Hopp til innhold
X
Innhald

Winston Churchill

Winston Churchill (1874–1965), legendarisk britisk statsminister, nobelprisvinnar i litteratur og saman med Franklin D. Roosevelt og Josef Stalin ein av dei tre statsleiarane som dikterte fredsløysinga etter andre verdskrigen.

Winston Churchill var fødd 30. november 1874 i Oxfordshire i England og døydde i London 24. januar 1965. Han hadde utdanning frå kostskulen Harrow og Sandhurst militærakademi, der han tok eksamen i 1894. Frå 1899 var han aviskorrespondent i Sør-Afrika. Under den andre boarkrigen (1899–1902) vart han teken til fange av boarane, men greidde å rømme. Etterpå gjekk han inn i den britiske hæren og kjempa mot boarane.

Churchill var aktiv i britisk politikk i 65 år. Han vart vald inn i det britiske parlamentet for dei konservative i 1900. Fire år seinare bytte han parti til dei liberale. Då første verdskrigen braut ut, var Churchill marineminister, men etter eit brutalt nederlag i slaget om Gallipoli, måtte han gå av. Kampen mot kommunismen dreiv Churchill attende til dei konservative. Han vart vald inn i Parlamentet i 1924 og fekk posten som finansminister. Churchill kjempa for å gjeninnføre gullstandarden i den britiske økonomien, noko som ikkje viste seg heldig for den økonomiske utviklinga.

Churchill var sterkt imot den mjuke linja som den britiske statsministeren Neville Chamberlain førte i møtet med Hitler-Tyskland. Denne avspenningspolitikken feila, og det braut ut krig mellom Tyskland og Storbritannia i 1939. Chamberlain gjekk av i 1940, og Churchill stod då klar til å ta over som statsminister for ei brei samlingsregjering. Han leidde det britiske folket, og dei britiske styrkane, gjennom dei fem krigsåra.

Churchill tapte valet i 1945 og måtte gå av som statsminister, men kom attende i 1951. Aldrande og med svekt helse måtte han trekkje seg som statsminister i 1955. I 1953 fekk han Nobels litteraturpris.

Portrett av Winston Churchill, teke i Dublin i 1881. Kjelde: ww2db.com. Public domain / falle i det fri.

Bakgrunn

Winston Churchill hadde ein aristokratisk bakgrunn. Faren, lord Randolph Churchill, var av hertugslekta Marlborough og ein leiande konservativ politikar. Mora, Jennie Jerome, var dotter til ein amerikansk finansmann. Churchill hadde ikkje gode resultat på skulen, men var flink på dei områda interessa var sterk, noko ho var på det militære området. Han gjekk ut frå militærakademiet Sandhurst hausten 1894 og byrja sin militære karriere som imperieoffiser i 1895. I åra som følgde, var han dels soldat og dels journalist. Han var på Cuba, i Afghanistan, i Egypt og Sør-Afrika, der han var med i den andre boarkrigen.

I 1900 gjekk han inn i politikken, boren fram av familienamnet og innsatsen i boarkrigen. Den positive haldninga til frihandel gjorde at Churchill braut med det konservative paritet og gjekk over til dei liberale i 1904. Han kom inn i regjeringa til den liberale statsministeren Herbert Henry Asquith. Som marineminister under første verdskrigen støtta Churchill ein djerv plan for å slå det ottomanske riket ut av krigen. Ved å angripe frå halvøya Gallipoli skulle Konstantinopel erobrast, for dei allierte kunne då nå Svartehavet og dei russiske allierte. Angrepet feila og førte til store militære tap, og Churchill måtte gå frå ministerposten.

Churchill gjekk over til det konservative partiet igjen før valet i 1924, og same året vart han finansminister i regjeringa til statsminister Stanley Baldwin. Etter valnederlaget til dei konservative i 1929 nytta Churchill mykje av tida si til å skrive og halde talar. Han uttrykte sterk mostand mot indisk sjølvstende og Gandhi sin frigjeringskamp. Saka gjorde at han gjekk ut av skuggeregjeringa og braut med partileiar Stanley Baldwin.

Varsku mot Hitler

Churchill såg tidleg at Hitler var ein farleg nasjonalist, som hadde teke kontroll over og styrkt den tyske hæren på ein urovekkjande måte. Gjennom 1930-åra kom han med sterk kritikk av skiftande britiske regjeringar si forsiktige linje mot fascistiske diktatorar. Churchill var oppteken av at britane måtte ruste opp og var sterkt kritisk til avspenningspolitikken som Chamberlain førte. Denne politikken kulminerte med Münchenavtalen og Chamberlain sine ord om «fred i vår tid» i 1938. Året etter braut den andre verdskrigen ut.

Vegen til makta

Det sterke rustingsengasjementet hadde gjort Churchill til eit naturleg val som øvste leiar av marinen då Chamberlain sette saman krigsregjeringa si i september 1939. I mai 1940 var det krise i den britiske regjeringa på grunn av den negative utviklinga i krigen. Det var misnøye i Underhuset over innsatsen til statsminister Chamberlain. Britane sine aksjonar i Noreg hadde feila, og Tyskland byrja felttoget mot dei vesteuropeiske landa denne månaden. 

Churchill tok over som statsminister 10. mai 1940, og responsen på den politiske krisa og den dystre utviklinga i krigen er for Churchill-biograf Roy Jenkins sjølve nøkkelen til å forstå Churchill sin stordom. Han makta å skape ei trassig stemning, ei euforisk tru på at Storbritannia kom til å sigre, trass i den dystre stoda i krigen.

Statsminister Winston Churchill poserer med hjelm under eit tysk flyangrep i London i 1940. Kjelde: ww2db.com. Public domain / falle i det fri.

Statsminister i krig

Churchill var både statsminister og forsvarsminister og var djupt involvert i både den britiske krigføringa og det diplomatiske arbeidet. Gjennom inspirerande talar og tydeleg handling fekk han britane på offensiven. Han hadde nære band både til den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt og til den sovjetiske leiaren Josef Stalin, og han var ein av dei tre sentrale stasleiarane i den allierte sigeren.

For Churchill var det maktpåliggjande å få USA inn i krigen på alliert side. Utarbeidinga av Atlanterhavserklæringa, som Churchill og Roosevelt signerte i august 1941, knytte britane og amerikanarane tettare saman. Og dei prinsippa denne erklæringa teikna opp, vart seinare gjeldande for alle dei stridande maktene på alliert side under andre verdskrigen.

Etter krigen var Churchill oppteken av den totalitære faren Europa stod overfor frå den Stalin-styrte Sovjetunionen. I ein tale ved Westminister College i Fulton, Missouri i 1946 fall dei kjende orda om at eit jernteppe hadde senka seg over det europeiske kontinentet. Omgrepet har seinare vorte ståande som eit bilete på den kalde krigen.

Trass i den allierte sigeren i krigen tapte Churchill det britiske valet i 1945 for Clement Attlee frå Labour. Men han kom attende til makta i 1951. Churchill var då 77 år gamal og ikkje lenger den dynamiske krafta han hadde vore i den første perioden sin. Dei konservative aksepterte no den velferdsstaten som Labour hadde bygd ut etter krigen. På det utanrikspolitiske feltet arbeidde Churchill for å redusere faren for ein global krig i ein situasjon der det var atomvåpen på begge sider av jernteppet.

Kong Haakon 7, statsminister Winston Churchill og Clementine Churchill under eit besøk i Oslo 13. mai 1948. Fotograf: Fred Monclair. Kjelde: Oslo byarkiv på digitaltmuseum.no. Inventarnr.: A-10001/Ua/0006/089. CC BY-SA 4.0.

Churchill som forfattar og talar

Churchill nytta mykje av 1930-åra til litterært og historisk arbeid. Biografien om ein av forfedrane hans, den første hertugen av Marlborough, kom ut i fire band mellom 1933 og 1938. Han arbeidde òg utrøytteleg med storverket A History of the English-Speaking Peoples, som først vart utgitt i 1956–58. Dei bandsterke verka om dei to store krigane, The World Chrisis 1911–25 og The Second World War, er sentrale arbeid i forståinga av den moderne europiske historia. Han skreiv òg ei mengd artiklar og kortbiografiar til dagspressa i fleire periodar.

Då Churchill fekk tildelt Nobels litteraturpris i 1953, var det i grunngivinga ikkje berre vist til den sentrale historiske og biografiske produksjonen hans, men òg til den briljante talekunsten som han hadde nytta i forsvar for høge menneskelege verdiar.


Kjelder

Roy Jenkins: Churchill. Oslo 2017

Jan Palmowski: Dictionary of Contemporary World History. Oxford 2004

John Ramsden (red.): The Oxford Companion to Twentieth-Century British Politics. Oxford 2002

 

Paul Addison: Churchill. The Unexpected Hero. Oxford 2005. Digital utgåve, amazon.comhttps://www.amazon.com/Churchill-Unexpected-Hero-Paul-Addison/dp/0199297436%23reader_0199297436 [lesedato 27.1.2019]

Churchill Archive for Schools: «What went wrong at Gallipoli in 1915?», churchillarchiveforscools.com: http://www.churchillarchiveforschools.com/themes/the-themes/key-events-and-developments-in-world-history/what-went-wrong-at-gallipoli-in-1915 [lesedato 16.11.2018]

Adam Gopnik: «Finest Hours. The making of Winston Churchill», The New Yorker 30.8.2010. Digital utgåve, newyorker.comhttps://www.newyorker.com/magazine/2010/08/30/finest-hours [lesedato 27.1.2019]

Tim Greve og Jan Erik Mustad: «Winston Churchill», snl.no: https://snl.no/Winston_Churchill [lesedato 28.3.2019]

NobelPrize.org: «Winston Churchill – Facts», nobelprize.org: https://www.nobelprize.org/prizes/literature/1953/churchill/facts/ [lesedato 16.11.2018]

Presentasjon av Winston Churchill på den offisielle nettportalen til britiske styresmakter, gov.uk: https://www.gov.uk/government/history/past-prime-ministers/winston-churchill [lesedato 14.11.2018]

 

Peikarar

Churchill Archive for Schools, churchillarchiveforschools.com

Churchill Museum (Imperial War Museum), iwm.org.uk

Nobelprisen i litteratur 1953, nobelprize.org

Først publisert: 24.04.2019
Sist oppdatert: 24.04.2019