Hopp til innhold

Vietnamkrigen

Vietnamkrigen, krigen mellom opprørsrørsla FNL og styresmaktene i Sør-Vietnam frå slutten av 1950-åra til 1975. USA greip tidleg inn og blei ein pådrivar for krigen, medan FNL blei støtta, og i stor grad styrt frå, det kommunistiske Nord-Vietnam.

Frigjeringa av Vietnam frå kolonistyret tok til med at kommunistleiaren Ho Chi Minh erklærte Vietnam uavhengig frå Frankrike i 1945. Franske styresmakter godtok ikkje dette, og i 1946 braut det ut ein krig som varte til 1954, då dei franske troppane leid nederlag og blei trekte ut. Etter dette blei Vietnam delt i to statar, Nord-Vietnam og Sør-Vietnam.

Nord-Vietnam streva for ei foreining av landa, medan amerikanarane ønskte å stoppe den kommunistiske ekspansjonen, som dei frykta ville spreie seg til fleire land i Asia. I 1957 starta eit opprør i Sør-Vietnam, som etter kvart bygde seg opp til ein geriljakrig. Forsyningane frå nord kom via den såkalla Ho Chi Minh-stien, som delvis gjekk gjennom nabolanda Laos og Kambodsja. USA svarte først med å auke talet på militære rådgivarar i Sør-Vietnam, men etter angrep på amerikanske krigsskip i Tonkinbukta i 1964 – eitt av dei viste seg seinare å vere forfalska – tok dei til å sende inn regulære troppar, samtidig som dei starta ei intensiv bombing av Nord-Vietnam.

I 1968 kom talet på amerikanske soldatar i Vietnam opp i over ein halv million, utan at det endra krigslykka. USA greidde verken å svekkje den nordvietnamesiske kampmoralen eller å nedkjempe geriljarørsla. Dei amerikanske tapa var høge, og på heimebane auka protestane mot krigen. I 1969 blei det innleidd fredsforhandlingar, men krigen heldt fram til ein våpenkvileavtale blei inngått i 1973. Etter det trekte USA seg ut, og Sør-Vietnam hadde lite å stille opp med då nordvietnamesiske styrkar rykte sørover. Hovudstaden Saigon blei teken 30. april 1975, og dei to landa blei sidan sameinte under kommunistisk styre.

Slutten på krigen førte til ein stor straum av båtflyktningar frå landet. Ulike utrekningar viser at mellom 1,3 og 4,3 millionar menneske miste livet i Vietnamkrigen, meir enn i nokon annan krig etter 1945. Krigen var den første USA har tapt nokon gong, og det skapte eit nasjonalt traume hos supermakta.


Kjelder

Paul Dowswell: Vietnamkrigen. Oslo 2002

Flemming Madsen Poulsen: Vietnam-krigene. København 1996

Andrew Wiest: The Vietnam War 1956–1975. New York 2003

 

Peikarar

NRK: «Vietnam», amerikansk dokumentarserie, nrk.no

Ida Hilde Mathisen: «– Det var uforståelig for amerikanerne at de kunne tape denne krigen», dagbladet.no

Kjetil Hanssen og Øystein Kløvstad Langberg: «13 ikoniske bilder fra Vietnam-krigen», aftenposten.no

Først publisert: 30.04.2020
Sist oppdatert: 13.05.2020