Hopp til innhold
X
Innhald

Vincent van Gogh

Vincent van Gogh, 1853–1890, var nederlandsk målar.

Dei tidlege arbeida hans skildrar bønder og arbeidarar, og er måla i tunge jordfargar. Van Gogh var påverka av impresjonismen og syntetismen til Gauguin i åra 1886–87. 

Han busette seg i Arles i Provence i 1888 og utvikla der ein djupt personleg stil, med rytmisk, heftig penselføring i fargesprakande måleri. Etter kvart vart han sinnssjuk og tok livet av seg. Verka hans vart svært viktige for den seinare ekspresjonismen.

«Sjølvportrett» (1889/90) av Vincent van Gogh, oljemåleri . Eigar: Nasjonalmuseet. Fotokjelde: Nasjonalmuseet (fri ikkje-kommersiell bruk) CC BY-NC 4.0.

«Sjølvportrett» (1889/90) av Vincent van Gogh, oljemåleri . Eigar: Nasjonalmuseet. Fotokjelde: Nasjonalmuseet (fri ikkje-kommersiell bruk) CC BY-NC 4.0.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 27.02.2019