Hopp til innhold
X
Innhald

USA

USA er den mektigaste nasjonen i verda, med store naturressursar og store menneskelege ressursar. Som supermakt er landet både elska og hata. På den eine sida står den amerikanske draumen og verketrongen som førebilete for store delar av verda. På den andre sida er og har USA vore hovudfienden for mange statar, grupperingar og individ.

USA har vore ein sjølvstendig stat sidan 1776, då dei opphavlege 13 koloniane reiv seg laus frå det britiske overherredømet. Landet er gjennom dei siste hundreåra blitt folkesett av innvandrarar, for det meste europearar, som har fortrengt dei amerikanske urfolka (indianarane). Afroamerikanarane i USA ættar frå slavar som blei henta frå Afrika frå 1500-talet og fram til 1800-talet.

Landet er svært rikt på mange typar råvarer og har enorme areal med fruktbar landbruksjord. Det ligg omgitt av store havområde og venlegsinna naboar, og den geografiske plasseringa har gjort det til eii trygt og fredeleg land etter at den amerikanske borgarkrigen tok slutt i 1865. Dei store ressursane har gitt amerikanarane ein levestandard og ei teknologisk utvikling som dei fleste andre land ser opp til. På same tid har USA ført ein utanrikspolitikk som har lagt til rette for kapitalisme og frie marknadskrefter, noko som har gjort landet populært i somme krinsar og mindre populært i andre. Under den kalde krigen blei USA definert som den eine av dei to supermaktene i verda (Sovjetunionen var den andre), og landet stiller framleis i ei eiga klasse når det gjeld politisk, økonomisk og militær makt.

Samansmeltinga av ulike folkeslag og kulturar til eit nytt folk, amerikanarar, har gitt USA tilnamnet «Den store smeltedigelen». Mentaliteten i USA er samtidig prega av nybyggjarkulturen som oppstod då landet blei kolonisert. Forfattaren Will Herberg har skildra «the american way of life» slik: «Den amerikanske levemåten er individualistisk, dynamisk og pragmatisk. Han set vørdnaden for individet i høgsetet og legg vekt på ustoppeleg aktivitet for den enkelte – han skal aldri kvile, men alltid streve for å 'kome vidare' ...»

«The american way of life» er nært knytt til eit anna sentralt omgrep i den amerikanske kulturen – «the american dream», som knyter ideala om demokrati og individuelle rettar saman med utsiktene til utvikling og suksess. Gjennom hardt arbeid skulle amerikanaren ha høve til å jobbe seg oppover den sosiale stigen innanfor eit system med frie marknadskrefter. Dei seinare åra har dette idealet kollidert med realitetane, for statistikken syner at den sosiale mobiliteten i USA er svak. Til dømes blir inntektsskilnadene i USA i sterkare grad enn i mange andre land overført frå ein generasjon til den neste. Kløfta mellom fattige og rike er såleis større i USA enn i mange andre land.


Kart over USA med sine 50 statar. Trykk på kartet for å gå til artikkel om kvar av statane.

USA og tilhøvet til andre land

USA har ein høg levestandard i høve til dei fleste andre land. På FN sin indeks for menneskeleg utvikling for 2013 (der Noreg ligg øvst) finn vi landet på 5.‑plass, under kategori nr. 1: «svært høg grad av menneskeleg utvikling». USA har likevel gått tilbake frå 3.‑plass sidan 2008. Finanskrisa har ført til nedgangstider og vanskelege økonomiske kår for mange amerikanarar dei siste åra. Den amerikanske velferdsstaten er mindre utbygd enn til dømes i dei nordiske landa, sidan fleire samfunnsoppgåver er overlatne til private initiativ.

USA er medlem av FN (Dei sameinte nasjonane). Landet har fast plass i Tryggingsrådet og er medlem av dei fleste FN-organisasjonane. Det har ei førande rolle i NATO og er dessutan medlem av OECD, Verdsbanken, OSSE og OAS (Organisasjonen av amerikanske statar). USA er eit av G7-landa, som kjem saman til «toppmøte» kvart år.

Dei viktigaste handelspartnarane til USA er Canada (eksport) og Kina (import). Landet inngjekk i 1989 ein frihandelsavtale med Canada, som i 1994 blei utvida til å omfatte Mexico (NAFTA). I 2016 blei handelsavtalen TPP signert av USA og elleve andre land som omkransar Stillehavet. Dei siste åra har USA forhandla med EU om ein handels- og investeringsavtale (TTIP). Avtalen skal etter planen omfatte ei investor-stat-tvisteløysing, slik at private bedrifter kan saksøkje statar dersom nye lover fører til økonomiske tap for bedriftene. Dette har ført til sterke reaksjonar i mange europeiske land.

I høve til folketalet har USA relativt lite utanrikshandel. Det kjem av at heimemarknaden er stor og tilgangen god på dei fleste typane av ressursar. Eit unntak er olje. Trass i at landet er den tredje største oljeprodusenten i verda, har USA ikkje nok olje til eige forbruk, og landet er såleis den største oljeimportøren i verda. På grunn av dette har USA vore avhengig av stabile leveransar frå, og gode relasjonar til, landa i Midtausten. Takka vere nye metodar for utvinning av skiferolje og skifergass har den amerikanske produksjonen auka kraftig dei siste åra, og USA er såleis mindre avhengig av import enn tidlegare.

Utvinning av olje i Texas. Foto: faungg's photos, Flickr.com CC BY-ND 2.0

Utvinning av olje i Texas. Foto: faungg's photos, Flickr.com CC BY-ND 2.0

Krigane i Afghanistan og Irak på 2000-talet blei stort sett finansierte gjennom lån, noko som auka den amerikanske gjelda kraftig. Kostnadene med krigane har dessutan hindra investeringar i andre sektorar, noko som har verka sterkt negativt inn på den amerikanske økonomien. USA blei dessutan hardt råka under finanskrisa i 2008. Sjølv om det har vore teikn til betring i økonomien dei siste åra, slit landet med store budsjettunderskot og ei høg utanlandsgjeld. Kina, som er ei konkurrerande økonomisk stormakt, er den største kreditoren til USA.

USA yter bistand til svært mange av landa i verda, det gjeld både militær og sivil støtte. Og USA har hatt og har framleis sterk innverknad på styringa og økonomien i mange land. Særleg i dei latinamerikanske landa har det vore vanskeleg for styresmaktene å følgje ein annan politisk veg enn den USA har ønskt, og fleire regjeringar er blitt styrta med amerikansk medverknad. Etter den kommunistiske maktovertakinga på Cuba gjennomførte USA handelsboikott og økonomiske sanksjonar mot landet. Ein liknande politikk blei ført mot Iran, frå den islamske revolusjonen der i 1979 og fram til ein atomavtale kom på plass i 2016. Forholdet til Russland har vore prega av konflikt og gjensidige sanksjonar etter den russiske anneksjonen av Krim i 2014.

Noreg har vore og er framleis nært knytt til USA på mange måtar. Av dei europeiske landa var det i høve til folketalet berre frå Irland at det kom sende fleire emigrantar til USA enn frå Noreg. Etter den andre verdskrigen fekk Noreg sin del av den amerikanske Marshallhjelpa, som skulle få det krigsherja Europa på fote igjen. Sidan 1949, då Noreg valde å gå med i NATO, har norske styresmakter støtta opp om USA politisk. For Noreg er USA dessutan den viktigaste handelspartnaren utanom EU.

Amerikabåten «Stavangerfjord», avgang frå Oslo, ca. 1930. Foto: Anders Beer Wilse kredit: Oslo Museum, oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr. OB.Y6073).

Amerikabåten «Stavangerfjord», avgang frå Oslo, ca. 1930. Foto: Anders Beer Wilse kredit: Oslo Museum, oslobilder.no CC BY-SA 3.0 (biletnr. OB.Y6073).

USA er det nest mest vitja turistlandet i verda (etter Frankrike), med kring 75 millionar turistar årleg, og turiststraumen har auka dei siste åra. Særleg storbyane trekkjer mange besøkjande. Times Square og Central Park i New York og Golden Gate Bridge i San Fransisco høyrer til blant dei mest populære attraksjonane. Andre store turistmål er dei mange moroparkane, til dømes Disneyland Resort i California og Walt Disney World Resort i Florida, nasjonalparkar som Grand Canyon og Great Smoky Mountains, og ikkje minst spelebyen Las Vegas i Nevada. Det viktigaste turistlandet for amerikanarar er Mexico.

USA har flest utanlandsstudentar av alle land i verda, og talet har auka kraftig dei siste åra. Utanlandsstudentane utgjer no kring fire prosent av studentmassen ved amerikanske universitet, og halvparten kjem frå Kina, India og Sør-Korea. I 2014 studerte 1837 nordmenn i USA, og det var såleis det tredje mest populære landet blant norske utanlandsstudentar, etter Storbritannia og Danmark. Knapt 10 prosent av alle amerikanske collegestudentar studerer i utlandet heile eller delar av studietida. Særleg Storbritannia, Sør-Afrika, Danmark, Sør-Korea, Peru, Thailand, Costa Rica og Irland har hatt ein sterk vekst av amerikanske studentar dei siste åra. Ved norske studiestader er det framleis relativt få amerikanarar (472 i 2012), men også her i landet aukar talet.

Grand Canyon. Foto: Marco Verch, Flickr.com CC BY 2.0.

Grand Canyon. Foto: Marco Verch, Flickr.com CC BY 2.0.

Geografi

USA har eit flatemål på over 9,8 millionar kvadratkilometer, noko som gjer landet til det tredje største i verda i utstrekning (etter Russland og Canada). Det strekkjer seg over heile den midtre delen av det nordamerikanske kontinentet, frå Atlanterhavet i aust til Stillehavet i vest, og grensar til Mexico i sør og Canada i nord. Dei to vestlegaste delstatane, Alaska og Hawaii, er utan grense til nokon andre av delstatane i USA. Alaska ligg mot nord mellom Beringstredet og Vest-Canada, og Hawaii er ei øygruppe midt i Stillehavet. Under USA ligg også dei sjølvstyrte territoria Nord-Marianane, Amerikansk Samoa, Guam, Puerto Rico og Dei amerikanske jomfruøyane. Medrekna alle underliggjande øyar i Stillehavet strekkjer USA seg over åtte tidssoner. Statane på det nordamerikanske fastlandet dekkjer fem av desse tidssonene.

Det høgaste fjellet i USA, Denali (tidlegare kalla Mount McKinley), ligg i Alaska og ragar 6191 meter over havet. Den lengste elva er Mississippi/Missouri. Missouri har utspringet sitt i Rocky Mountains, sørvest i Montana, medan Mississippi har utspring i Minnesota. Dei to elvane møtest ved byen St. Louis og renn ut i Mexicogolfen. Dette er den fjerde lengste elva i verda. Andre store elvar er Yukon-elva i Alaska, Rio Grande og Colorado-elva (som begge renn sørover og inn i Mexico) og Arkansas-elva, som munnar ut i Mississippi. Dei store sjøane i grenseområdet mellom USA og Canada er knytte saman av St. Lawrence-elva og utgjer det største ferskvass-systemet i verda.

galleri

Miljø, klima og energi

USA vekslar mellom lågtliggjande sletteland og fjellkjeder som hovudsakleg går i nord–sør-retning. Lengst mot aust ligg ei kystslette ved Atlanterhavet som grensar mot fjellkjeda Appalachane. Vest for denne fjellkjeda ligg Midtvesten og Golfkysten, med vide jordbruksområde som opphavleg var steppeland. Prærien strekkjer seg mot Rocky Mountains, som har mange toppar på over 4000 meter. Vest for denne fjellkjeda, og aust for Pacific Mountain System (med fjellkjedene Sierra Nevada og Cascade Range), ligg eit høgland på mellom 1500 og 3300 meters høgde. Stillehavsregionen lengst mot vest er dominert av lågare fjell med fordjupingar og dalar. Her finst det aktive vulkanar. Også Hawaii og Alaska er fjellrike delstatar.

USA har svært mange ulike vegetasjons- og klimasoner. Polhavskysten av Alaska har arktisk klima, medan dei indre områda av delstaten er dominert av tundra og har korte, men varme somrar og lange, kalde vintrar. Dei andre ytterpunkta er Hawaii og sørspissen av Florida, som har tropisk klima. Dei 48 samanhengande statane i USA ligg alle innanfor den tempererte sona, men også her finn vi svært store variasjonar. Kysten av California har middelhavsklima, med tørre, varme somrar. Vestkysten nord for California er meir nedbørrik, medan ørkenområda i Arizona, Nevada og det indre av California høyrer til dei tørraste områda i verda. Det sentrale USA har innlandsklima, det vil seie at området ikkje er særleg influert av noko hav, men er dominert av kalde luftmassar om vinteren og varme om sommaren. Området er ofte utsett for kraftige torevêr og tornadoar i sommarhalvåret. Sørkysten blir somme tider heimsøkt av tropiske orkanar som kjem inn frå det varme havet i sør. I 2005 gjorde orkanen Katrina at havet fløymde inn over New Orleans, og det førte til fleire tusen døde og store materielle øydeleggingar.

I 2005 gjorde orkanen Katrina at havet fløymde inn over New Orleans. Foto: News Muse, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

I 2005 gjorde orkanen Katrina at havet fløymde inn over New Orleans. Foto: News Muse, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Barskogbeltet i det sørlege Alaska og i Canada held fram inn i det nordaustlege USA og strekkjer seg så langt sør som til Georgia og Alabama. Frå austkysten til vest for Mississippi finst det òg store område med artsrik lauvskog, og lengst i sør finst eviggrøne lauvtre og sumpvegetasjon.

USA har ein rik fauna og flora, som varierer med vegetasjon og klima. I Alaska lever mellom anna isbjørn, kodiakbjørn, svartbjørn, jerv, ulv, fjellrev og villrein. I barskogen nordvest på kontinentet finst artar som elg, gaupe og mår, medan pumaen heldt til i utilgjengelege fjellstrok. På slettene i Midtvesten levde bison og gaffelbukk i store flokkar fram til dei nesten blei utrydda mot slutten av 1800-talet. Seinare har bestandane teke seg opp att. Langs sørkysten finst det alligatorar og krokodillar. Fuglelivet er rikt, med meir over 800 observerte artar (mot 464 i Noreg), og av insekt reknar ein med at det finst kring 100 000 artar (ca. 17 000 i Noreg).

Elektrisitetsproduksjonen stammar for det meste frå fossilt brensel (69 %) og kjernekraft (19 %), medan fornybare energikjelder (vasskraft, vindkraft, solenergi, geotermisk energi og biodrivstoff) utgjer 12 prosent (tal frå 2012). USA har det høgaste totalforbruket av energi i verda og ligg svært høgt også i energiforbruk per innbyggjar.

Som ein av dei fremste industrinasjonane i verda har USA tidleg fått erfare ulike problem med ureining og miljøskadar. Einsidig stordrift innanfor landbruket har ført til utpining og erosjon av jorda, medan storbyane har vore utsette for fotokjemisk smog som følgje av biltrafikk og industriproduksjon. Landet har òg fått merke ekstreme vêrfenomen, som i alle fall delvis kan ha ein samanheng med global oppvarming, til dømes tørkeperioden etter 2011, som har råka California hardt. Samtidig har USA vore tidleg ute med å innføre mange miljøkrav, både når det gjeld utslepp til luft, vatn og jord. Etter at den første luftforureiningslova blei vedteken av Kongressen i 1955, har ein stadig utvikla nye metodar for å avgrense forureining og klimautslepp, og styresmaktene har på si side innført stadig strengare miljøkrav. På den andre sida har USA vore skeptisk til å underteikne internasjonale klimaavtalar, noko som kan kome av ein generell skepsis til å binde seg til internasjonale avtalar i det heile.

Demografi

Ved folketeljinga i 2010 hadde USA 308,7 millionar innbyggjarar. Folketalet i 2016 er stipulert til 323 millionar, noko som gjer USA til det tredje mest folkerike landet i verda. Frå 2000 til 2010 auka folketalet med 9,7 prosent, og det var den nest lågaste relative veksten i noko tiår i landet si historie. Det er i dei sørlege og vestlege statane i USA at folketalet veks sterkast, med Texas, California og Florida på topp. Berre ein stat, Michigan, hadde nedgang i folketalet i perioden 2000–2010. Over 80 prosent av amerikanarane bur i byar og tettbygde område. Dei tettast folkesette områda ligg langs austkysten, dei store sjøane i nord og ved vestkysten. Dei tre største byane er New York (8,2 millionar innbyggjarar), Los Angeles (3,8 millionar) og Chicago (2,7 millionar).

I 2013 var den forventa levealderen 76 år for menn og 81 år for kvinner. Gjennomsnittsalderen er lågare for afroamerikanarar enn for kvite, medan latinamerikanarane lever lengst av dei ulike etniske gruppene. Kvar kvinne føder i gjennomsnitt 1,9 born. Dette talet har vore i nedgang dei siste åra. Dei latinamerikanske kvinnene får litt fleire born enn andre folkegrupper (gjennomsnittleg 2,1), men også hos dei går fødselsraten tilbake. Latinamerikanarane er den folkegruppa som veks raskast i USA, og det er den største etniske gruppa (17 %) utanom dei kvite (65 %). Afroamerikanarar utgjer 12 prosent og asiatar 5 prosent.

USA har gjennom heile si historie vore eit land bygd på innvandring. Landet tek imot kring ein million legale innvandrarar årleg, flest frå Mexico, Kina og India. Til USA kjem det òg ei rekkje ulovlege innvandrarar, dei fleste frå Latin-Amerika, og ein reknar med at 11–12 millionar menneske bur i landet utan opphaldsløyve. Korleis ein skal handtere den ulovlege innvandringa, er eit omstridd politisk spørsmål. USA tek imot relativt få flyktningar i høve til folketalet.

Demonstrasjon mot deportasjon og for betre rettar for immigrantar. Foto: Jobs with Justice, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Demonstrasjon mot deportasjon og for betre rettar for immigrantar. Foto: Jobs with Justice, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Samfunnsorganisasjon

USA er ein republikansk forbundsstat. Grunnlova er frå 1787, med ti tillegg frå 1791 som utgjer «Bill of Rights», og som gir det amerikanske folket mellom anna ytringsfridom, religionsfridom, trykkjefridom, rettstryggleik og organisasjonsfridom. Grunnlova, eller konstitusjonen, er eit svært viktig fundament i det amerikanske samfunnet. Ho er blitt endra i alt 27 gonger ved tilleggsvedtak, noko som er lite i høve til kor gamal grunnlova er.

Kongressen har den lovgivande makta i USA. Kongressen er delt i to kammer, Senatet og Representanthuset. Kvar delstat har to medlemer i Senatet. Fordelinga i Representanthuset speglar derimot folketalet i dei ulike statane, slik at California vel 53 representantar, medan dei minste statane berre vel éin. Valet skjer i einmannskrinsar. Presidenten kan leggje ned veto mot lover som er vedtekne i Kongressen. I så fall blir ikkje lova gjord gjeldande med mindre ho blir vedteken på nytt i begge kammera i Kongressen med minst 2/3 fleirtal, noko som skjer svært sjeldan.

Presidenten har den utøvande makta i USA. Det blir halde presidentval i USA kvart fjerde år, som indirekte val i einmannskrinsar. Presidenten kan ta attval, men berre éin gong. Han kan berre fjernast gjennom riksrettssak, og dette har enno ikkje skjedd. Derimot er det ein president, Richard Nixon, som har sagt frå seg embetet midt i ein periode. Den einaste presidenten det er blitt reist riksrettssak mot, er Bill Clinton, men han blei frifunnen.

Den amerikanske presidenten er regjeringssjef. Han vel fritt statsrådane sine, og dei er ikkje ansvarlege overfor Kongressen, slik det er vanleg i mange parlamentariske demokrati. Presidenten har òg ein eigen stab med stor makt, som ikkje er ein del av regjeringa. Presidenten utnemner dommarane i Høgsterett på livstid, etter godkjenning frå Senatet.

Det kvite hus i Washington, D.C. Dette er bustaden til presidenten og familien medan han er i embetet. Foto: Matt Wade, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Det kvite hus i Washington, D.C. Dette er bustaden til presidenten og familien medan han er i embetet. Foto: Matt Wade, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Kvar amerikansk delstat har si eiga forfatning eller grunnlov, og blir styrt av ein guvernør, ei lovgivande forsamling og eigne domstolar. Guvernørane og delstatsforsamlingane blir valde ved direkte val. Kvar delstat er inndelt i fylke (counties) som igjen er delt inn i kommunar (municipalities/townships), med eigne regionale/lokale administrasjonar.

