Hopp til innhold

Ulikskap

Ulikskap i samfunnet oppstår når goda i samfunnet er skeivt fordelte og somme grupper har dårlegare livssjansar og levekår enn andre.

Ulikskap er motstykket til likskap, og likskap for lova er nedfelt i alle demokratiske statar. I Noreg har i tillegg kulturell og sosial likskap vore ein kjerneverdi.

Kulturell likskap dreiar seg om å dele historiske og språklege erfaringar. Dersom levesettet mellom fleirtalet og mindretalsgrupper er ulikt, kan styresmaktene reagere med press på mindretalet for å tilpasse dei storsamfunnet. Noreg har ei lang historie om diskriminering av minoritetar, til dømes romar og romaniar. Innvandrarar som har kome til Noreg frå rundt 1970, utgjer dei nye minoritetane. Dei har same formelle rettar som andre nordmenn og vern mot diskriminering.

Sosial likskap handlar om å ha same sjansar i livet, uavhengig av sosial bakgrunn. Bygginga av velferdsstaten på 1900-talet var det politiske grepet for å fremje sosial og økonomisk likskap. Lovene er upartiske og sikrar alle lik tilgang på offentlege gode. Den formelle likskapen er likevel ikkje alltid nok til å oppnå likskap i praksis. Lik rett til utdanning kan til dømes vere urealistisk dersom barn har manglande norskkunnskapar, og målet om helse for alle er avhengig av at det finst tilgjengelege helsetenester over heile landet.

Resultatlikskap oppstår først når formell likskap fører til reell likskap, ved at grupper med ulike føresetnader faktisk oppnår dei same goda. For å redusere sosial ulikskap har skandinaviske land drive utjamningspolitikk gjennom skattar og sosialpolitikk. Å fremje resultatlikskap er opphaveleg ein sosialistisk tenkjemåte. Konservative parti har i større grad nøgd seg med formell likskap. Etter krigen har Noreg vore kjenneteikna av stor grad av resultatlikskap, men dei siste tiåra har ulikskapen auka.

 

Kjelder

Bård Amundsen: «Økonomisk ulikhet: Tre årsaker til at ulikheten vokser», forskning.no, publisert 4.3.2019: https://forskning.no/penger-ulikhet/okonomisk-ulikhet-tre-arsaker-til-at-ulikheten-vokser/1300204 [lesedato 21.3.2020]

NRK TV: «Hvorfor øker ulikheten i Norge?», tv.nrk.no, publisert 7.3.2019: https://tv.nrk.no/serie/debatten/201903/NNFA51030719/avspiller [sjåardato 22.3.2020]

Mike Savage: «Intervju med Thomas Piketty (del 1)», omsett av Pål Halvorsen, sosiologen.no, publisert 5.7.2016: https://sosiologen.no/intervju/intervju-thomas-piketty/ [lesedato 21.3.2020]

 

Peikarar

Aina Ebube I. Helgheim: «De som rammes hardest», klassekampen.no, publisert 16.3.2020

Først publisert: 14.10.2020
Sist oppdatert: 20.10.2020