Hopp til innhold
Det vietnamesiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det vietnamesiske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Vietnam

Vietnam var frå 1961 til 1975 i krig med USA, ein krig som forma det nye Vietnam og radikaliserte vestleg ungdom i hopetal. Sidan har Vietnam hatt ei eventyrleg økonomisk utvikling, men er i dag plaga av korrupsjon og miljøøydeleggingar.

Vietnam er det mest folkerike landet på det søraustasiatiske fastlandet, med grenser mot Kina, Laos og Kambodsja.

Landet har to økonomiske sentrum, ved kvar si elvemunning i nord og sør, som er bundne saman av ei smal, men fjellrik kyststripe midt i landet. Det vietnamesiske riket oppstod ved munninga til Raudeelva (Song Hong) i nord. Mekong-munninga i sør vart overteken frå Kambodsja på 1800-talet og er i dag det viktigaste jordbruks- og industriområdet.

Vietnam har gjennom historia vore delt i desse to områda fleira gonger, sist under den traumatiske Vietnamkrigen.

Planøkonomi og kollektivisering vart utvida til heile landet etter at det kommunistiske Nord-Vietnam vann krigen i 1975, men det gjekk ikkje lenge før Vietnam opna seg for globale marknadskrefter. Det heile har skjedd med velsigning frå kommunistpartiet, som held på det politiske maktmonopolet. Dei økonomiske reformene har i det store og heile skjedd utan politiske reformer i form av utvida politiske rettar. Eit unntak er retten til fagorganisering og tarifforhandlingar, som styresmaktene overraskande byrja å styrkje i 2019.

Historie

Utspringet til Vietnam ligg i Nord-Vietnam, som vart sjølvstendige frå Kina i år 957. Dei neste 800 åra koloniserte vietnamesarane gradvis resten av landet, mellom anna gjennom siger over riket Champa og annektering av dei austlege områda av Khmerriket.

Det neste dryge hundreåret, frå 1858 til 1975, var prega av fransk, japansk og amerikansk dominans og aggresjon. Då Vietnam endeleg vart sjølvstendig og samla igjen i 1975, var det med eit marxist-leninistisk eittpartistyre.

Eksperimentet med kommunisme vart kortvarig i møtet med boikott frå USA og alle internasjonale forum som dei kontrollerte. Etter at Sovjetunionen og austblokka fall – og med dei 30 prosent av Vietnam sine inntekter – gjennomførte landet systematiske marknadsreformer i 1990-åra. Prosessen vart krona i 2007 med ein handelsavtale med USA og innpass i Verdshandelsorganisasjonen (WTO).

Vietnamkrigen

Den vietnamesiske kampen for sjølvstende nådde sitt klimaks mellom 1961 og 1975 under den andre indokinakrigen – ofte kalla Amerikakrigen i Vietnam og Vietnamkrigen i resten av verda. Krigen var den lengste internasjonale krigen på 1900-talet og er mellom dei mest grufulle i verdshistoria når ein måler etter sivile dødsfall, skadar og fordriving, økologisk øydelegging og seinskadar. 15 millionar tonn sprengladningar vart detonerte av USA og deira allierte mellom 1964 og 1972 – det dobbelte av det samla talet for heila verda under andre verdskrigen. Udetonerte bomber tek den dag i dag liv i Vietnam, Laos og Kambodsja.

Krigen vaks fram av motstandskampen mot Japan under andre verdskrigen og mot Frankrike i den første indokinakrigen (1945–54). Sjølvstenderørsla gjennom denne perioden var dominert av sosialistar. USA frykta «dominoeffekten» av eit kommunistisk Vietnam og støtta difor eit kunstig oppretta anti-kommunistisk regime i Sør-Vietnam då Frankrike trekte seg ut. Støtta vaks og vart valdelegare etter kvart som dette regimet vart mindre levedyktig, noko som skapte ein vond sirkel.

USA var fullstendig overlegne militært og påførte Vietnam enorme skadar, særleg gjennom artillerikraft og kjemisk krigføring. Problemet var at USA var underlegne politisk så lenge dei ikkje greidde å finne eit levedyktig alternativ til det kommunistiske Nord-Vietnam. Kommunistpartiet var overbevist om at berre dei greidde å halde ut, ville kostnadane for USA etter kvart verte for høge, særleg etter 1968, då politiske omkostningar i form av krigsmotstand og sosial uro heime i USA kom til. Partiet fekk rett då USA trekte seg ut i 1973, og det sørvietnamesiske regimet fall to år etterpå. Sigeren hadde ein kraftig bismak i form av eit ruinert land og eit nasjonalt traume.

