Hopp til innhold
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
X
Innhald

Vidar Helgesen

Vidar Helgesen, jurist, diplomat, politikar og statsråd frå oktober 2013. Han overtok som klima- og miljøminister desember 2015.

Vidar Helgesen er fødd 19. november 1968 i Bodø i Nordland og er oppvaksen på Nøtterøy i Vestfold. Han tok vidaregåande skule i 1984–87 i Tønsberg, var ferdig cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1998 og blei teken opp til Utanriksdepartementet sitt aspirantkurs i 1999.

Han var spesialrådgivar i Den internasjonale Raudekrossen i Genève i 1998–2001, arbeidde som advokatfullmektig i Oslo i 2001, var statssekretær i Utanriksdepartementet i 2001–05 og generalsekretær i Det internasjonale institutt for demokrati og valassistanse (International Institute for Democracy and Electoral Assistance (IDEA)) i Stockholm i 2005–13. Frå 2013 er han statsråd og stabssjef ved statsministerkontoret. Frå desember 2015 er Helgesen klima- og miljøminister i Solberg-regjeringa.

Helgesen var medlem av sentralstyret i Unge Høgre i 1989–91, og han var nestleiar i Oslo Unge Høgre og leia Høgre sin kampanje i samband med EU-røystinga i 1994.
Politisk er Helgesen særleg oppteken av menneskerettar, fredsmekling og flyktningproblem. Som statsråd i Solberg-regjeringa har han ansvaret for Europa-spørsmål, Noreg sitt forhold til EU og koordinering av utanrikspolitikken.
Helgesen har hatt fleire ulike verv, mellom anna var han medlem av styret i NGS (Norges Gymnasiastforbund) i 1987–89, leiar for Operasjon Dagsverk i 1987–88 og redaksjonssekretær i tidsskriftet Tidens Tegn i 1996–98. Han har òg fleire internasjonale verv. Han var redaktør for boka Grenser for politikk. Høyre som grensevakt? (1994), saman med Jan Tore Sanner og André Støylen, og Partiet, makten og staten (1995), som handlar om makta til arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet.
Kjelder
Om Vidar Helgesen på nettsida til Det internasjonale institutt for demokrati og valassistanse (IDEA): http://www.idea.int/about/who/vidar.cfm [lesedato 16.10.2013]
Peikarar
«Leader Profile: Vidar Helgesen, Secretary-General, International IDEA», detex.com

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 20.04.2017