Hopp til innhold
X
Innhald

Ver varsam-plakaten

Ver varsam-plakaten er dei etiske retningslinjene norsk presse har forplikta seg til å følgje. Plakaten gjer greie for dei normene for etikk og presseskikk som gjeld for heile den journalistiske prosessen.

Ver varsam-plakaten vart først vedteken av Norsk Presseforbund i 1936 og er revidert fleire gonger. Plakaten skal sikre at samfunnet har ei uhilda pressedekning, samstundes som redaktørar og journalistar får sikra at dei kan utøve arbeidet sitt. Av omsyn til ytringsfridomen og trykkjefridomen er denne sikringa sjølvpålagd av pressa og ikkje lovpålagd av staten.

Plakaten er inndelt i fire hovudkapittel: 1) samfunnsrolla til pressa, 2) integritet og truverd, 3) journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene og 4) publiseringsreglar. Redaktørar og medarbeidarar i norsk presse pliktar å kjenne til innhaldet i plakaten og leggje det til grunn for det journalistiske arbeidet.

Viktige område som plakaten tek opp, er ytringsfridom, kjeldekritikk, omsyn til privatlivet, skjult reklame og objektivitet. Ofte handlar dette om balansegangar mellom kva samfunnet krev av informasjon, og omsynet til dei som vert omtalte. Som ansvarleg utgivar vil den enkelte redaktøren måtte utøve skjøn innanfor dei ulike områda i Ver varsam-plakaten der det er rom for tolking.

Pressas Faglege Utval (PFU) er eit frittståande, ikkje-statleg organ der ein kan klage inn eit eventuelt brot på Ver varsam-plakaten. Det er høve til å klage på brot som handlar om ein sjølv, andre personar, dersom ein har samtykke frå fornærma, eller dersom brotet gjeld barn. I tillegg har generalsekretæren i Norsk Presseforbund høve til å ta initiativ til å starte ein klageprosess. Ei klage kan avvisast eller handsamast. Dersom eit medium vert felt i PFU, får det inga straff, men må publisere utfallet av ei fellande fråsegn frå PFU.

 

Kjelder

Ver varsam-plakaten, presse.no, revidert 2015: https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/vvpl-nynorsk/ [lesedato 13.10.2018]

Pressas Faglege Utval, presse.no: https://presse.no/pfu/ [lesedato 13.10.2018]

Først publisert: 03.04.2019
Sist oppdatert: 03.04.2019