Faktaboks

Wenche Krossøy

Wenche Synnøve Johansen (fødenamn)

Fødd
25. oktober 1943, Andørja (no Ibestad), Troms
Død
12. mars 2010, Bergen

Wenche Krossøy var ein norsk forfattar. Ho skreiv forteljingar om born frå nordnorsk miljø.

Etter handelsskule i Harstad i 1961 reiste ho til Oslo og arbeidde i fem år i eit forsikringsselskap. Frå 1972 til 1976 budde ho i Vesterålen, gjekk deretter NansenskolenLillehammer og distriktshøgskulen i Volda. I 1979 slo ho seg ned i Bergen og budde der resten av livet.

Det var i Vesterålen ho byrja å skrive. I 1974 debuterte ho med Mens pappa er i Lofoten. Så følgde eit titals rikt illustrerte bokutgivingar. To av dei, Oluf og Ror-Lovisa (1975) og Magdalena (1977), gjekk som fjernsynsserie med Krossøy som forteljar.

I dei fleste av barnebøkene er handlinga lagd til Nord-Noreg. Oppveksten til borna er prega av landskap og livsvilkår i nord, men erfaringane deira er allmenne. Magdalena er historia om jenta som må flytte frå heimbygda si. I Den sovande fuglen (1983) vert vi kjende med Tore, som bur åleine med bestefaren, med ei mor som er på sjukehus i byen. I Blåhuset (1985) bur Annemari åleine med far sin og veit ikkje heilt kvar mora er vorten av.

Krossøy har òg skrive for vaksne. Ho er med i Ny nordnorsk lyrikk (1978), novelleantologien Kjærlighet i rosebedet (1981) og i leseverk for skulen. Nesten alt ho har skrive, er på nynorsk.

Magdalena vart i 1980 oppført på IBBY Honour List.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tone Birkeland (red.): Å skrive for barn. 17 barnebokforfattarar presenterer seg. Oslo 1982

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg