Hopp til innhold

Unni Wikan

Unni Wikan, professor emerita i sosialantropologi, spesialist på leveviset til kvinner i muslimske land og omstridd bidragsytar i den norske integreringsdebatten.

Unni Wikan er fødd på Ibestad i Troms 18. november 1944. Ho studerte sosiologi i Oslo, sosialantropologi i Bergen og arabisk i Kairo, og var tilsett ved Universitet i Bergen og Noregs allmennvitskaplege forskingsråd i 1970–80. I 1980 tok ho doktorgraden ved Universitetet i Oslo og var professor i sosialantropologi same staden frå 1987 til 2014.

Wikan har gjort storparten av forskinga si i Midtausten og Asia. Ho har konsentrert seg om kvinner sitt daglegliv og har brukt deltakande observasjon for å bli kjend med dei. Ho er oppteken av at sosialantropologar må gå bak kulturen for å forstå kva som motiverer folk sine handlingar. Ho slår fast at alle inngår i ein kultur, men ingen er identisk med kulturen.

I Kairo fekk Wikan innsyn i korleis fattige kvinner takla kvardagen. Feltarbeidet i Oman, som munna ut i doktoravhandlinga, er ein studie av kjønnsroller. På Bali lærte ho om strategiar for å leve opp til kravet om kulturell harmoni.

I fleire tiår har Wikan hatt tydelege meiningar om norsk integreringspolitikk. Ho har forsvart minoritetsungdomar sin rett til å velje ektefelle og livsstil, og har kritisert politikarar og ekspertar for å skugge unna undertrykkjande tradisjonar i innvandrarmiljø. I bøker og andre medium har ho drøfta det kollektive æresomgrepet som legitimerer vald mot kvinner, og ho seier at storsamfunnet sviktar kvinnene dersom vi ikkje tek æresvald på alvor.

I 2004 fekk ho Fritt Ords Pris for å løfte fram verdikonfliktar i det fleirkulturelle Noreg.

 

Kjelder

Unni Wikan: Om ære. Oslo 2008

 

Jan Brøgger: «Unni Wikan», Norsk biografisk leksikon, nbl.snl.no, publisert 13.2.2009: https://nbl.snl.no/Unni_Wikan [lesedato 4.10.2020]

NRK P2: «Sommer i P2», med Unni Wikan som gjest, sendt 27.7.2017, radio.nrk.no: https://radio.nrk.no/serie/sommer-i-p2/mkrv14003917/27-07-2017 [lyttedato 15.1.2020]

NRK P2: «Verdibørsen», med Unni Wikan som gjest, sendt 14.10.2017, radio.nrk.no: https://radio.nrk.no/serie/verdiboersen/mkrv17015917/14-10-2017 [lyttedato 15.1.2020]

 

Peikarar

Laial Janet Ayoub: «Norge gjør ikke nok for å bekjempe æresvold», abcnyheter.no, publisert 9.1.2020

Frode Sulland: «Uheldig av Unni Wikan», aftenposten.no, sist oppdatert 20.10.2011

Digitaliserte bøker av Unni Wikan på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 30.10.2020
Sist oppdatert: 19.11.2020