USA skil seg ut som det einaste vestlege demokratiet som praktiserer dødsstraff i større omfang. 28 fangar blei avretta i 2015, og sidan 1977 er det blitt avretta i alt 1422 fangar. Berre Kina, Iran, Irak og Saudi-Arabia har høgare tal. Det er likevel ikkje dødsstraff i heile landet, sidan lovgivinga skil seg frå delstat til delstat. 31 av dei 50 amerikanske delstatane praktiserer dødsstraff.

Politisk er USA dominert av to parti, demokratane og republikanarane, som har veksla på å ha den sitjande presidenten. Samstundes står dei individuelle rettane sterkt i amerikansk tradisjon, slik at mange ønskjer færrast mogleg inngrep frå styresmaktene si side. Valdeltakinga er heller låg – ved presidentvala frå 1948 til 2012 stemte mellom 51 og 63 prosent av veljarane. Lobbyisme er utbreidd, og dei siste åra har det kome aukande kritikk mot den store pengebruken i amerikanske valkampar, særleg etter at Høgsterett i 2010 slo fast at enkeltpersonar, organisasjonar og bedrifter kan støtte såkalla Super PAC-ar (Political Action Committee) – organisasjonar som støttar kvar sine kandidatar – med uavgrensa beløp. Samtidig skjer det demografiske endringar, særleg veks gruppa av latinamerikanarar, noko som truleg vil gi det demokratiske partiet meir styrke. Partiet står sterkt blant ikkje-kvite.

Det amerikanske forsvaret blir rekna som det sterkaste i verda. Landet stod i 2014 for 34 prosent av militærutgiftene i verda, meir enn dei samla utgiftene til dei sju neste landa på lista. Det er presidenten som er øvstkommanderande for dei væpna styrkane, han åleine har òg ansvaret for å utløyse bruken av kjernefysiske våpen. USA hadde i 2012 litt over 4000 kjernevåpenstridshovud. Sidan 1970-åra har nedrusting og nedbygging av atomvåpenarsenalet stått på agendaen, i samarbeid med Sovjetunionen/Russland, og dei to landa har underteikna fleire avtalar om nedrusting.

USA har ein sentral posisjon i forsvarsorganisasjonen NATO. Landet har gjennom dei siste åra vore den viktigaste aktøren i fleire krigsoperasjonar både i regi av NATO (Jugoslavia 1999, Afghanistan 2001–14 og Libya 2011) og saman med allierte utanfor NATO (Irak 2003–11 og Irak/Syria frå 2014).

Språk

Namnet på landet er The United States of America. På føderalt nivå har ingen språk offisiell status, men 28 delstatar har erklært at engelsk er deira offisielle språk. I Alaska er 21 ulike urfolksspråk offisielle, og i Hawaii er både hawaiisk og engelsk offisielle språk. Fleire statar gir elles spansk og fransk særskild status.

Ei undersøking frå 2011 viser at heile 381 ulike språk blir talte innanfor USA sine grenser. Fram til slutten av 1700-talet kom storparten av innvandrarane til USA frå England, og som ei følgje av dette er engelsk blitt nasjonen sitt språk. Kring 80 prosent av amerikanarane har engelsk som morsmål. Amerikansk-engelsk skil seg noko frå britisk-engelsk når det gjeld ordval. Det har teke opp i seg svært mange ord frå andre språk, til dømes canoe frå indiansk, prairie frå fransk og ranch frå spansk. Innanfor USA er dei språklege skilnadene ganske små når det gjeld grammatikk og ordtilfang, men det finst likevel ulike dialektar, med forskjellar i uttalen. «Black English Vernacular» (eller «African American Vernacular English») er ein sosiolekt som blir talt blant svarte i dei lågare sosiale laga. (For meir om språket, sjå allkunneartikkel om engelsk.)

Spansktalande utgjer den nest største språkgruppa i USA (12,4 %), og denne gruppa veks. Særleg blant dei spansktalande som ikkje har statsborgarskap, er det mange, omkring tre firedelar, som snakkar lite engelsk eller ikkje engelsk i det heile. Av andre framandspråk er fransk, tysk, italiensk og kinesisk blant dei meir utbreidde. I enkelte av Sørstatane, særleg Louisiana, finst det innslag av kreolsk språk og kultur, med røter tilbake til den tidlege franske innvandringa.

Levemåte

Den moderne forbrukarkulturen har røtene sine i USA, som tidleg utvikla masseproduksjon av, og marknader for, konsumvarer. Industriprodusert ferdigmat og hurtigmat har spreidd seg frå USA til resten av verda. Samtidig har den amerikanske matkulturen teke opp i seg eit breitt utval av rettar som har opphavet sitt i andre land. Pizza, pasta, hamburgar, popcorn og iskrem høyrer til blant dei meir populære matrettane, og drikken Coca Cola er blitt eit av dei fremste symbola på amerikansk kulturspreiing. Nokre populære amerikanske mattypar har derimot ikkje hatt den same suksessen utanlands, til dømes peanøttsmør. Ein nasjonal festrett er steikt kalkun med fyll (stuffing), og grilling (barbeque) av mest all slags mat er mykje brukt.

Mr. Kelley sel kalkun til hausttakkefestdagen (Thanksgiving) i 1952 i Thresher & Kelley Market, Faneuil Hall. Foto: Leslie Jones, kredit: Boston Public Library (Leslie Jones Collection), Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Mr. Kelley sel kalkun til hausttakkefestdagen (Thanksgiving) i 1952 i Thresher & Kelley Market, Faneuil Hall. Foto: Leslie Jones, kredit: Boston Public Library (Leslie Jones Collection), Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Innanfor USA finst det store regionale variasjonar i matkulturen. I nordaust er sjømat mykje brukt, takka vere fiskerike vassdrag i innlandet og rike fiskebankar langs kysten. I Sørstatane har ein utvikla mange rettar basert på kreolsk, indiansk og meksikansk matkultur, med ingrediensar som til dømes mais, squash og tomatar. California har ein stor og mangfaldig vinproduksjon.

USA har ein skilsmisserate på 3,4 årleg per 1000 innbyggjarar, noko som ikkje er spesielt høgt eller lågt til å vere i den vestlege verda (raten i Noreg er 2,3). Giftarmålsraten er 6,8 per 1000 innbyggjarar (Noreg 5,6), så omtrent annakvart ekteskap går i oppløysing. Tendensen dei siste åra er at færre amerikanarar både giftar seg og skil seg.

I USA blir det utført 13,9 abortar per 1000 kvinner i alderen 15–44 år (tal frå 2011). Sjølvbestemt abort blei lovleg i alle delstatar etter ein høgsterettsdom i 1973. Abortsaka held like fullt fram med å vere ei av dei mest omstridde politiske sakene i USA. Særleg religiøse grupper har markert sterk motstand mot abort.

Kultur, kunst og idrett

Dagspressa i USA er i hovudsak regional. Dei tre største riksdekkjande avisene (opplagstal frå 2013–14) er USA Today (4,1 mill.), Wall Street Journal (2,3 mill.) og New York Times (2,1 mill.). Opplagstala for dagspressa er i tilbakegang på grunn av sterk konkurranse frå Internett. Ein del aviser har innført betalingsløysingar for delar av nettutgåvene sine, men abonnementsordningar har svake tradisjonar i USA.

Den moderne, kommersielle sensasjonspressa har opphavet sitt i USA. Pressa har liten tradisjon for å vere knytt til politiske parti, og såleis blei amerikanske aviser eit førebilete for avpolitiseringa av pressa i Europa og andre verdsdelar på slutten av 1900-talet. Eigarane har som regel vore lite interesserte i kva avisene deira meinte, hovudpoenget har vore å tene pengar. I dei siste åra har eigarkonsentrasjonen auka sterkt innanfor den amerikanske pressa.

Radio og fjernsyn kom tidleg i USA, og landet hadde ei tid den største tettleiken av mottakarapparat i verda. Kommersielle radiosendingar starta i 1920, og fjernsynsnettet blei utbygd i 1940-åra. Dei fem store landsdekkjande fjernsynsselskapa er NBC, CBS, ABC, Fox og CW. I tillegg kjem ei rekkje kanalar som sender via kabel og satellitt, mellom dei CNN, MTV, Disney Channel, Discovery Channel og mange andre. Både radio og fjernsyn er hovudsakleg reklamefinansiert.

USA utvikla allereie under kolonitida ein eigen litteratur. Den første tida kom det flest religiøse bøker, men også litteratur som bygde opp under nybyggjaridentiteten, til dømes William Bradford sitt historieverk om Mayflower-pilegrimane. Utover på 1800-talet vann fleire amerikanske forfattarar ry utanfor landegrensene, mellom anna romanforfattaren James Fenimore Cooper, poeten Edgar Allan Poe og essayisten Henry David Thoreau. To av hovudverka i amerikansk litteratur frå denne tida har raseskiljet og slaveriet i Sørstatane som tema: romanane Onkel Toms hytte av Harriet Beecher Stove og Huckleberry Finn av Mark Twain.

Amerikansk litteratur på 1900- og 2000-talet spenner over eit stort spekter. I alt ti amerikanarar har fått nobelprisen i litteratur, og av dei viktigaste kan nemnast realisten og dramatikaren Eugene O'Neill, minimalisten Ernest Hemingway og romantikaren John Steinbeck. Innanfor populærlitteraturen er science fiction, krim og western store sjangrar. Mange av dei mest populære teikneseriefigurane i verda har amerikansk opphav, mellom anna Donald Duck, Mikke Mus, Supermann, Tommy og Tigeren, Den rosa panteren og Knøttane.

På 1800-talet var USA sterkt influert av europeisk musikk, og mellom anna Ole Bull drog på turné i USA og gjorde stor suksess. Seinare er landet blitt eit viktig land innanfor musikklivet i verda, og påverknaden har i stor grad gått andre vegen. Mot slutten av 1800-talet tok amerikanske komponistar til å gjere seg gjeldande, mellom dei marsjkongen John Philip Sousa. Viktigare er likevel den amerikanske samansmeltinga av afrikanske og europeiske musikkuttrykk, som har skapt nye sjangrar. I 1890-åra oppstod ragtime som ein type populærmusikk som henta element både frå kvit dansemusikk og frå svart folkemusikk frå Sørstatane. I 1920- og 30-åra fekk blues stor utbreiing, med populære songarar som Bessie Smith. Også jazzen utvikla seg frå denne tida som ein rytmisk, improvisert sjanger, med afroamerikanarar som Louis Armstrong, Duke Ellington og Miles Davis blant dei mest framståande utøvarane. Country var opphavleg mest influert av europeisk folkemusikk, men også her blei element av blues og gospel tekne inn. I 1950-åra oppstod rock and roll, med Elvis Presley som superstjerne, og seinare har amerikansk populærmusikk gått sin sigersgang over heile verda, med stjerner som Bob Dylan, Frank Zappa, Bruce Springsteen, Madonna og Michael Jackson blant dei aller største. Særleg i 1960- og 70-åra spela rock og pop ei viktig rolle i motkulturelle ungdomsmiljø, og det blei arrangert store musikkfestivalar, der Woodstock-festivalen i 1969 er den mest legendariske.

