Vinjerock 2008
Frå Vinjerock 2008
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Vinjerock er ein musikk- og friluftsfestival som vert arrangert på Eidsbugarden i Jotunheimen kvar sommar. Talet på billettar er avgrensa til 3000, for å skåne festivalområdet.

Etablering

Vinjerock vart arrangert første gongen i 2006. Ei gruppe ungdomar frå Vang i Valdres stod bak festivalen, og dei valde Eidsbugarden som arrangørstad. Der står Vinjebue, hytta til Aasmund Olavsson Vinje, og difor valde dei å kalle opp festivalen etter han. Dei første åra var festivalen i august, men frå 2012 har han vore arrangert i siste halvdel av juli.

Program

Musikken er det sentrale i festivalen, men aktivitetar, fjellturar og kurs i til dømes klatring, padling og fotografering utgjer nær halvparten av programmet. Gjennom åra har Vinjerock hatt besøk av store namn som DumDum Boys, Thomas Dybdahl, Bigbang, Sivert Høyem, Madrugada, Kaizers Orchestra, Gåte, Ingrid Olava, Staut, Odd Nordstoga, Ingebjørg Bratland, Aurora, Sigrid og Daniel Kvammen. Frå 2009-festivalen har alle billettane vorte utselde på førehand. Nærmare 700 arbeider som frivillige på Vinjerock kvart år.

Utvikling

Dei to første åra gjekk festivalen med underskot, sjølv om dei hadde 3500 publikummarar alt på den første festivalen. Frå 2008 vart underskot snudd til overskot, og Vinjerock har bygd seg opp til å verte ein av dei mest populære rockefestivalane i landet. Talet på festivalpass er avgrensa til 3000, fordi arrangøren legg vekt på at festivalen ikkje skal skade naturen i fjellheimen. Festivaldeltakarane må ta buss eller båt det siste stykket inn til Eidsbugarden. I 2011 vart festivalen Miljøfyrtårn-sertifisert.

I 2011 arrangerte Vinjerock «Krafsefestivalen» i staden for den vanlege rockefestivalen. Dei la ned eit stort arbeid for å drenere festivalområdet og å utbetre stigar og bruer for å verne området mot slitasje. Om lag 70 frivillige var med på arbeidet.

Organisering

Vang kommune har vore ein viktig støttespelar for Vinjerock gjennom åra. Vinjerock er organisert som eit aksjeselskap, og Felagane AS eig selskapet. Begge selskapa har ein idealistisk føremålsparagraf og har vedtektsfesta at det ikkje er lov å ta ut utbytte, men at eit eventuelt overskot skal styrkje drifta og kome lokalsamfunnet til gode.

Nynorsk

Vinjerock har heile tida brukt nynorsk som administrasjonsmål, og festivalleiinga har vore medviten om å bruke Aasmund Olavsson Vinje, nynorsk og vangsdialekt i marknadsføringa. Det første året laga dei ei lita ordliste – «Vangsgjelding – nynorsk» – som eit tilbod til festivaldeltakarane, og dei har årleg litteraturprogram i Vinjebue.

Utmerkingar

Av Norsk Rockforbund (no Norske Konsertarrangører) vart Vinjerock kåra til Årets festival i 2006, mellom anna på grunn av miljøprofilen og dialektordlista, og i 2016 fekk Vinjerock utmerkinga for andre gong.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg