Hopp til innhold
X
Innhald

Vera Henriksen

Vera Margrethe Henriksen var ein særs produktiv forfattar, som skreiv i mange sjangrar. Ho hadde ei sjeldan evne til å omdanne fagkunnskap til historiske romanar.

Vera Henriksen var fødd 22. mars 1927 i Oslo og døydde 23. mai 2016 i Lom. Ho budde i Oslo fram til 1940, så nokre år ved Tvedestrand, før ho flytta frå landet i 1944. Ho tok examen artium på reallinja ved det norske gymnaset i Uppsala i 1945. Frå 1946 studerte ho i USA, først to år arkitektur ved Yale University, sidan journalistikk og kunsthistorie ved Columbia University i 1948–49. Henriksen budde i Lom frå slutten av 1970-åra og fram til ho døydde.

Heilt frå starten stod kvinneperspektivet sentralt i forfattarskapen. Det kom mellom anna til uttrykk gjennom bruken av kvinnelege hovudpersonar og synsvinklar i romanane. Tilsvarande la ho stor vekt på kvinnerolla i dei faglitterære verka sine. Slik gav Henriksen kvinnene ein meir framståande plass i historiebøkene, samstundes som ho kasta nytt lys inn i historieskrivinga. Ho skildra dramatiske og viktige brytingstider i samfunnet, til dømes kristendomen sitt inntog mot slutten av vikingtida og reformasjonen i seinmellomalderen.

Henriksen debuterte i 1961 med Sølvhammeren. Så kom Jærtegn (1962) og Helgenkongen (1963). Desse tre bøkene utgjorde den første vikingtrilogien hennar, «Sigrid-trilogien». Gjennom Sigrid Toresdatter sine auge skildra ho Olav Haraldsson (Heilag-Olav) og den brutale framferda under kristendomen sitt inntog i landet. Trollsteinen (1970) var starten på ein serie på fem romanar om tida etter reformasjonen. Dei neste i denne serien var Pilegrimsferd (1971), Blåbreen (1973), Staupet (1975) og Skjærsild (1977). Handlinga er lagd til Lom, men forfattaren syner samstundes korleis djuptgåande endringar i Europa hadde innverknad på kvardagslivet i Bygde-Noreg. Seinare kom det fleire romanar med handling frå både norrøn tid og mellomalderen.

I alt skreiv ho sju sogespel for framføring utandørs. Ho har òg skrive ei barnebok, Eventyrsagaen (1988) og ein tredelt serie for ungdom, Skipet uten drage (1990, 1991 og 1992), også desse baserte på historiske kjelder.

Henriksen delte av sin rike kunnskap om eldre tider gjennom ein rikhaldig sakprosaproduksjon. I Sagaens kvinner (1981) og Skjebneveven (1982) er det kvinnene si sentrale rolle i sagatida som står i sentrum. Verdenstreet (1984) handlar om norrøn mytologi. Ho har skrive eigne bøker om natur og lokalhistorie, i tillegg til bidrag i fleire historiske samleverk, både om norske kongar og den katolske kyrkja. Ho har òg skrive om andre tema, til dømes tobandsverket Luftforsvarets historie (1994 og 1996).

For debuten fekk Henriksen i 1961 Bokhandlarprisen. I 1978 fekk ho tildelt Mads Wiel Nygaards legat. Ho fekk Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris i 1988. I 1997 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.



Kjelder

Iver Tore Svenning: «Vera Henriksen, et forfatterportrett», Oslo 1992. Digital utgåve, nb.no: https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2014102258021 [lesedato 11.6.2018]

Egil Tveterås: «Vera Henriksen», i Norsk biografisk leksikon. Digital utgåve, snl.no: https://nbl.snl.no/Vera_Henriksen [lesedato 11.6.2018]

 

Peikarar

Arnfinn Skinlo og NTB: «Vera Henriksen er død», gd.no

«Der sagaen tier, forteller hun videre», Tone Bolstad Fløde i samtale med Vera Henriksen, fortell.no, indeksert av web.archive.org

Digitaliserte bøker av Vera Henriksen på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 23.08.2019
Sist oppdatert: 23.08.2019