Louis Armstrong. Foto: The COM Library, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Louis Armstrong. Foto: The COM Library, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Utviklinga innanfor amerikansk film tok til omkring 1890, då Thomas Edison utvikla oppfinninga kinetoscope. Sidan tidleg på 1900-talet har Hollywood i California vore senteret for amerikansk filmproduksjon, og Hollywood-filmar har hatt ei dominerande rolle på kinoar over store delar av verda. Stumfilmen hadde si stordomstid fram til slutten av 1920-åra, då lydfilmen tok over. I 1930-åra kom det eit gjennombrot for teiknefilmar, med Walt Disney Company som det viktigaste selskapet. Etter andre verdskrigen møtte filmbransjen sterk konkurranse frå fjernsynet, men frå 1980-åra la videomarknaden grunnlaget for ny vekst.

Amerikanske filmskaparar har i stor grad late seg inspirere både av historia og samtida. Westernfilmen var ein populær sjanger, som la handlinga til nybyggjartilveret på 1800-talet. Mange storfilmar, til dømes Titanic (1953 og 1997) byggjer på verkelege hendingar, medan andre inneheld bitande samfunnskritikk, mellom dei Diktatoren (1940), med ein parodi på Hitler, og Hjortejegeren (1978), som var den første i rekkja av dei mange Vietnam-filmane i 1970- og 80-åra. Samtidig har fantasielementet spela ei viktig rolle, og sciencefictionfilmar og skrekkfilmar er store sjangrar, med filmar som til dømes Star Wars-serien (1977–83), Haisommar-filmane (1975–87) og Jurassic Park (1993). Blant dei største amerikanske filmstjernene kan vi nemne Charlie Chaplin, Greta Garbo, Bette Davis, Katharine Hepburn, Clark Gable, Marlon Brando, James Dean, Marilyn Monroe, Tom Hanks og Tom Cruise. Av store regissørar finn vi John Ford, Martin Scorsese, Woody Allen, Steven Spielberg, Oliver Stone og Quentin Tarantino. Det amerikanske filmakademiet deler kvart år ut den gjæve Oscar-statuetten innanfor ulike filmkategoriar.

Sentrum for teaterlivet i USA er gata Broadway i New York, med ei rekkje teater og varietear. Her voks teatermusikalen fram frå byrjinga av 1900-talet, med element både frå europeisk musikkteater og frå amerikansk vaudeville- og burlesktradisjon, og med komponistar og tekstforfattarar som George Gershwin og Cole Porter. Musikalane på Broadway trekkjer til seg mange turistar og har ei temmeleg kommersiell form. Teater som har satsa på meir eksperimentell dramatikk, har fått tilnamna «off-Broadway» og «off-off-Broadway».

Innanfor biletkunsten har USA spela ei langt mindre sentral rolle i verdskulturen enn til dømes innanfor musikk og litteratur. Amerikanske målarar var lenge sterkt influerte av utviklinga i europeiske kunsthovudstader som Düsseldorf, München og Paris. Først med etableringa av popkunsten i etterkrigstida kom USA for alvor på kunstkartet. Ein av pådrivarane for denne kunstarten var komponisten John Cage, som ville rive ned grensene mellom kunsten og livet, og som mellom anna tok inn vanlege gatelydar i komposisjonane sine. Ein annan framståande popkunstnar var Andy Warhol. Han nytta varer frå butikkhyllene som motiv, til dømes suppeboksar og Coca Cola-flasker, noko som er blitt tolka som ei total og motstandslaus akseptering av det moderne forbrukarsamfunnet. Warhol er òg kjend for sitatet «i framtida vil alle vere berømte i 15 minutt». Eit av dei største kunstmusea i USA og i verda er Metropolitan Museum of Art i New York.

galleri

USA er den fremste idrettsnasjonen i verda. Landet hadde i 2015 vunne heile 2681 olympiske medaljar, og ligg såleis langt framfor nr. 2 (Sovjetunionen/Russland) på den olympiske statistikken. USA er representert innanfor dei fleste idrettsgreiner. Dei mest populære lagidrettane i landet er baseball, amerikansk fotball, basketball og ishockey, medan europeisk fotball (soccer) kjem langt nede på lista. Amerikansk fotball er eit fysisk hardt spel, der spelarane bruker mykje verneutstyr. Den høgaste divisjonen er National Football League, med Super Bowl som finalespel. Innanfor ishockey har USA og Canada ein felles serie, National Hockey League.

Afroamerikanarar er sterkt representerte, ikkje minst innanfor friidrett. Av dei meir berømte utøvarane er Jesse Owens, som vann fire gullmedaljar under OL i Berlin i 1936, til stor irritasjon for nazistane. I 1980- og 90-åra blei Carl Lewis rekna som ein av dei fremste idrettsmennene i verda, uansett grein. Han vann ni OL-gull og åtte VM-gull.

Andre populære idrettar er symjing, tennis, golf og boksing. Amerikanarane har dominert profesjonell tungvektsboksing, med kjende stjerner som Jack Dempsey, Muhammad Ali og Mike Tyson. Ali var eit viktig symbol i kampen for svarte borgarrettar i 1960- og 70-åra. I 1999 blei han kåra til hundreårets idrettsutøvar.

galleri

Næringsliv

USA har den største økonomien i verda, med eit svært allsidig næringsliv. Mange av næringsgreinene er dominerte av nokre få store selskap og merkevarer. Fleire av storselskapa har investert og driv innanfor ulike sektorar, slik at dei har fleire bein å stå på.

Jordbruket er kraftig rasjonalisert gjennom dei siste tiåra og blir drive som ein intensiv industri, og mange av gardane er eigde av store selskap. Trass i det amerikanske idealet om ein fri marknad, får bøndene i USA statlege subsidiar. Ein stor del av arbeidsstyrken i jordbruket er meksikanske leigearbeidarar.

Det amerikanske jordbruket er svært allsidig, med mais- og korndyrking og kjøtproduksjon i Midtvesten, tobakk og bomull i Sørstatane, og frukt og tidleggrønsaker (mellom anna brokkoli, gulrøter, kål og løk) i California og Florida. Dei viktigaste områda for skogbruk ligg i statane i nordvest, medan Alaska er størst innanfor fiskeri. USA er ein stor eksportør av jordbruksvarer. Primærnæringane sysselset likevel berre 0,7 prosent av arbeidsstyrken og utgjer ein liten del av økonomien, 1,6 prosent av BNP.

Tobakksproduksjon i Nord-Carolina i 1939. Foto: Marion Post Wolcott, Farm Security Administration Collection (biletnr. 52055-D), The New York Public Library på Flickr.com (falle i det fri).

Tobakksproduksjon i Nord-Carolina i 1939. Foto: Marion Post Wolcott, Farm Security Administration Collection (biletnr. 52055-D), The New York Public Library på Flickr.com (falle i det fri).

Industrien i USA er omfattande og variert. Det tradisjonelt viktigaste området for tungindustri ligg i nordaust, mellom Atlanterhavskysten og Chicago. Her finst store felt med mellom anna kol og jern, noko som la grunnlaget for den største jern- og stålindustrien i verda. I dei seinare åra har produksjonen gått mykje ned i dette industribeltet, noko som har ført til ei massiv folkeflytting, mellom anna frå byen Detroit, som lenge var kjend for stor bilproduksjon. Statane i sør og vest spelar no ei viktigare rolle enn tidlegare i det amerikanske næringslivet. Mexicogolfen og Alaska har ein omfattande oljeproduksjon og petrokjemisk industri, medan ein stor del av flyindustrien og den elektroniske industrien ligg langs Stillehavskysten.

Tenesteytande næringar har lenge vore i vekst, og etter internettrevolusjonen har USA fått ei rekkje store multinasjonale teknologiselskap, som leverer tenester og produkt knytte til datamaskiner og Internett, til dømes Microsoft, Apple, Google, Facebook og Amazon. Silicon Valley i California har bygd seg opp som eit verdsleiande senter for høgteknologi.

Google sitt hovudkontor, Googleplex, ligg i Silicon Valley i California. Foto: Robbie Shade, Flickr.com CC BY 2.0.

Google sitt hovudkontor, Googleplex, ligg i Silicon Valley i California. Foto: Robbie Shade, Flickr.com CC BY 2.0.

Økonomisk og sosial utvikling

BNP ligg på 54 630 US‑dollar per innbyggjar (2014), noko som plasserer landet som det femte rikaste i verda målt etter BNP. Men rikdomen er ujamt fordelt, og landet ligg såleis høgt på den såkalla Gini-indeksen, som måler fordelinga av velferd. USA har en Gini-koeffisient på 41,1, medan Noreg til samanlikning ligg på 25,9. Sagt på ein annan måte står dei 10 prosent rikaste amerikanarane for 30,2 prosent av inntektene, medan dei 10 prosent fattigaste berre står for 1,7 prosent av inntektene. Skeivfordelinga har auka sidan slutten av 1970-åra, og mange amerikanarar har hatt ei negativ inntektsutvikling. Arbeidsløysa låg i januar 2016 på 4,9 prosent.

Mann som tiggar etter pengar til mat og bleiar i USA. Foto: khteWisconsin, Flickr.com CC BY 2.0.

Mann som tiggar etter pengar til mat og bleiar i USA. Foto: khteWisconsin, Flickr.com CC BY 2.0.

Den amerikanske økonomien er sterkt prega av det frie marknadssystemet, og styresmaktene er i liten grad aktørar i det økonomiske livet. Den private sektoren utgjer såleis kring 77 prosent av økonomien (BNP), og offentleg verksemd berre 23 prosent. USA har òg vore ein pådrivar for å få til avregulering av internasjonal handel.

