Hopp til innhold
X
Innhald

Ulv

Ulvar høyrer til hundefamilien Canidae. I Noreg er ulven totalfreda og står på raudlista. Stortinget har bestemt eit nasjonalt bestandsmål på 4–6 ulvekull kvart år, der tre av kulla skal vere heilnorske.

Ulvar høyrer til hundefamilien Canidae. Det finst tre artar i slekta Canis. Ulv, Canis lupus, er utbreidd i Nord-Amerika, Europa, Asia og Midtausten. Vinteren 2015–16 vart det registrert 430 ulvar i Skandinavia. Av desse levde omkring 65 på norsk side, i tillegg til minst 25 som levde på begge sider av riksgrensa mot Sverige.

Ulven har ei kroppslengd på 100–150 cm, skulderhøgd på ca. 80 cm og vekt på 12–80 kg. Han har usedvanleg god høyrsel og luktesans. Han lever og jagar i grupper på seks til åtte dyr innanfor territorium som vert markerte. Pelsfargen er frå grå til brunaktig grågul. Levealderen er 8–16 år, noko meir i fangenskap.

Prærieulv, coyote, finst frå Nord-Alaska, i heile USA og delar av Canada til Costa Rica. Han har ei vekt på 11,5–13,5 kg.

(Artikkelen held fram under biletkarusellen)

galleri

Ulvesona og bestand

Ulven vert i vernesamanheng rekna som direkte truga. Ulven i Noreg har vore totalfreda sidan 1971. Det er derfor ikkje lov å jakte på ulv, men det kan fattast vedtak om lisensfelling eller skadefelling.

Forvaltningsområdet for ynglande ulv i Noreg, kalla ulvesona, er det området som Stortinget har bestemt at ulven skal ha som leveområdet sitt.

Stortinget bestemte i 2016 eit nytt nasjonalt bestandsmål for ulv. Det nye bestandsmålet for ulv er 4–6 ulvekull per år, der tre av kulla skal vere fødd i heilnorske revir. Også ulvekull fødd utanfor ulvesona tel no med. Ulvekull i grenserevir mellom Noreg og Sverige reknast med med ein faktor på 0,5. Det nasjonale bestandsmål for ulv var før dette på tre ulvekull kvart år, fødd i heilnorske revir innanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv i Noreg.

Sjå video frå NRK Skole, «Ulvens språk», sendt i 2013:


Utvikling av ulvebestanden i Skandinavia 1999–2016. Kjelde: mijostatus.no/ulv, lisens: Norsk lisens for offentlege data.

Utvikling av ulvebestanden i Skandinavia 1999–2016. Kjelde: mijostatus.no/ulv, lisens: Norsk lisens for offentlege data.

Kjelder

«Nytt bestandsmål og ny sone for ulv», regjeringa.no, publisert 22.6.2016: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/nytt-bestandsmal-og-ny-sone-for-ulv/id2505558/ [lesedato 28.9.2016]

«Spørsmål og svar om norsk ulvepolitikk», regjeringa.no, sist oppdatert 14.7.2016: https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/naturmangfold/innsiktsartikler-naturmangfold/rovvilt-og-rovviltforvaltning/sporsmal-og-svar-om-norsk-ulvepolitikk/id2480696/ [lesedato 28.9.2016]

«Rovvilt og rovviltforvaltning», regjeringa.no, sist oppdatert 14.7.2016: https://www.regjeringen.no/no/tema/klima-og-miljo/naturmangfold/innsiktsartikler-naturmangfold/rovvilt-og-rovviltforvaltning/id2076779/ [lesedato 28.9.2016]

Peikarar

Om ulv på Rovviltportalen

Om ulv på Rovdata

Om ulv på Miljøstatus

Rovbase, database om rovviltinformasjon

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.09.2013
Sist oppdatert: 09.01.2019