper. Ei sikringsgruppe, som skulle halde vakt og eventuelt uskadeleggjere tyskarar som måtte prøve å hindre sprenginga, blei leia av Knut Haukelid, og med Jens-Anton Poulsson, Claus Helberg, Arne Kjelstrup og Hans Storhaug som medlemer. Den gruppa som skulle trengje inn i anlegget og stå for sjølve sprenginga, blei leia av Joachim Rønneberg, og hadde Fredrik Kayser, Kasper Idland og Birger Strømsheim som medlemer.

Claus Helberg hadde rekognosert og konkludert med at det var mogleg for sabotørane å ta seg usett ned i juvet og over elva Måna. Same vegen blei vald som retrett. Dei starta klokka 20.00 og var på plass ved fabrikken klokka 23.30. 15 tyskarar var vakt ved anlegget, og dei heldt til i ei vaktbu. Klokka 00.30 kutta sabotørane kjettingen på porten inn til fabrikken. Hovuddøra var stengd, men dei kom seg inn i kjellaren langs eit kabelinntak. Dei la ut 4,5 kilos sprengladningar langs produksjonsanlegget for tungtvatn, og dei opphavelege to minutts luntene blei kutta med til 30 sekund for at dei skulle vere sikre på at anlegget blei sprengt. Dei kom seg så vidt ut av kjellaren før det small.

Den lange skituren

Heile aksjonen var over på 30 minutt, ikkje eit skot blei løyst, og sabotørane gjekk same vegen tilbake. Det var skareføre innover fjellet og skispora deira viste ikkje. Ei gruppe på fem mann, Gunnerside-gruppa minus Knut Haukelid, starta så på ein 15 dagars skitur til Sverige. 50 mil gjekk dei under leiing av Rønneberg, og utan å bli oppdaga, trass i at tyskarane sende nærmare 1200 politifolk saman med 200 frå den norske hirda på jakt etter dei. Dei var heldige i starten, med skaresnø som gjorde at skispora ikkje var synlege. Det som måtte vere av spor, blei òg viska bort av snøstorm.

Planen var å gå mest om natta, men det blei for slitsamt. Difor valde dei å gå til fjells på dagtid, og så krysse dei store dalføra om natta. Rønneberg hadde teke med seg 25 kartblad som skulle dekkje dei områda dei passerte på turen, og han var ein meister i å navigere etter kart. Risikoen for å møte skiløparar var stor, særleg då dei kryssa dalane. Dei jakta òg på mat, og kom seg inn på hytter og tok med seg den provianten dei fann. Dei blei ikkje oppdaga, og i ettertid har Rønneberg kalla den lange turen «ein uvanleg vinterferie». Torsdag 18. mars klokka 20.15 passerte dei svenskegrensa og var trygge.

«Gunnerside», som òg blir kalla Vemork-aksjonen, blei rekna som den mest vellukka sabotasjeaksjonen under andre verdskrigen. «Kva slags heider skal vi gi til desse heroiske mennene», spurde statsminister Winston Churchill i eit brev til Lord Selbourne, den britiske ministeren for krigføring. Dei fekk sjølvsagt alle dei heidersmedaljar som både Noreg, Storbritannia, USA og Frankrike hadde å tilby for slik innsats. Rønneberg, Poulsson, Haugland og Haukelid blei alle heidra med den høgaste norske ordenen, Krigskorset med sverd. Alle fekk òg St. Olavsmedaljen med eikegrein, Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70-årsmedalje, den britiske heideren Distinguished Service Order, den franske Æreslegionen og den amerikanske Medal of Freedom med sølvpalme.

Lydklipp frå NRK Skole: «Aksjonen på Vemork».

Rjukan blir bomba

Det gjekk ikkje lang tid før tyskarane og Norsk Hydro hadde bygd opp att produksjonsanlegget for tungtvatn. Då dei allierte fekk nyss om det, blei det vedteke å bombe fabrikken på Rjukan. I november 1943 gjekk 143 B-17 bombefly i lufta med Rjukan som mål. Flya sleppte 711 bomber over Rjukan, over 600 av dei bomma på fabrikken der tungtvatnet blei produsert, medan mange sivile i Rjukan blei drepne. Motstandsmannen og professoren Leif Tronstad, som hadde vore med på å planleggje mykje av tungtvassaksjonen, åtvara mot bombing, for han meinte at bombene ikkje kunne kome nær nok produksjonsanlegget i kjellaren i den solide steinbygningen. Han fekk rett.

Lydklipp frå NRK Skole: «Tungtvannsaksjonen på Rjukan».