USA utmerkjer seg med høgare kriminalitet enn mange andre vestlege land, særleg når det gjeld drap. Dei sørlege og austlege statane er dei mest utsette, medan det er færre tilfelle av kriminalitet i nordvest. Amerikanske lover legg få restriksjonar på kjøp og eige av skytevåpen, og landet har hatt fleire tragiske tilfelle med skytemassakrar på skular og offentlege stader, der mange uskuldige har mist livet. Tendensen over lengre tid er likevel ein nedgang i kriminaliteten i USA sidan 1990-åra. Ei av årsakene til dette er ei ny lov som blei innført i 1994, The Violent Crime Control and Law Enforcement Act. Med denne lova blei politiet og fengselsstellet tilført større ressursar, og det blei slått hardare ned på ulike typar kriminelle handlingar. Men lova har òg ført til at USA har det nest høgaste talet i verda på innsette per 100 000 innbyggjarar (698 i 2013).

Relativt sett finst det mange fleire afroamerikanarar (2207 per 100 000) enn kvite (380 per 100 000) i fengsla. Afroamerikanarane høyrer òg til dei fattigaste etniske gruppene i USA – 28 prosent av dei er fattige, mot 16 prosent av alle amerikanarar (tal frå 2012).

Natteliv på Times Square i New York, med politiet på plass. Foto: Maciek Lulko, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Natteliv på Times Square i New York, med politiet på plass. Foto: Maciek Lulko, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Kyrkje og religion

Det er eit strengt skilje mellom stat og religion i USA. Grunnlovstillegget frå 1791 gir amerikanarane religionsfridom og understrekar at landet ikkje har nokon statsreligion. I truskapseiden frå 1954 er likevel uttrykket «ein nasjon under Gud» teken inn, for å syne at staten ikkje praktiserer ateisme, slik til dømes Sovjetunionen gjorde.

Sjølv om USA ikkje har nokon statsreligion, er det eit av dei mest religiøse av dei vestlege industrilanda. Det religiøse livet i landet er sterkt prega av dei mange ulike gruppene som har innvandra: engelske puritanarar, katolikkar frå Frankrike, Italia, Polen og Irland, lutheranarar frå Tyskland og Skandinavia og ortodokse kristne frå Russland og Hellas. I den amerikanske smeltedigelen har det òg oppstått ei rekkje nye trussamfunn, til dømes Dei siste dagars heilage (mormonarar), Jehovas vitne og adventistar. Det amerikanske kyrkjelivet har vore prega av vekkingsbølgjer, ikkje minst blant metodistar og baptistar. Sidan 1970-åra har karismatiske og fundamentalistiske rørsler hatt sterk vekst. Kreasjonismen, med ei bokstavtru tolking av skapingsmytane i Bibelen, er ein politisk maktfaktor i landet.

I tillegg til ulike kristne kyrkjesamfunn er dei fleste andre religionar representerte, mellom dei jødedom, hinduisme, islam og buddhisme. Dei amerikanske folketeljingane registrerer ikkje religion, så fordelinga er noko usikker. Ei uoffisiell teljing frå 2014 syner at 47 prosent av amerikanarane er protestantar og 21 prosent katolikkar, medan 6 prosent held seg til ikkje-kristne religionar og 23 prosent står utan tilknyting til eit trussamfunn. Dei to siste gruppene har vakse dei siste åra, medan kristne kyrkjesamfunn er i tilbakegang.

Skilt som reklamerer for frelse og kristne samfunn er eit vanleg syn i USA. Foto: Thomas Hawk, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Skilt som reklamerer for frelse og kristne samfunn er eit vanleg syn i USA. Foto: Thomas Hawk, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Historie

Dei amerikanske urfolka stammar frå innvandrarar som ser ut til å ha kome over isen på Beringstredet i fleire bølgjer for 5000–14 000 år sidan. Dei første menneska som kom, var truleg jegerar, men så tidleg som for vel 7000 år sidan gjorde landbruket sitt inntog i Amerika, med dyrking av mais. Husdyr fanst ikkje før europearane kom til kontinentet, med unntak av hundar.

Ifølgje islandske sagaer nådde oppdagaren Leiv Eiriksson Vinland omkring år 1000. Arkeologane Helge og Anne Line Ingstad fann i 1960-åra spor etter ein norrøn busetnad på L'Anse-aux-Meadows på Newfoundland, og prova med det at norrøne sjøfararar har vore i Nord-Amerika. Men den europeiske koloniseringa av det amerikanske kontinentet lét vente på seg, til Kristoffer Columbus nådde Karibia i 1492.

Då den europeiske innvandringa tok til, budde det truleg omkring ein million indianarar i det noverande USA, men talet gjekk raskt nedover. Europearane hadde med seg sjukdomar som var ukjende for det amerikanske urfolket, og som råka dei hardt. Det kom raskt til konfliktar om jorda, og indianarane var den tapande parten. Dei blei utrydda eller trengde saman i eigne reservat, og i 1900 talde indianarane i USA berre 237 000 menneske. Sidan 1970-åra har det derimot vore større merksemd rundt urfolka sine rettar i USA, som elles i verda, og fleire vedkjenner seg den indianske bakgrunnen sin. I 2013 utgjorde indianarane 2 prosent av det amerikanske folket. Relativt mange, 29 prosent, lever under fattigdomsgrensa (mot 16 prosent av alle amerikanarar).

På byrjinga av 1600-talet tok den europeiske koloniseringa av Nord-Amerika til. Den første vellukka kolonien var Jamestown, etablert i nærleiken av Chesapeake Bay i Virginia i 1607 av eit engelsk handelskompani. Dei baserte seg på tobakksdyrking, og dette blei snart det viktigaste amerikanske eksportproduktet. Som arbeidskraft på tobakksplantasjane tok ein snart til å innføre afrikanske slavar. Afrikanarane tolte klimaet, og var i mindre grad enn indianarane tilbøyelege til å rømme. Ved slutten av kolonitida, i 1776, fanst det truleg over ein halv million slavar i Nord-Amerika. I 1860 hadde talet auka til nesten 4 millionar.

galleri

Koloniseringa var ikkje berre basert på økonomisk utvinning, men òg religiøs og politisk forfølging i heimlandet. Den første flokken med engelske separatistar drog frå Plymouth med «Mayflower» i 1620 og etablerte seg ved Cape Cod. Dei neste tiåra følgde tusentals puritanarar og kvekarar i kjølvatnet. Frå Frankrike kom det ein straum av hugenottar (kyrkjelege reformistar), særleg frå 1680-åra. Fleire andre europeiske land gjorde forsøk på å byggje opp koloniar i den nye verda. Nya Sverige blei etablert i området New Jersey–Delaware og Ny-Nederland i New York, men desse busetnadene blei skuva til sides av engelske interesser. Spanjolane etablerte seg i sør og kom etter kvart til å dominere dei noverande statane Florida, Texas, New Mexico, Arizona og California. Franskmennene tileigna seg dei indre områda frå Quebec i nord til Louisiana i sør. Med sjuårskrigen (1756–63) kom det til eit oppgjer mellom dei engelske og franske nybyggjarane, og franskmennene måtte gi frå seg alle koloniane sine aust for Mississippi.

Koloniane hadde hatt høg grad av sjølvstyre under den urolege tida i England midt på 1600-talet, og fleire av dei hadde folkeforsamlingar som stod for styringa. Mot slutten av hundreåret stramma den engelske kongemakta grepet om koloniane og innførte guvernørstyre, samtidig som dei representative organa blei ståande. Folketalet auka raskt. Ved inngangen til 1700-talet budde det kring 250 000 menneske i kystområdet frå New Hampshire i nord til Georgia i sør, rundt 1765 var det ti gonger så mange. Spenninga mellom koloniane og England auka, ikkje minst etter at det i 1760-åra kom pålegg om innførselstoll og stempelavgift. Dei amerikanske kolonistane ville ikkje akseptere at det engelske Parlamentet skreiv ut skattar i Nord-Amerika så lenge koloniane ikkje var representerte i Parlamentet. Protestaksjonen «The Boston Tea Party» i 1773 – då 50 innbyggjarar frå Boston, utkledde som indianarar, lempa dyrebar te frå britiske skip over bord – utløyste britiske mottiltak, noko som igjen førte til eit styrkt samhald blant amerikanarane. I 1776 erklærte dei 13 koloniane seg som uavhengige statar. Fridomskrigen mot britane, med general George Washington i spissen, blei ført fram til siger i 1783. Fire år seinare møttest ei grunnlovsgivande forsamling i Philadelphia og utarbeidde ei forfatning for den nye unionen av statar. Den amerikanske grunnlova tredde i kraft i 1789 og var eit kompromiss mellom dei som ønskte ei sentralisert statsmakt, og dei som kjempa for at delstatane skulle vere sjølvstendige.

Tida frå slutten av 1700-talet og fram til midten av 1800-talet var ein periode med sterk vekst for USA. Ei rekkje nye statar blei tekne opp i unionen, slik at talet kom opp i 30 i 1850. Louisiana blei kjøpt frå Frankrike og Florida frå Spania, medan Mexico etter ein krig i 1846–48 måtte avstå Texas og eit område i sørvest som i dag utgjer delstatane California, Nevada og Utah, og dessutan delar av Colorado, Arizona, New Mexico og Wyoming. I sør blomstra bomullsproduksjonen på dei store plantasjane, medan Nordstatane opplevde ei sterk industrialisering. USA nytta den nyvunne styrken sin til å erklære at dei ikkje godtok innblanding frå europeiske kolonimakter nokon stad på det amerikanske kontinentet (Monroe-doktrinen frå 1823).

Slaveri og ulike økonomiske interesser førte til splitting av den nye nasjonen. I nord såg ein til resten av verda, der slaveriet blei forbode i det eine landet etter det andre. Sørstatane, derimot, hadde ein økonomi der slavehaldet var djupt innarbeidd. Her stod kravet om frihandel sterkt, medan statane i nord ønskte sterkare tollvern for industrien. Etter at republikanaren og slaverimotstandaren Abraham Lincoln vann presidentvalet i 1860, erklærte elleve statar i sør at dei reiv seg laus frå USA. Året etter braut den amerikanske borgarkrigen ut mellom Nordstatane og Sørstatane. Krigen varte til 1865, då konføderasjonen i sør måtte overgi seg. Borgarkrigen kosta over 600 000 amerikanarar livet.

USA bygde seg raskt opp att etter borgarkrigen. Ei massiv utbygging av jernbanelinjer opna stadig nye landområde for utvikling. Prærien blei dyrka opp, og ein tok i bruk moderne landbruksmaskiner, som effektiviserte jordbruket. Industrisektoren voks raskt, og ein tok i bruk nye produksjonssystem, til dømes innførte Henry Ford samlebandet i bilfabrikken sin i 1914. Masseinnvandringa frå Europa auka på, ikkje minst etter at dampskipa tok over trafikken over Atlanteren og billettane blei rimelegare. Folketalet i USA steig frå 31 millionar i 1860 til 106 millionar i 1920. Samstundes dominerte mektige kartell og trustar i stadig større grad ulike greiner av næringslivet, til dømes stål, olje og jernbaner. Som tiltak mot den hemningslause kapitalismen kom det frå 1890-åra og utover fleire anti-trustlover.

