Hopp til innhold
X
Innhald

Virkelig

Virkelig, band frå Bodø som lagar energisk rockemusikk på dialekt.

Virkelig vart danna i Bodø i 2014. Bandet består av Tobias Aamodt på vokal og gitar, Erlend Nygaard på bassgitar og Sondre Lund Johansen på gitar.

I 2015 sleppte bandet låten «Cecilie», som nådde høg rotasjon på radiokanalen NRK P3. Året etter kom «Uansett ka», og i 2017 «Kor blei vi av». Det første albumet kom i 2018, med tittelen Lykke til i livet. «Storbyangst» og «Ballettdanseren» er to låtar som har vore mykje spela i norsk radio.

Låtane til Virkelig handlar gjerne om eit komplisert kjærleiksliv, men tekstane fortel at det er viktig å ta vare på kvarandre sjølv om ein ikkje har fasit på korleis eit parforhold skal levast. I låten «Storbyangst» (2018) møter vi ein ungdom sin redsel for å verte vaksen. Virkelig har eit straumlinjeforma og ryddig musikalsk uttrykk, og låtane deira ligg i eit spenn mellom pop, rock og indierock. Musikkmeldarane framhevar det melodiøse i låtane, og at bandet har energiske sceneframføringar. Dei syng på Bodø-dialekt.

Både i musikk og i formidling er Virkelig i nær slekt med John Olav Nilsen, den nordnorske artisten Sondre Justad og det nordnorske bandet Kråkesølv.

 

Kjelder

Elise Mork og Thea Myrvoll: «På seks måneder har bandet hatt stor suksess». an.no, publisert 15.2.2015: https://www.an.no/kultur/bodo/anung/pa-seks-maneder-har-bandet-hatt-stor-suksess/s/5-4-31086 [lesedato 21.11.2018]

Nettstaden til Virkelig, virkelig.bandcamp.no: https://virkelig.bandcamp.com/ [lesedato 21.11.2018]

Virkelig på Facebook, facebook.com: https://www.facebook.com/virkeligband/ [lesedato 17.12.2018]

 

Peikarar

Virkelig, «Storbyangst», offisiell video, youtube.com

Først publisert: 16.08.2019
Sist oppdatert: 16.08.2019