Hopp til innhold
X
Innhald

Utburd

Utburd (utbor, ropar), etter norrønt útburðr i tydinga eit barn som blei sett ut fordi det ikkje skulle oppfostrast.

I norrøn tid kan det sjå ut til at barneutbering var akseptert under visse vilkår, til dømes fattigdom eller at det var eit uekte barn av tenestefolk. Då kristenrettane blei innførte på 1000-talet, blei det forbode å setje ut born.
I norsk folketru er utburden gjenferdet etter eit barn som er fødd i skjul og sett ut eller grave ned i utmarka. Der græt og plagar det folk så lenge det ikkje får kristen dåp eller blir lagt i vigsla jord, derfor namnet ropar. Å bli gravlagd i vigsla jord blei sett på som svært viktig, likevel er det i tradisjonen dåpen som er mest avgjerande.
Segner om utburden fortel om folk som høyrer sår barnegråt, skrik eller hyl ein stad i utmarka. Dette skaper redsel og får folk til å flykte frå staden. Oftast er det ei kvinne som trassar redselen og stilnar gråten gjennom eit enkelt dåpsritual der ho seier høgt:
Eg døyper deg på ei von, til Sigrid eller Jon – i namnet åt Gud fader, Gud son og Gud den heilage ande.
Bruken av både jentenamn og gutenamn i dåpsritualet kjem av at det ikkje er kjent kva for eit kjønn barnet har.
Kjelder
Olav Bø: Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo 1987
Ørnulf Hodne: Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo 1995
Ørnulf Hodne: Norsk folketro. Oslo 1999
Peikarar
Segner om utburden, Norsk folkeminnesamling

Først publisert: 05.03.2014
Sist oppdatert: 05.03.2014