Hopp til innhold

Ulf Kristersson

Ulf Kristersson er ein svensk konservativ politikar og siviløkonom. Han er partileiar for Moderaterna, det største borgarlege partiet i Sverige.

Ulf Hjalmar Kristersson er fødd 29. desember 1963 i Lund og voks opp i Eskilstuna i Södermanland. Han er utdanna siviløkonom ved Uppsala Universitet. Frå 1988 til 1992 var Kristersson leiar for Moderaternas Ungdomsförbund, der han vart medlem som tenåring på S:t Eskils gymnasium. Frå 1991 til 2000 representerte han Moderaterna i Riksdagen. Mellom 1995 og 1998 var han òg marknadssjef i den næringsliberale tankesmia Timbro.

Etter 2000 arbeidde Kristersson eit par år i det private næringslivet, før han gjekk tilbake til politikken i 2002, først som kommunalråd for finans i Strängnäs og frå 2006 som byråd for sosiale tenester i Stockholm. Frå 2010 til 2014 var han trygdeminister i regjeringa til Fredrik Reinfeldt, ei borgarleg koalisjonsregjering.

Etter valet i 2014 gjekk Kristersson tilbake til Riksdagen og fekk posisjonen som nestleiar i finansutvalet og finanspolitisk talsperson for Moderaterna. I 2017 vart han vald til ny partileiar i Moderaterna etter Anna Kinberg Batra. Han er statsministerkandidat for den borgarlege Alliansen ved riksdagsvalet i 2018.

Som partileiar har Kristersson profilert seg på ein strengare politikk innanfor innvandring, integrering og justis, og han har kritisert den meir liberale politikken partiet førte under Fredrik Reinfeldt. Samstundes har han teke skarp avstand frå Sverigedemokraterna, som har henta mange veljarar frå Moderaterna.

Kristersson har definert seg som liberalist med konservative innslag og går inn for ein «verdibasert pragmatisme» som søkjer praktiske løysingar og samarbeid med utgangspunkt i dei verdiane partiet står for. Han har gitt ut fleire debattbøker, mellom dei Klyftan mellan väljare och valda (1988), Non-working generation (1994) og Trygghet och välfärd i en ny ekonomi (2000).

Kjelder

Moderaterna si nettside om Ulf Kristersson, moderaterna.se: https://moderaterna.se/ulf-kristersson [lesedato 1.9.2018]

Riksdagen si nettside om Ulf Kristersson, riksdagen.se: https://www.riksdagen.se/sv/ledamoter-partier/ledamot/ulf-kristersson_e7e4132a-b4df-11d5-8079-0040ca16072a [lesedato 1.9.2018]

Karin Eriksson, «Ulf Kristersson: Den svåraste regeringsbildningen någonsin», reportasje i Dagens Nyheter 8.6.2018 (krev abonnement), dn.se: https://www.dn.se/nyheter/politik/ulf-kristersson-den-svaraste-regeringsbildningen-nagonsin/ [lesedato 1.9.2018]

Ulf Kristerssons tale på ekstraordinær kongress i Moderaterna 2017, youtube.com: https://www.youtube.com/watch?v=XFhxmeCSmGA&t=2156s [sett 1.9.2018]

Margaux Dietz, «Partitempen X Ulf Kristersson», intervju på YouTube i 2018, youtube.com: https://www.youtube.com/watch?v=0oiYKBOH5yM [sett 1.9.2018]

«Ulf Kristersson – Man måste låta sig prövas», intervju i Axess TV i 2017, youtube.com: https://www.youtube.com/watch?v=5K_FmI5PC9Q [sett 1.9.2018]

Først publisert: 05.09.2018
Sist oppdatert: 12.09.2018