Ferja D/F «Hydro» blir senka

Tyskarane ville flytte heile tungtvassproduksjonen til Tyskland, og dei planla å sende restlageret med tungvatn med ferja over Tinnsjøen. Fem tønner med tungtvatn skulle sendast, og under leiing av Linge-karen Knut Haukelid blei det planlagt ein sabotasjeaksjon mot ferja D/F «Hydro», som skulle frakte tungtvatnet over Tinnsjøen. 20. februar 1944 gjekk Knut Haukelid og Knut Lier-Hansen frå det lokale Milorg om bord i ferja på sein kveldstid og fekk plassert ei tidsinnstilt sprengladning nede i ferja. Den lokale motstandsmannen Rolf Sørlie heldt vakt, og dei få tyske vaktene som var der, oppdaga ingenting. På det djupaste av Tinnsjøen kom eksplosjonen, som gjorde at ferja gjekk ned. 14 nordmenn og fire tyskarar omkom i samband med senkinga av ferja. Sabotørane kom seg også denne gongen unna utan å bli oppdaga og utan å ha løyst eit einaste skot.

I ettertid blei det stilt spørsmål om tyskarane hadde fått nyss om sabotasjeaksjonen, og at dei hadde bytt ut tungtvasstønnene med vanlege vasstønner. Nokre få av tønnene var berre halvfulle og flaut opp, og desse tønnene blei sende til Tyskland. I 1993 blei ei av tungtvasstønnene henta opp frå botnen av Tinnsjøen, og innhaldet blei analysert av fagfolk. Konklusjonen var at det var tungtvatn i tønnene.

Etter denne sabotasjeaksjonen flytta tyskarane tungtvassproduksjonen til Tyskland.

Kompani Linge

Alle hovudpersonane i tungtvass-aksjonane var innrullerte i Norwegian Independent Company NO. 1. Dette blei populært kalla Kompani Linge, etter leiaren, kaptein Martin Linge. Kompaniet fekk det offisielle heidersnamnet sitt etter at leiaren blei drepen under Måløy-raidet i romjula 1941. Dette var ei britisk kommandoavdeling av frivillige nordmenn. Kompaniet skulle vere med på sabotasjeaksjonar i Noreg, instruere norske heimestyrkar og rapportere om krigen i Noreg. I 1945 var 245 soldatar med i kompaniet. I alt 530 soldatar var med i løpet av krigsåra, og av desse var det 57 som miste livet i teneste. Etter krigen etablerte dei som hadde vore med i kompaniet, Lingeklubben, som heldt kameratskapen ved like heilt fram til 17. oktober 2007, då klubben blei lagd ned.

Film og fjernsyn

Tungtvassaksjonen er filmatisert to gonger – den norske filmen «Kampen om tungtvannet» (1948), der fleire av sabotørane spela seg sjølve, og den amerikanske «The Heroes of Telemark» (1965), med Kirk Douglas i hovudrolla. I 2015 produserte NRK ein fjernsynsserie i seks delar med tittelen «Kampen om tungtvannet», der ein òg fletta inn scener frå det tyske arbeidet med å førebu ei atombombe. Serien blei svært godt motteken og sette rekord i sjåartal.

Frå premieren på «Kampen om tungtvannet», 1948. Frå venstre: Knut Haukelid, oachim Rønneberg, Jens-Anton Poulsson og Arne Kjelstrup. Kong Haakon helsar på Poulsson. Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum på Olsbilder.no CC BY-SA.

Frå premieren på «Kampen om tungtvannet», 5. februar 1948. Frå venstre: Knut Haukelid, Joachim Rønneberg, Jens-Anton Poulsson og Arne Kjelstrup. Kong Haakon helsar på Poulsson. Foto: Leif Ørnelund. Kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA (biletnr.: OB.Ø48/0188). 

Kjelder

Gunnar Myklebust: Tungtvannssabotøren. Joachim H. Rønneberg – Linge-kar og fjellmann. Oslo 2011

Knut Haukelid: Kampen om tungtvannet. Oslo 1965

Kjell Harald Lunde: Sabotøren. Et portrett av mennesket og krigshelten Fredrik Kayser. Bergen 1997

Jens-Anton Poulsson: Tungtvannssabotasjen. Oslo 2009

Svein Sæter: Operatøren. Knut Hauglands egen beretning. Oslo 2008

Marianne Nordahl: «Tungtvannsaksjonen som mislyktes», forskning.no: http://forskning.no/historie-andre-verdenskrig/2011/06/tungtvannsaksjonen-som-mislyktes[lesedato 12.4.2015]

«Tungtvannsaksjonen», wikipedia.org: http://no.wikipedia.orgT/wiki/Tungtvannsaksjonen [lesedato 12.4.2015]

«Tungtvannsaksjonen», snl.no: https://snl.no/tungtvannsaksjonen [lesedato 12.4.2015]

Først publisert: 19.04.2016
Sist oppdatert: 22.10.2018