Hopp til innhold
X
Innhald

Væreigar

Ein væreigar var ein grunneigar i eit fiskevær. Væreigarsystemet var særleg knytt til lofotfisket og nådde eit høgdepunkt midt på 1800-talet. Dei mektige væreigarane kontrollerte ei tid både fiskefelta, handelen med fisken og innkvarteringa av fiskarane.

Tradisjonelt hadde lofotfisket innebore tette band mellom fiskarane og kjøpmenn i Bergen, men frå slutten av 1700-talet kom nordnorske handelsmenn på banen. Ei liberalisering av næringspolitikken braut ned handelsmonopola til byane i sør, og ei kjede av handelsstader, mellom 200 og 300 mellom Brønnøy og Varanger, vart etablerte på nokre tiår. Frå 1821 vart den statseigde grunnen i fiskeværa i Noreg seld ut. Handelsmenn og gjestgivarar som allereie var etablerte i fiskeværa, kjøpte mykje av denne grunnen. Etter lofotlova av 1816 hadde kvart fiskevær sitt eige avgrensa havområde.

Væreigarane tok rolla med å fordele fiskefelta mellom garn- og linefiskarar, og dei heldt oppsyn og kontroll med fisket. Makta som dette gav over havet, kombinerte væreigarane med makta dei hadde som handelsmenn. Sidan dei eigde rorbuene og fiskehjellane, og gav kreditt i landhandelen, hadde væreigarane stor økonomisk makt over fiskarane.

Væreigarane miste noko av makta si då det kom ei ny fiskerilov i 1857. Denne lova etablerte prinsippa om fritt hav, fritt fiske og statleg oppsyn med fisket. Væreigarane heldt likevel på mykje av makta. Ved å selje varer på kreditt knytte dei tette band til fiskarane og var eit mellomledd mellom dei og kjøpmennene i Bergen, som fiskarbøndene tidlegare hadde handla med. Med råfisklova i 1938 fekk væreigarsystemet nådestøyten. Lova gav fiskarane høve til å gripe inn i omsetjingstilhøva, og ein ny salsorganisasjon, Norges Råfisklag vart etablert.

Det særeigne med væreigarane i Lofoten var at dei hadde høve til å monopolisere all næringsverksemd, noko som kom tydeleg til uttrykk i kontraktane til husmenn og leiglendingar i Lofoten. Fleire stader måtte fastbuande fiskarar leige rom i rorbuene til væreigarane for å få rett til å fiske.

Lofoten var ikkje den einaste staden væreigarane var mektige. På Nordmøre, der fisken vart levert til den lønsame klippfiskproduksjonen, var på det meste fem sjettedelar av fisket under værtvang, og fiskarane stod i liknande bindingar til væreigarane som i Lofoten.

Kjelder

Øystein Bottolfsen: Lofoten og Vesterålens historie, bd. 3: 1700–1837. Fiskerbondesamfunnet. Stokmarknes 1995

Karl Egil Johansen: «Proletar eller småborgar? Fiskarane i politikk og samfunn», Historisk tidsskrift 2–3/2002

Nils M. Knutsen (red.): Nessekongene. De store handelsdynastiene i Nord-Norge. Oslo 1988

Nils Kolle ofl.: Fish, Coast and Communities. A History of Norway. Bergen 2017

Pio Larsen (red.): Møre og Romsdal, i serien Bygd og by i Norge, redigert av Snorre Evensberget og Rut Mykland. Oslo 1977


Peikar

Historikk på sidene til Norges Råfisklag, rafisklaget.no

Først publisert: 11.04.2019
Sist oppdatert: 15.04.2019