Hopp til innhold

Urfolk

Urfolk er menneske som har budd i eit område før området vart erobra av andre folkegrupper og innlemma i eit storsamfunn.

Det finst urfolk i alle verdsdelar og i meir enn 70 land, i alt ca. 350 millionar menneske. I Australia bur aboriginarar, i Midtausten beduinar, i Afrika masaiar. Då europearane kom til Nord- og Sør-Amerika, hadde urfolk som mayaer, inkaer og aztekarar ein høgt utvikla sivilisasjon. Mange stader vart dei opphavelege folkegruppene eit mindretal i dei nye statane. I nokre få land utgjer dei likevel minst halvparten av folkesetnaden.

I Europa er samane urfolk. Dei bur i Noreg, Sverige, Finland og Russland og utgjer om lag 100 000 menneske, av dei 50 000 i Noreg. Språket i Sameland er variantar av samisk, som ofte er innbyrdes uskjønlege. I Noreg vert det snakka nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Den tradisjonelle levevegen til samane har vore jakt, fiske og jordbruk, som fastbuande eller som nomadar. På 2000-talet har fleirtalet av samane dei same yrka som folk elles.

Over heile verda har det vore politisk press på urfolk for å tilpasse dei til fleirtalskulturen, og mange har mist både språk og identitet. Frå 1870 til 1950 førte styresmaktene i Noreg ein streng fornorskingspolitikk. På skulen fekk samiske barn undervising berre på norsk, og mange såg helst at både språket, religionen og den tradisjonelle kulturen til samane vart utradert.

Samisk familie i Finnmark, ca. 1905. Foto: Anders Beer Wilse/Norsk Folkemuseum, Stortinget på flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Samisk familie i Finnmark, ca. 1905. Foto: Anders Beer Wilse/Norsk Folkemuseum, Stortinget på flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Rundt 1960 kom det eit omslag i synet på urfolk, både nasjonalt og internasjonalt. I Noreg protesterte samane mot diskriminering og kjempa for rett til landområde. I 1959 vart lova om norsk som skulespråk oppheva. Samelova (1987) sikra samane rett til å fremje samiske interesser og la grunnlaget for Sametinget (1989). Også i Sverige, Finland og Russland har samane eigne parlamentariske forsamlingar.

Internasjonalt har det vakse fram eit nettverk av formelle rettar for urfolk. FN sin konvensjon om sivile og politiske menneskerettar (1966) forbyr diskriminering av minoritetar og stiller krav til styresmaktene om å fremje minoritetane sine interesser. 170 land har signert avtalen. I 2007 fremja FN ein eigen urfolksdeklarasjon, som skal sikre individuelle og kollektive rettar for urfolk. 144 land stemte for deklarasjonen.

ILO, Den internasjonale arbeidsorganisasjonen, vedtok i 1989 ein konvensjon om urfolk og stammefolk sin rett til å verne og vidareutvikle eigen kultur. Noreg var det første landet som godkjende konvensjonen, seinare har 22 andre land kome til (per 2012). I 1990-åra la Europarådet fram traktatar til vern av nasjonale minoritetar og minoritetsspråk. 25 land har gjort desse traktatane til gjeldande lov.

Stortinget sette i 2018 ned ein sannings- og forsoningskommisjon som skal sjå på verknadene av fornorskingspolitikken mot samane.

FN markerer 2019 som internasjonalt år for urfolksspråk.

Kjelder

Bente Persen: «'At bringe dem fram til mands modenhet'. En studie av fornorskningen av samene i Porsanger, 1880–1980». Masteroppgåve. Universitetet i Oslo 2008, duo.uio.no: https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/24334/Masteroppgavex-xBentexPersen.pdf?sequence=2 [lesedato 16.8.2019]

Regjeringa: «Hvem er urfolk» regjeringa.no, publisert 2018: https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/samepolitikk/midtspalte/hvem-er-urfolk/id451320/ [lesedato 16.8.2019]

Ketil Zachariassen:» Fornorskingspolitikken overfor samar og kvenar», norgeshistorie.no, publisert 1.9.2016: https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/artikler/1554-fornorskingspolitikken-overfor-samar-og-kvenar.html [lesedato 16.8.2019]

Peikarar

Trude Haugseth Moe: «En moderne indianerhistorie», uit.no https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=607899&p_dim=88177

NRK TV: «Samer lever kortere enn majoriteten», nrk.no https://www.nrk.no/sapmi/sami-albmotbeaivi-_-slik-feirer-vi-akkurat-na-1.14414579

Norges institusjon for menneskerettigheter: «FNs internasjonale år for urfolksspråk er i gang», nhri.no https://www.nhri.no/2019/fns-internasjonale-ar-for-urfolkssprak-er-i-gang/

Først publisert: 25.11.2019
Sist oppdatert: 30.11.2019