Amerikanarane hadde i si tid gjort opprør mot dei europeiske kolonimaktene og rekna seg difor som ein anti-imperialistisk nasjon. Likevel kom USA frå slutten av 1800-talet til å føre ein imperialistisk utanrikspolitikk. I 1898 gjekk landet til krig mot Spania og la under seg Cuba, Puerto Rico og Filippinane. Fem år seinare gav USA støtte til Panama si frigjering frå Colombia, då Panamakanalen skulle byggjast. Då første verdskrigen braut ut, erklærte USA seg nøytralt, men landet kom med i krigen frå 1917 og bidrog sterkt til sigeren for vestmaktene. USA var no blitt ei verdsmakt ingen kom utanom, og Folkeforbundet blei skipa i 1919 etter eit initiativ frå president Woodrow Wilson. Men USA blei ikkje medlem av forbundet, og landet førte i mellomkrigsåra ein relativt isolasjonistisk utanrikspolitikk.

Mellomkrigstida starta med ei kortvarig økonomisk nedgangstid, men snart blømde den amerikanske økonomien att. 1920-åra var prega av laissez faire-politikk, og mange spekulerte i aksjar. Men «The Roaring Twenties» blei avløyst av den store depresjonen i 1930-åra. Wall Street-krakket hausten 1929 innleidde ei økonomisk krise av tidlegare ukjende dimensjonar for amerikanarane, og vinteren 1932–33 gjekk ein firedel av arbeidsstyrken ledig. For å motverke krisa sette Franklin D. Roosevelt i verk New Deal-politikken, etter at han vann presidentvalet i 1932. New Deal gjekk ut på å auke kjøpekrafta til folk gjennom underskotsbudsjettering og offentlege nødsarbeid, dessutan blei det innført eit sosialt tryggleiksnett for eldre og arbeidslause, og skattereformer og bustadlover som skulle verke sosialt utjamnande. Problemet med den høge arbeidsløysa blei likevel ikkje løyst før rustningsindustrien under den andre verdskrigen gav arbeid til alle.

I byrjinga av andre verdskrigen var USA nøytralt, sjølv om sympatien var på vestmaktene si side. Det japanske angrepet på flåtebasen Pearl Harbor samla amerikanarane og gjorde det klart at dei ikkje lenger kunne stå utanfor krigen. USA førte krigen mot Japan i Stillehavet, samtidig som amerikanske soldatar var med i kampen om Nord-Afrika og Europa. I 1945 hadde USA utvikla atomvåpen, som det første landet i verda, og to bomber blei sleppte over Japan.

Då krigen tok slutt, stod USA fram som den største sigerherren, med ein formidabel økonomisk og politisk styrke. Den nye verdsorganisasjonen FN fekk hovudkvarteret sitt i New York, og eit nytt internasjonalt økonomisk system blei organisert gjennom Bretton Woods-avtalen i 1944. Europa låg i ruinar, men USA kom verdsdelen til unnsetning med den omfattande Marshallhjelpa, som bestod av lån og gåver, både i form av kapital og produksjonsutstyr. Samtidig stod Sovjetunionen med sitt kommunistiske samfunnssystem fram som den nye fienden, og dei to supermaktene tevla om globalt hegemoni i perioden som er blitt kalla den kalde krigen. Men den kraftige opprustinga førte til frykt for ein atomkrig som kunne utslette alt menneskeliv på jorda. Terrorbalansen blei sett på ei hard prøve under Cubakrisa i 1962, då Sovjetunionen ville utplassere atomrakettar svært nær den amerikanske kysten. Hendinga blei ein vekkjar og innleidde ein periode med større tilnærming og avspenning mellom supermaktene.

Etterkrigstida var ei økonomisk veksttid utan sidestykke for USA, med sterk materiell framgang. Stadig fleire amerikanarar budde i einebustader i forstadene utanfor byane, og hadde bil og fjernsyn. Men afroamerikanarane i Sørstatane fekk ikkje vere med på denne utviklinga. Svært mange av dei var fattige, og dei stod utan dei same rettane som dei kvite. Frå slutten av 1800-talet hadde mange av Sørstatane innført lover om raseskilje, noko som òg gjorde det vanskeleg for dei svarte å stemme ved vala. Den rasistiske organisasjonen Ku Klux Klan herja periodevis med vald og trugsmål, og lynsjing var utbreidd. Frå midten av 1950-åra kom det i gang protestaksjonar under leiing av Martin Luther King jr., og i 1960-åra var det raseopptøyar i byar over heile USA.

Martin Luther King jr og Ralph Abernathy i Florida i 1964. Foto: Florida Memory, Flickr.com (falle i det fri).

Martin Luther King jr og Ralph Abernathy i Florida i 1964. Foto: Florida Memory, Flickr.com (falle i det fri).

Borgarrettsrørsla fall saman med ungdomsopprøret og protestane mot Vietnamkrigen. I 1965 tok USA til å sende soldatar for å støtte Sør-Vietnam i krigen mot dei kommunistiske opprørarane og Nord-Vietnam. Tre år seinare var det utstasjonert over ein halv million amerikanske soldatar i Vietnam, utan at det gav nokon framgang. Derimot reiste det seg store protestar mot krigen på heimebane, særleg blant dei unge. Hippierørsla gjorde seg gjeldande med sin utfordrande livsstil, med langt hår, bråkete rockemusikk, seksuell fridom, flørting med narkotiske stoff og ikkje minst slagord som «Make love, not war».

I 1969 hadde USA triumfert med å sende dei første menneska til månen, men dei neste åra skulle bli tøffe for supermakta. Industrien sleit med konkurranse frå utlandet, og oljekrisa i 1973 ramma landet hardt. Kjøpekrafta til den jamne amerikanaren gjekk nedover, medan underskotet på handelsbalansen auka. Samtidig stod dei politiske nederlaga i kø. I 1974 måtte Richard M. Nixon, som den første av presidentane i USA trekkje seg, etter den såkalla Watergate-skandalen. Det blei då avslørt at han hadde vore involvert i ulovleg avlytting og overvaking. På denne tida hadde USA trekt seg ut av Vietnam, som blei overteke av kommunistane året etter. I 1979–81 oppstod ei ny krise, då personellet i den amerikanske ambassaden i Teheran blei sitjande som gislar i 444 dagar etter den islamske revolusjonen.

Under den konservative Ronald Reagan si presidenttid (1981–89) bygde den amerikanske sjølvtilliten seg sakte opp att, trass i store svingingar i økonomien. Oppgangstidene heldt fram i 1990-åra, med sterk økonomisk vekst og budsjettoverskot. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing, stod USA att som den einaste supermakta i verda. Landet viste leiarskap og militær styrke og stod fleire gonger i spissen for store internasjonale koalisjonar – først i Golfkrigen i 1991, då irakiske styrkar blei pressa ut av Kuwait, og seinare i det tidlegare Jugoslavia i 1995, der USA spela ei viktig rolle for å oppnå ein endeleg fredsavtale.

Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov i Reykjavik 11.10.1986. Foto: The Official CTBT Photostream, Flickr.com CC BY 2.0.

Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov i Reykjavik 11.10.1986. Foto: The Official CTBT Photostream, Flickr.com CC BY 2.0.

11. september 2001 kapra islamistiske terroristar fire amerikanske passasjerfly, som alle blei styrta, to av dei flaug inn i tvilling-tårna i World Trade Center i New York. Dette var det verste og mest spektakulære terroråtaket i amerikansk historie, og nær 3000 menneske omkom. Hendingane 11. september sjokkerte amerikanarane og førte landet inn i nye krigar i fjerntliggjande land, først i Afghanistan (frå 2001) og seinare i Irak (frå 2003). Åtaket på Afghanistan hadde sin bakgrunn i at Osama bin Laden og andre medlemer av terrornettverket al‑Qaida heldt seg skjult i landet. Invasjonen i Irak blei offisielt grunngitt med at landet skulle ha masseøydeleggingsvåpen, noko som seinare viste seg å vere falske påstandar. Regima fall fort, men freden i begge landa viste seg å vere vanskeleg å vinne for USA og deira allierte. Krigane kravde mange amerikanske liv og påførte USA enorme kostnader.

galleri

Samtidig med krigen mot terror voks dei økonomiske skilnadene og den politiske polariseringa på heimebane. Republikanaren George W. Bush, som vann valet i 2000 med svært knapp margin, innførte store skattelettar og måtte svare for avsløringar om tortur og ulovleg overvaking. Barack Obama, den første svarte presidenten i USA (president 2009–17), fekk Nobels fredspris og fekk gjennomført ei helsereform og ei nedtrapping av krigane, men sleit i motvind med finanskrise, høg arbeidsløyse og sterk politisk motstand frå republikanarane, der Tea Party-rørsla etablerte seg som ei ny ytre høgre-fløy. Under presidentvalet i november 2016 vart Donald Trump valt til landet sin 45. president, og vart innsett i presidentembetet 20. januar 2017. Under slagordet «Make America Great Again» gjekk han til val med fleire omstridde valløfter. Mange har tru på at ein sterk mann som Trump kan løyse dei problema USA har.

Utdanning og forsking

Utdanningssystemet i USA varierer mykje frå delstat til delstat, og dei lokale skulestyresmaktene har stor sjølvråderett. Den obligatoriske utdanninga varer vanlegvis frå borna er 6–8 år til 16‑årsalderen. Grunnskulen (elementary school) er på 4–6 år, deretter kjem 3–4 år på ungdomsskule (junior high school) og 3–4 år på vidaregåande skule (senior high school), eventuelt eit 6-årig løp på ein kombinert high school. Ved universiteta er løpet som regel 4-årig fram til bachelorgraden, deretter kan ein byggje på til mastergrad og doktorgrad. 88 prosent av alle amerikanarar over 18 år har fullført vidaregåande skule, 29 prosent har utdanning på bachelornivå, og 1,6 prosent har doktorgrad.