Amerikanske soldatar kryssar ein vatningskanal på veg mot ein FNL-kontrollert landsby, 21. november 1967. Kjelde: catalog.archives.gov. Ingen kjende restriksjonar.

Amerikanske soldatar kryssar ein vatningskanal på veg mot ein FNL-kontrollert landsby, 21. november 1967. Kjelde: catalog.archives.gov. Ingen kjende restriksjonar.

Politikk

I prinsippet er Vietnam eit demokrati, ettersom landet har ei nasjonalforsamling som vert vald gjennom nasjonale val. Grunnen til at Vietnam likevel ikkje vert rekna som eit demokrati i praksis, er at kommunistpartiet i stor grad dikterer både kva denne lovforsamlinga skal gjere, og kven som kan veljast. Kring ti prosent av representantane er ikkje medlemer av kommunistpartiet, men dei fleste av dei er nominerte av partiet, og ingen av dei er i reell opposisjon.

Den reelle makta ligg såleis hos sentralkomiteen i kommunistpartiet, nærmare bestemt det 16 mann og 3 kvinner sterke politbyrået. Det er to hovudfraksjonar i partiet: Ein «progressiv» fraksjon støttar større opning for marknaden og utanlandske interesser, er relativt pro-USA og har vore dominerande sidan 1990-åra. Den «konservative» fraksjonen held på ein anti-imperialistisk skepsis til utanlandske makter og er meir pro-Kina. For begge fraksjonane tener eigen strategi det overordna målet om å halde på det politiske maktmonopolet til kommunistpartiet, noko dei er heilt einige om. På dette punktet er det nulltoleranse for kritiske stemmer.

Vietnam har inga (lovleg) uavhengig presse. Det same gjaldt fagorganisering inntil 14. juni 2019, då styresmaktene overraskande ratifiserte Den internasjonale arbeidarorganisasjonen sin konvensjon 98 og kunngjorde framtidig ratifisering av konvensjon 87 i år 2023, som vil gi rett til uavhengig fagorganisering.

USA er i dag Vietnams viktigaste allierte. Den største handelspartnaren er Kina. For å hindre for stor innverknad frå dei to supermaktene pleier Vietnam òg aktivt relasjonar med andre land og organisasjonar. Russland er til dømes framleis den største eksportøren av militært utstyr til Vietnam. Andre viktige partnarar er India, EU og ASEAN-landa.

Økonomi

Vietnam har sidan 1990-åra hatt ein av dei raskaste og stabilt veksande økonomiane i verda. BNP er venta å passere Noregs BNP i 2050.

Etter fleire tiår med økonomiske reformer i marknadsøkonomisk retning har Vietnam i dag eit statskapitalistisk system, der staten ikkje lenger styrer marknaden, men held på eigarskapet i mange store og strategiske bedrifter. I 2005 var 122 av dei 200 største bedriftene i Vietnam eigde av staten. Av dei resterande private bedriftene er mange eigde av slektningar til toppane i kommunistpartiet.

Særleg dette siste har gjort at Vietnam har eit aukande problem med korrupsjon i form av nepotisme. Ein vanleg strategi for ein ambisiøs vietnamesisk familie er å prøve å sende eit av barna inn i byråkratiet og eit inn i finans, slik at dei kan spele på kvarandre.

Busetnad i hovustaden Hanoi. Foto (2012) kangarooo1982, flickr.com. CC BY-ND 2.0.

Busetnad i hovudstaden Hanoi. Foto (2012): kangarooo1982, flickr.com. CC BY-ND 2.0.

Demografi

Vietnam har ei særeiga form for borgarregistrering (basert på den i Kina), kalla hu khau, der alle sosiale rettar er knytte til der ein er fødd og registrert. Systemet var viktig for sentralplanlegginga då Vietnam hadde planøkonomi, og er framleis viktig som eit instrument for sosial kontroll. Systemet har ikkje vorte fjerna gjennom marknadsreformene og har difor ført til svært mange migrantarbeidarar utan sosiale rettar, etter at ei mengd med bønder søkte til byane.

Eit liknande sosialt skilje finst mellom kinh-majoriteten, som utgjer om lag 85 prosent av befolkninga, og dei etniske minoritetane. Den forrykande økonomiske veksten i Vietnam har treft dei ulike etniske gruppene i landet svært skeivt. Styresmaktene skryter gjerne av reduksjonen i fattigdom i minoritetsområda, men den faktiske årsaka til reduksjonen er ofte innflytting av kinh-folk. Særleg minoritetar i dei sentrale høglanda har vore marginaliserte, og her eksisterer det framleis ei lita sjølvstenderørsle. Dei etniske motsetningane er i stor grad ein arv etter kolonitida, då franskmennene aktivt nytta ein splitt og hersk-politikk.

