Hopp til innhold
X
Innhald

Vitamin

Vitamin er essensielle næringsstoff som kroppen ikkje greier å produsere sjølv. Ein kan dele vitamin inn i to hovudgrupper, vassløyselege og feittløyselege.

Kroppen vår greier ikkje å produsere vitamin sjølv. Difor blir vitamin kalla essensielle næringsstoff. Unntaket er Vitamin D, som huda vår kan lage ved hjelp av sollys. Men ein må likevel ofte ha tilskot av dette vitaminet. Om hausten og vinteren får huda lite hjelp av sola til å danne vitamin D, så då må vi tilføre vitaminet gjennom kosten.

Når vi et mat som inneheld vitamin, blir vitamina tekne opp i tarmen og ført vidare over i blodet. Blodet transporterer vitamin og andre stoff til dei ulike organa etter behov. Nokre vitamin blir frakta fritt i blodet, andre treng spesielle transportstoff. Alle vitamin er viktige for kroppen sin vedlikehalds- og oppbyggingsprosess. Mangel på vitamin kan gjere at kroppen kjem i ubalanse, noko som kan føre til sjukdom. Dei fleste får nok vitamin gjennom kosthaldet, men for somme er det nødvendig med tilskot av vitamin.

Vitamina A, D og E er feittløyselege. Kroppen tek opp feittløyselege vitamin ved hjelp av gallesyrer. Feittløyselege vitamin blir lagra i kroppsfeittet, slik at kroppen kan bruke det ved behov. Vitamin A er viktig for forplantningsevna, immunforsvaret, veksten og synet. Vitamin A får vi ved å ete feit fisk, tran, lever, meieriprodukt, paprika, gulrot og brokkoli. Vitamin D hjelper kroppen med å ta opp kalsium i tarmen. Kroppen treng kalsium til å danne beinvev i skjelettet og til tenner. Gode kjelder til D‑vitamin er meieriprodukt, feit fisk og sol. Vitamin E beskyttar celler og vev i kroppen slik at dei ikkje blir skadde. Gode kjelder til E‑vitamin er margarin, feit fisk, kornprodukt, eggeplomme og nøtter.

Kroppen vår greier lett å ta opp vassløyselege vitamin, men lagrar dei ikkje. Overskot av vassløyselege vitamin skil kroppen ut via urinen. Derfor treng kroppen jamn tilførsel av vassløyselege vitamin, til dømes B‑vitamin og C‑vitamin. B‑vitamin består av åtte ulike vitamintypar: B1, B2, B3, B5, B6, B7, B9 og B12. Mange av desse B-vitamina er avhengige av kvarandre for at dei skal ha verknad.

Vitamina B1, B2 og B5 er viktige for kroppen si omsetning av energi frå feitt, karbohydrat og protein. For at vitamin B3 og B6 skal verke, må kroppen ha vitamin B2. Vitamin B3 er ein del av enzyma som reparerer skadar som har oppstått i DNA‑et. Vitamin B6 er viktig for danninga av raude blodceller og ulike signalstoff i hjernen. For at eit foster skal kunne utvikle seg normalt under eit svangerskap, er det viktig med vitamin B9. Mangel på B9 kan gjere at fosteret får ryggmergsbrokk og ein underutvikla hjerne. For at vitamin B9 skal verke, er det nødvendig med B12. B12 er viktig for danning av raude blodceller og arvestoff. Gode kjelder til vitamin B er spinat, brokkoli, kornprodukt, lever, grønsaker, innmat, egg, fisk, kjøt og mjølkeprodukt. B12 finst berre i animaliske produkt som mjølk, egg, fisk og kjøt.

Vitamin C er ein antioksidant som hjelper til med å styrkje immunforsvaret til kroppen. Det gjer at kroppen lettare kan ta opp jern frå maten vi et. Gode kjelder til vitamin C er paprika, brokkoli, jordbær, blomkål og appelsinar.

Kjelder

Carl J. Brandt: «Viktig å vite om vitaminer», nettdoktor.no: https://www.nettdoktor.no/ernaering/vitaminer/artikler/vitaminerderfor.php [lesedato 6.10.2019]

Berit Falk Dracup: «Fakta om vitamin E», nettdoktor.no: https://www.nettdoktor.no/ernaering/vitaminer/artikler/vitamine.php [lesedato 8.10.2019]

Berit Falk Dracup: «Fettløselige vitaminer», nettdoktor.no: https://www.nettdoktor.no/ernaering/matogkropp/artikler/fettvitaminer.php [lesedato 7.10.2019]

Marthe Lein: «Slik får du nok vitamin D», nhi.no, publisert 13.12.2017: https://nhi.no/kosthold/ernaring/slik-far-du-nok-vitamin-d/ [lesedato 21.9.2019]

Møllers: «Vitamin A og dens funksjon i kroppen», mollers.no, publisert 7.9.2019: https://www.mollers.no/vitamin-a-og-dens-funksjon-i-kroppen/ [lesedato 21.9.2019]

Norsk Helseinformatikk: «Vitaminer og mineraler – animasjon», nhi.no, sist oppdatert 23.2.2014: https://nhi.no/animasjoner/hormoner-og-ernaring/vitaminer-og-mineraler/ [lesedato 6.10.2019]

Norsk Helseinformatikk: «Vitaminer», nhi.no, sist oppdatert 5.8.2019: https://nhi.no/kosthold/ernaring/vitaminer-hva-er-det/ [lesedato 20.9.2019]

Norsk Helseinformatikk: «Vitamin D‑mangel», nhi.no: https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/naring-og-vitaminer/vitamin-d-mangel/?page=5 [lesedato 8.10.2019]

Norsk Helseinformatikk: «Mangel på vitamin B12», nhi.no, sist oppdatert 18.7.2019: https://nhi.no/sykdommer/blod/anemier/vitamin-b12-mangel/ [lesedato 8.10.2019]

Opplysningskontoret for frukt og grønt: «Naturlige kilder til C‑vitamin», frukt.no: https://www.frukt.no/5-om-dagen/helseartikler/naturlig-c-vitamin-er-best-for-helsen/?gclid=EAIaIQobChMIpJraroiN5QIVCJSyCh3YgAyIEAAYAiAAEgJXofD_BwE [lesedato 8.10.2019]

Kristian Sjøgren: «Derfor trenger du B‑vitaminer», forsking.no. publisert 16.3.2018: https://forskning.no/menneskekroppen-sykdommer-vitaminer/derfor-trenger-du-b-vitaminer/282026 [lesedato 8.10.2019]

 

Peikarar

NRK Skole: «Folkeopplysningen – kort forklart: Kosttilskudd», nrk.no

NRK Skole, Newton: «Tran – hvordan lages det?», nrk.no

NRK Skole, Schrødingers katt: «Helse i blåbær», nrk.no

NDLA (Nasjonal digital læringsarena): «Vitaminer», youtube.com

Først publisert: 03.01.2020
Sist oppdatert: 03.01.2020