Private skular og universitet er vanlege i USA. Private institusjonar har kring 25 prosent av studentane på universitetsnivå. Grunnutdanninga ved offentlege skular i USA er gratis for elevane. Studentane ved college og universitet betaler for undervisning og opphald, men dei offentlege er som regel mykje rimelegare enn dei private. Det finst ei rekkje ulike typar stipend ein kan søkje på. Fleire av universiteta og høgskulane i USA er rekna blant dei fremste i verda. Det gjeld mellom anna Stanford, Harvard, Yale, Princeton, Columbia og MIT (Massachusetts Institute of Technology).

USA spelar ei verdsleiande rolle på dei fleste forskingsfelt, ikkje minst innanfor teknologi, naturvitskap, medisin og samfunnsvitskap. I etterkrigstida har meir enn halvparten av nobelprisane i fysikk, kjemi og medisin gått til amerikanske forskarar. Eit utal oppfinningar og innovasjonar har kome frå USA. Blant dei viktigaste kan nemnast den første brukbare glødelampen, telegrafen, telefonen, flyet, atombomba, transistoren og Internett.

Ei kvinne i den tradisjonelle akademiske drakta som blir brukt ved uteksaminering. Her frå Villanova University School of Law. Foto: Villanova Law, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Ei kvinne i den tradisjonelle akademiske drakta som blir brukt ved uteksaminering. Her frå Villanova University School of Law. Foto: Villanova Law, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Folkehelse og helsestell

USA ligg på 43. plass i verda når det gjeld levealder. Amerikanarane lever eit halvt år kortare enn den gjennomsnittlege EU-borgaren og 2 år kortare enn nordmenn. Hjarte- og karsjukdomar er den vanlegaste dødsårsaka (15 %), deretter demens (10 %) og ulike lunge- og luftvegssjukdomar (7 %). Barnedøyingsprosenten er relativt låg, men likevel høgare enn i mange rike land – 7 promille døyr før fylte fem år (mot 3 promille i Noreg). Førekomsten av tenåringsfødslar er framleis høg, men har minka sterkt dei seinare åra. Stadig færre amerikanarar døyr av HIV/AIDS. I 2012 var talet 2,5 per 100 000 mot 5,4 per 100 000 i 2000.

Undersøkingar viser at svært mange amerikanarar har problem med overvekt, noko som i stor grad kjem av for høgt energiinntak og usunne matvanar. I 2007–08 var to tredelar av folket i USA overvektige, medan 34 prosent leid av feitleik og 5,7 prosent av ekstrem feitleik. Kvinner innanfor enkelte etniske grupper er særleg utsette for overvekt, til dømes leid så mange som 50 prosent av dei afroamerikanske kvinnene av feitleik. På den andre sida førte finanskrisa i 2008 til at fleire amerikanarar ikkje fekk råd til rimeleg og næringsrik mat. Afroamerikanske og latinamerikanske hushald leid i større grad under dette enn dei kvite.

Det amerikanske helsestellet er i hovudsak privat drive og finansiert. 22 prosent av sjukehusa er offentlege, medan eit fleirtal av dei private sjukehusa er eigde og drivne av ideelle organisasjonar. Helsestellet er basert på sjukeforsikringar. Systemet er kostbart, og i 2012 brukte USA 17 prosent av BNP på helsestell, meir enn noko anna land i verda. Likevel kom ikkje det amerikanske helsestellet betre ut enn på 37.‑plass av 191 land i verda då Verdshelseorganisasjonen gjennomførte ei slik rangering i 2000.

Fleirtalet av amerikanarane får helseforsikringa dekt av arbeidsgivaren. Ved sida av dei private ordningane har ein sidan 1965 hatt dei offentlege helseforsikringane Medicare og Medicaid, som er for eldre, funksjonshemma, born og personar med låg inntekt. Likevel har ca. 15 prosent av folket stått utan noko form for helseforsikring, og talet auka etter finanskrisa i 2008. Barack Obama gjennomførte i 2010 ei helsereform for å gi fleire amerikanarar helseforsikring. I 2014 var prosentdelen utan forsikring komen ned i 11,5.

Samferdsel og kommunikasjon

Dei siste åra har internettbruken auka kraftig i USA. I 2014 rekna ein med at 87 prosent av amerikanarane brukte Internett. Det finst 97,3 mobilabonnement og 31,4 breibandabonnement per 100 innbyggjarar, noko som gir høvesvis ein 32.‑plass og ein 16.‑plass blant OECD-landa.

Ein relativt stor del av reisene i USA går med fly, på grunn av lange avstandar. Meir enn fem tusen offentlege flyplassar har rullebane med fast dekke. Tolv av dei 30 mest trafikkerte flyplassane i verda ligg i USA, inkludert Hartsfield-Jackson Atlanta International Airport, som er den mest trafikkerte i verda. Landet har ei rekkje flyselskap, alle private. Dei fire største, Delta Air Lines, American Airlines, United Airlines og Southwest Airlines, tek hand om 80 prosent av trafikken.

USA har det lengste vegnettet i verda, 6,6 millionar kilometer. 66 prosent av vegane har fast dekke, medan 77 000 km er motorvegar (Interstate Highways). Landet har òg den største bilparken i verda, med 256 millionar motorkøyretøy i 2013, som tilsvarer 1,23 menneske per køyretøy. Bilen blei tidleg folkeeige i USA, mykje på grunn av utbygginga av forstader, som skapte større avstandar mellom heimen, arbeidsplassen og infrastrukturen elles. Drivstoffet er rimeleg samanlikna med europeiske land, og det er jamt over eit dårleg kollektivtrafikktilbod, noko som gjer at amerikanarane bruker bilen mykje. Talet på trafikkulukker er fallande, men likevel høgt samanlikna med ein del andre industriland. I 2010 omkom 11,4 per 100 000 amerikanarar i trafikken, mot 4,3 nordmenn.

Dei viktigaste hamnene i USA ligg ved Golfkysten og Atlanterhavskysten, med South Louisiana, Houston og New York på topp målt i tonnasje. Den største hamna ved Stillehavet er Long Beach i California. I 2013 utgjorde sjøtrafikken 1422 millionar tonn, medan den innanlandske trafikken utgjorde 891 millionar tonn. Landet har eit omfattande nett av farbare elvar og innsjøar, som tek unna tre firedelar av den innanlandske sjøtransporten. Ikkje minst på Dei store sjøane i nordaust er trafikken stor, der Duluth ved Lake Superior er ein viktig hamneby.

USA har det lengste jernbanenettet i verda, på over 250 000 kilometer. Storparten blir berre nytta til godstrafikk. Likevel er godstrafikken på dei amerikanske vegane over 50 prosent høgare enn på jernbana. Når det gjeld passasjertrafikk, blei bilen ein mektig konkurrent til jernbana i 1950- og 60-åra. Det førte til danninga av det statseigde selskapet AMTRAK i 1971, som i dag driv fjerntog med eit linjenett på 34 000 kilometer. Det går an å krysse USA frå kyst til kyst med passasjertog. Ei mykje nytta rute går mellom New York og Los Angeles, via Chicago, og tek omkring tre døgn.

Gamalt, pensjonert tog i Oklahoma. Foto: Michael Young, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Gamalt, pensjonert tog i Oklahoma. Foto: Michael Young, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Kjelder

Erling Bjøl: USAs historie. Oslo 2011

Will Herberg: Protestant, Catholic, Jew. An Essay in American Religious Sociology. Doubleday 1955

Jannecke Wiers-Jenssen: Utenlandske studenter i Norge. NIFU, Arbeidsnotat 12/2013

Bernt Aardal: «Valgdeltakelse ved presidentvalg i USA 1960–2008»: http://www.aardal.info/ValgUSA.pdf [lesedato 2.11.2015]

Airports Council International: «ACI Annual World Airporttraffic Report», aci.aero, sist oppdatert 8.7.2013: http://www.aci.aero/Data-Centre/Annual-Traffic-Data/Passengers/2011-final [lesedato 11.11.2015]

American Hospital Association: «Fast facts on US Hospitals», aha.org, sist oppdatert januar 2015: http://www.aha.org/research/rc/stat-studies/fast-facts.shtml [lesedato 11.11.2015]

Knut Ove Arntzen: «Teater i USA», snl.no, sist oppdatert 24.4.2015: https://snl.no/Teater_i_USA [lesedato 4.11.2015]

Ole T. Berg: «USAs politiske system», snl.no, sist oppdatert 4.3.2015: https://snl.no/USAs_politiske_system [lesedato 2.11.2015]

Rolf Bryhn: «Idrett i USA», snl.no, sist oppdatert 13.4.2015: https://snl.no/Idrett_i_USA [lesedato 4.11.2015]

Central Intelligence Agency: «The World Factbook», cia.gov, sist oppdatert 28.10.2015: https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/us.html [lesedato 3.11.2015]

Bill Chappell: «Alaska OKs Bill Making Native Languages Official», npr.org, publisert 21.4.2014: http://www.npr.org/sections/thetwo-way/2014/04/21/305688602/alaska-oks-bill-making-native-languages-official [lesedato 2.11.2015]

Petter Dannevig og Ole O. Moen: «Klima i USA», snl.no, sist oppdatert 20.4.2015: https://snl.no/Klima_i_USA [lesedato 28.10.2015]

Det internasjonale energibyrået, energistatistikk for USA, iea.org: http://www.iea.org/statistics/statisticssearch/report/?year=2012&country=USA&product=ElectricityandHeat og http://www.iea.org/publications/freepublications/publication/KeyWorld2014.pdf [lesedato 28.10.2015]

Haakon Flottorp, Per Kværne og Store norske leksikon: «Religion i USA», snl.no, sist oppdatert 13.12.2012: https://snl.no/Religion_i_USA [lesedato 9.11.2015]

Campbell Gibson og Kay Jung: «Historical Census Statistics On Population Totals By Race, 1790 to 1990, and By Hispanic Origin, 1970 to 1990, For Large Cities And Other Urban Places In The United States», census.gov, publisert februar 2005: https://www.census.gov/population/www/documentation/twps0076/twps0076.html [lesedato 9.11.2015]

Odd Bruce Hansen: «Dyreliv i USA», snl.no, sist oppdatert 21.4.2015: https://snl.no/Dyreliv_i_USA [lesedato 28.10.2015]

Steffen Harrendorf, Markku Heiskanen og Steven Malby (red.): International Statistics on Crime and Justice. Helsinki 2010. Digital utgåve: https://www.unodc.org/documents/data-and-analysis/Crime-statistics/International_Statistics_on_Crime_and_Justice.pdf [lesedato 8.11.2015]