På grunn av Vietnamkrigen finst det ein stor vietnamesisk diaspora (vietnamesarar i utlandet), som sidan marknadsreformene har spela ei viktig rolle i integreringa av Vietnam i verdsøkonomien.

Kultur, kunst og idrett

Vietnam er det einaste søraustasiatiske landet som gjennom historia har vore sterkt påverka av kinesisk kultur. Buddhistar i Vietnam høyrer til mahayana-retninga, i staden for theravada som resten av buddhistane i Søraust-Asia. Konfutsianismen var det berande tankegodset i statskunst og familieliv, særleg i nord. Det skjedde i mindre grad enn i Kina eit brot med dette tankegodset i og med inntoget til kommunismen. Partiet si styring i dag dreg nytte av dei eksisterande konfutsianske familie- og nabolagshierarkia.

Denne styringa skjer mellom anna gjennom ei sertifisering av såkalla «kultiverte familiar» (les: mønsterborgerar). Denne statusen, som er avhengig av oppfylling av ei rekkje kriterium, er nødvendig ikkje berre for sosial status, men òg for å få tilgang på kommunale tenester. Lokale partitoppar må på si side ha gode tal på prosentdelen av slike familiar i eige distrikt dersom dei skal ha håp om forfremjing.

I matvegen er Vietnam særleg kjent for gatematen, som har blomstra etter marknadsreformene, med rettar som pho (nuddelsuppe), bun cha (mini-kebab), banh mi (bagettar) og lau (stuing).

Fotball er den mest utbreidde idretten, medan den lokale vovinam er ein populær kampsport.

Oppvising i kampsporten vovinam. Foto: Dante N, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Oppvising i kampsporten vovinam. Foto: Dante N, flickr.com. CC BY-NC-ND 2.0.

Klima og natur

Vietnam har ein enorm svartebørs for ulovleg handel med utryddingstruga dyr – estimert til rundt ein million dyr per år i 2008. «Spesialitetar» (dac san) som skjeldyr, piggsvin og asiatisk palmesivett vert selde på våtmarknadar og i restaurantar, i nokre tilfelle inne i naturreservat. Den andre store bruken av desse dyra er i kinesisk medisin. I kjølvatnet av koronapandamien i 2020 er det venta at styresmaktene endeleg vil slå ned på dette.

Ulovleg hogst har vore ei anna utfordring for skogane i Vietnam. Frå 1976 til 1990 tok denne hogsten bort like mykje skog som det den amerikanske teppebombinga gjorde i 1960-åra.

I aukande grad kjem dyra og tømmeret i den ulovlege handelen no frå Kambodsja og Laos, sidan Vietnam sine eigne lager snart er tomme.

Vietnamesiske styresmakter er langt meir proaktive når det kjem til klimaendringar – ikkje for å minske utsleppa, men for å førebu seg på eit endra klima. Dette er forståeleg, ettersom Vietnam historisk ikkje er ein viktig medverkar til klimakrisa, men er mellom dei landa som vil verte aller sterkast påverka. Til dømes vil store delar av dei økonomiske og demografiske sentruma i det lågtliggjande kystlandet hamne under vatn dersom havnivået stig éin meter.


Kjelder

Ken Burns ofl.: The Vietnam War, fjernsynsdokumentar. Arlington 2017

Noam Chomsky: Rethinking Camelot. JFK, the Vietnam War, and U.S. Political Culture. Chicago 2015 (2. utg.)

Peter Church: A Short History of South-East Asia. Singapore 2009

Arthur Cotterell: A History of Southeast Asia. Singapore 2015

Bill Hayton: Vietnam. Rising Dragon. New Haven 2010

Gabriel Kolko: Anatomy of a War. Vietnam, the United States, and the Modern Historical Experience. New York 1985

Gabriel Kolko: Vietnam. Anatomy of a Peace. Brighton 1997

 

Joe Buckley: «Vietnam Gambles on Workers’ Rights», jacobinmag.com, publisert 7.7.2019: https://jacobinmag.com/2019/07/vietnam-workers-rights-international-labour-organisation [lesedato 9.7.2019]

 

Peikarar

Demokrati-indeks for Vietnam (heile rapporten kan lastast ned), economist.com

Thomas Førde: «Meir norsk skipsbygging i Vietnam», om bygging av norske skip i Vietnam, aftenbladet.no, publisert 2.1.2012

Fakta om Vietnam og om forholdet til Noreg, norad.no

Først publisert: 30.11.2020
Sist oppdatert: 08.12.2020