Devon Haynie: «Number of International College Students Continues to Climb», usnews.com, publisert 17.11.2014: http://www.usnews.com/education/best-colleges/articles/2014/11/17/number-of-international-college-students-continues-to-climb [lesedato 12.11.2015]

International Institute for Democracy and Electoral Assistance: «Voter turnout data for United States», idea.int, sist oppdatert 5.10.2011: http://www.idea.int/vt/countryview.cfm?id=231 [lesedato 12.11.2015]

Institute for Criminal Policy Research: «World Prison Breaf, Unites States of America», prisonstudies.org: http://www.prisonstudies.org/country/united-states-america [lesedato 8.11.2015]

Institute of International Education: «Open Doors 2014: International Students in the United States and Study Abroad by American Students are at All-Time High», iie.org, publisert 17.11.2014: http://www.iie.org/Who-We-Are/News-and-Events/Press-Center/Press-Releases/2014/2014-11-17-Open-Doors-Data [lesedato 12.11.2015]

Ole O. Moen: «Massemedier i USA», snl.no, sist oppdatert 23.7.2013: https://snl.no/Massemedier_i_USA [lesedato 3.11.2015]

Ole O. Moen og Haavard Nordlie: «USAs befolkning», snl.no, sist oppdatert 4.2.2015: https://snl.no/USAs_befolkning [lesedato 9.11.2015]

Randall Monger og James Yankay: «U.S. Lawful Permanent Residents: 2013», Annual Flow Report, May 2014: http://www.dhs.gov/sites/default/files/publications/ois_lpr_fr_2013.pdf [lesedato 2.11.2015]

U.S. Department of Health and Human Services, Centers for Disease Control and Prevention (diverse helse- og sosialstatistikk), cdc.gov:

National Vital Statistics Report, vol. 64, nr. 1. Births: Final Data for 2013, cdc.gov, publisert 15.1.2015: http://www.cdc.gov/nchs/data/nvsr/nvsr64/nvsr64_01.pdf [lesedato 3.11.2015]

National Vital Statistics Report, vol. 64, nr. 2. Deaths: Final Data for 2013, cdc.gov, publisert 16.2.2016: http://www.cdc.gov/nchs/data/nvsr/nvsr64/nvsr64_02.pdf [lesedato 3.11.2015]

Centers for Disease Control and Prevention, National Center for Health Statistics: «National Marriage and Divorce Rate Trends», cdc.gov, sist oppdatert 23.11.2015: http://www.cdc.gov/nchs/nvss/marriage_divorce_tables.htm [lesedato 3.11.2015]

Centers for Disease Control and Prevention, National Center for Health Statistics: National Health Interview Survey. Early Release of Selected Estimates Based on Data From

the 2014 National Health Interview Survey, publisert juni 2015, cdc.gov: http://www.cdc.gov/nchs/data/nhis/earlyrelease/earlyrelease201506.pdf [lesedato 3.11.2015]

Centers for Disease Control and Prevention: «CDCs Abortion Surveillance System FAQs», cdc.gov: http://www.cdc.gov/reproductivehealth/Data_Stats/Abortion.htm [lesedato 3.11.2015]

Hallvard Notaker: «USAs historie etter 2001», snl.no, sist oppdatert 27.8.2015: https://snl.no/USAs_historie_etter_2001 [lesedato 10.11.2015]

OECD: «Digital Economy Outlook Tables 2015», oecd.org: http://www.oecd.org/sti/deo-tables-2015.htm [lesedato 11.11.2015]

OECD: OECD Broadband Portal, oecd.org, sist oppdatert 23.7.2015: http://www.oecd.org/sti/broadband/oecdbroadbandportal.htm [lesedato 11.11.2015]

Pan American Health Organization: Health in the Americas, 2012: United States of America, http://www.paho.org/saludenlasamericas/index.php?option=com_docman&task=doc_view&gid=151&Itemid [lesedato 3.11.2015]

Pew Research Center: «America's Changing Religious Landscape», publisert 12.5.2015: http://www.pewforum.org/2015/05/12/americas-changing-religious-landscape/ [lesedato 9.11.2015]

Pew Research Center: «Newspapers: Circulation at the Top 5 U.S. Newspapers Reporting Monday-Friday Averages», journalism.org: http://www.journalism.org/media-indicators/average-circulation-at-the-top-5-u-s-newspapers-reporting-monday-friday-averages/ [lesedato 3.11.2015]

Prison Policy Initiative: «United States incarceration rates by race and ethnicity, 2010»: http://www.prisonpolicy.org/graphs/raceinc.html [lesedato 8.11.2015]

Railway-technology.com: «The world's 10 longest railway networks», publisert 20.2.2014: http://www.railway-technology.com/features/featurethe-worlds-longest-railway-networks-4180878/ [lesedato 11.11.2015]

Torbjørn Sirevåg og Ottar Julsrud: «USAs historie», snl.no, sist oppdatert 28.10.2015: https://snl.no/USAs_historie [lesedato 9.11.2015]

Torbjørn Sirevåg, Ottar Julsrud, Store norske leksikon og Hallvard Notaker: «USAs historie 1945–2001», snl.no, sist oppdatert 19.10.2015: https://snl.no/USAs_historie_1945-2001 [lesedato 9.11.2015]

Store norske leksikon: «Den amerikanske borgerkrigen», snl.no, sist oppdatert 11.9.2014: https://snl.no/Den_amerikanske_borgerkrigen [lesedato 9.11.2015]

Store norske leksikon: «Musikk i USA», snl.no, sist oppdatert 6.10.2015: https://snl.no/Musikk_i_USA [lesedato 4.11.2015]

Store norske leksikon: «Naturgeografi i USA», snl.no, sist oppdatert 13.12.2012: https://snl.no/Naturgeografi_i_USA [lesedato 28.10.2015]

Store norske leksikon: «Popkunst», snl.no, publisert 14.2.2009: https://snl.no/popkunst [lesedato 4.11.2015]

Store norske leksikon: «Skole og utdanning i USA», snl.no, sist oppdatert 14.8.2013: https://snl.no/Skole_og_utdanning_i_USA [lesedato 10.11.2015]

Store norske leksikon: «Språk i USA», snl.no, sist oppdatert 4.5.2014: https://snl.no/Spr%C3%A5k_i_USA [lesedato 2.11.2015]

Store norske leksikon: «Økonomi og næringsliv i USA», snl.no, sist oppdatert 4.2.2015: https://snl.no/Økonomi_og_næringsliv_i_USA [lesedato 2.11.2015]

Store norske leksikon og Yngve Jarslett: «USAs forsvar», snl.no, sist oppdatert 28.5.2015: https://snl.no/USAs_forsvar [lesedato 2.11.2015]

TrendEconomy: «Crude oil production USA (1990–2014)», data.trendeconomy.com: http://data.trendeconomy.com/industries/Crude_Oil_Production/UnitedStatesOfAmerica [lesedato 28.10.2015]

Sarah Tully: «U.S. Defense Spending Vs. Global Defense Spending», armscontrolcenter.org, publisert 14.5.2015: http://armscontrolcenter.org/u-s-defense-spending-vs-global-defense-spending/ [lesedato 2.11.2015]

Statistisk sentralbyrå: «Studenter ved universiteter og høgskoler, 1. oktober 2014», ssb.no, publisert 4.5.2015: http://www.ssb.no/utdanning/statistikker/utuvh [lesedato 12.11.2015]

United Nations Development Programme: «Human Development Index trends, 1980–2013», hdr.undp.org: http://hdr.undp.org/en/content/table-2-human-development-index-trends-1980-2013 [lesedato 11.11.2015]

United States Census Bureau: «Educational Attainment in the United States: 2014 – Detailed Tables», census.gov: http://www.census.gov/hhes/socdemo/education/data/cps/2014/tables.html [lesedato 10.11.2015]

United States Census Bureau: «Facts for Features: American Indian and Alaska Native Heritage Month: November 2014», census.gov, publisert 12.11.2014: http://www.census.gov/newsroom/facts-for-features/2014/cb14-ff26.html [lesedato 9.11.2015]

United States Census Bureau: «Language Use in the United States: 2011», census.gov, publisert august 2013: https://www.census.gov/prod/2013pubs/acs-22.pdf [lesedato 18.2.2016]

United States Census Bureau: «Population Distribution and Change: 2000 to 2010», census.gov, publisert mars 2011: http://www.census.gov/prod/cen2010/briefs/c2010br-01.pdf [lesedato 2.11.2015]

United States Census Bureau: «2009–2013 American Community Survey 5-Year Estimates», census.gov: http://factfinder.census.gov/faces/tableservices/jsf/pages/productview.xhtml?pid=ACS_13_5YR_DP05&src=pt [lesedato 2.11.2015]

United States Department of Transportation: «National Transportation Statistics», rita.dot.gov, sist oppdatert januar 2016: http://www.rita.dot.gov/bts/sites/rita.dot.gov.bts/files/publications/national_transportation_statistics/index.html [lesedato 9.3.2016]

Wikipedia: «Air Pollution Control Act», wikipedia.org, sist oppdatert 26.10.2015: https://en.wikipedia.org/wiki/Air_Pollution_Control_Act [lesedato 2.11.2015]

Eirik H. Winsnes: «Den norske drømmen», aftenposten.no, publisert 18.1.2014: http://www.aftenposten.no/okonomi/Den-norske-drommen-7438182.html [lesedato 2.11.2015]

The World Bank: «International tourism, number of arrivals», worldbank.org: http://data.worldbank.org/indicator/ST.INT.ARVL [lesedato 12.11.2015]

The World Bank: «World Development Indicators: Distribution of income or consumption», worldbank.org: http://wdi.worldbank.org/table/2.9 [lesedato 6.11.2015]

World Health Organization: «Global status report on road safety 2013, who.int: http://www.who.int/violence_injury_prevention/road_safety_status/2013/en/ [lesedato 9.3.2016]

World Health Organization: «United States of America: WHO statistical profile», who.int, sist oppdatert januar 2015: http://www.who.int/gho/countries/usa.pdf?ua=1 [lesedato 11.11.2015]

World Health Organization: «World Health Statistics 2015»: http://www.who.int/gho/publications/world_health_statistics/EN_WHS2015_Part2.pdf?ua=1 [lesedato 11.11.2015]

Orm Øverland: «USAs litteratur», snl.no, sist oppdatert 4.3.2015: https://snl.no/USAs_litteratur [lesedato 4.11.2015]

Peikarar

Globalis: «USA De forente stater», globalis.no

Først publisert: 04.04.2016
Sist oppdatert: 08.11.2018