Hopp til innhold
X
Innhald

Ytringsfridom

Ytringsfridom er fridomen for alle til å uttrykkje seg fritt og uhindra. Utan ytringsfridom er ikkje demokrati mogleg. Dei siste åra har det for somme vorte farlegare å ytre seg i mange europeiske land. Satiriske ytringar om islam har ført til fleire terroråtak. Samstundes har ytringsfridomen vorte viktigare som symbol på det frie samfunnet.

Ytringsfridomen gjeld, på den eine sida, retten til å kunne gi uttrykk for eigne meiningar og idear. Denne sida av ytringsfridomen omfattar retten til å bruke kanalar som aviser, kringkasting, møte og internett til å spreie idear, meiningar og informasjon. På den andre sida inneber ytringsfridom retten til å ta imot informasjon og gjere seg kjend med andre sine ytringar (informasjonsfridom). Styresmaktene i eit land med ytringsfridom kan til dømes ikkje straffe nokon for å abonnere på ei samfunnskritisk avis eller hindre eit møte om eit omstridd tema.

I dei greske bystatane i antikken var ytringsfridom ein del av det direkte demokratiet. Borgarane kunne ytre seg og prøve å påverke dei andre før avrøystingane. I Europa fekk ideen om ytringsfridom gradvis fotfeste i opplysningstida etter mellomalderen. I den moderne tankegangen som braut igjennom, skulle menneskeleg fornuft avløyse tradisjon og religiøse dogme og vere drivkraft i samfunnsutviklinga. Med prentekunsten vart det mogleg å mangfaldiggjere ytringar skriftleg. Ytringsfridom vart eit aktuelt spørsmål, ettersom styresmaktene førehandssensurerte ytringane. Stadig fleire trykte skrifter og meir aksept for ideen om det verdifulle med meiningsbryting, førte til gradvis oppmjuking av sensurpraksisen.

I dag er det berre i særlege tilfelle at førehandssensur er akseptert i rettsstatlege demokrati. Derimot er det vanleg og i røynda nødvendig med visse generelle reguleringar. Men reguleringane skal ikkje hindre fri meiningsutveksling. I Noreg er staten gjennom lovverket pålagd å leggje til rette for ytringsfridom og offentleg samtale.

Ytringsfridom er ein føresetnad for ekte demokrati. Grunnen er at reelt demokratiske prosessar føreset at veljarane er sannferdig opplyste om dei politiske alternativa, ikkje minst gjennom den politiske debatten. Styresmakter som sensurerer politiske ytringar, eller som lèt vere å leggje til rette for meiningsbryting, hindrar ei truverdig opplysning overfor veljarane.

Ytringsfridomen som ein rett

Kva ytringsfridomen omfattar, er presist formulert i artikkel 19 i dei sameinte nasjonane (FN) si internasjonale fråsegn om menneskerettar, frå 1948. Der heiter det: «Alle skal ha meinings- og ytringsfridom. Denne retten gjeld fridom til å ha meiningar utan innblanding, til å søkje, ta imot og gjere kjent opplysningar og idear gjennom alle dei informasjonskanalar som finst, og på tvers av alle grenser.»

I Noreg er ytringsfridomen verna i paragraf 100 i Grunnlova, som vart revidert i 2004. Denne paragrafen slår ikkje berre fast at staten må la vere å sensurere ytringar. Paragrafen legg òg ei plikt på staten til å leggje til rette for eit mangfald av frie ytringar og for meiningsutveksling. «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte» er formuleringa som står sist i grunnlovsparagrafen.

Også paragrafen om ytringsfridom i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som Noreg har slutta seg til, er viktig for det rettslege vernet av ytringsfridom i Noreg. Her heiter det at alle har rett til ytringsfridom, men at særlege nasjonale omsyn gjer at det er lov med visse reguleringar. I 2008 vart Noreg dømd i Den europeiske menneskerettsdomstolen på grunn av at det då var eit totalforbod mot politisk reklame på fjernsyn i Noreg. Domstolen slo fast at Noreg hadde ein rett til å ha reglar for slik reklame. Men retten til ytringsfridom lét seg ikkje sameine med eit totalforbod.

I den franske menneskerettserklæringa frå 1789 heiter det at alle er frie til å kunne dele tankane og meiningane sine med andre. Det amerikanske grunnlovstillegget frå 1791 slår fast at det ikkje skal lagast lover som hindrar ytringsfridom. Desse formuleringane er enno utgangspunktet for lovreguleringa av ytringsfridomen i dei dei to landa, og dei har vore viktige for ytringsvernet i alle liberale demokrati.

Skilnaden mellom private og offentlege ytringar

Ytringsfridomen vernar primært ytringar i det offentlege rommet. «Offentleg» tyder i denne samanheng ikkje statleg eller kommunal, men open og allmenn. «Den offentlege samtalen» er den typen meiningsbryting som er felles for samfunnsmedlemene ved at ytringane i den offentlege samtalen ikkje er meinte berre for den nære omgangskrinsen, men i prinsippet for alle. Det ein gjer heime eller i lukka og private samanhengar, høyrer til i ein annan kategori enn det ein gjer som offentleg person (altså som person i det offentlege rommet). I det første tilfellet ønskjer ein vanlegvis ikkje at samfunnet elles skal ha noko innsyn. Privatlivets fred garanterer ein fridom til å vere tilbaketrekt, utan innsyn. Innanfor grensene til det private kan ein prøve ut ting utan å måtte argumentere for det i den offentlege samtalen. I det offentlege rommet er det motsett. Her vender ein seg nettopp til dei andre samfunnsmedlemene, ein vil argumentere med og mot dei og kanskje få dei til å endre syn.

Reguleringa av ytringsfridomen speglar dei ulike rollene ein har i det private rommet og i det offentlege rommet. Til dømes er ikkje ting ein seier i ein krangel mellom familiemedlemer, noko som injurielovgivinga dekkjer. Det er annleis dersom ein ytrar noko om personar offentleg. Då kan injurielovgivinga kome inn i biletet dersom ein til dømes kjem med påstandar om at ein namngitt person har gjort noko kriminelt.

Ytringsfridomen gjeld altså primært offentlege ytringar. Ytringsfridomen skal leggje til rette for at privatpersonar skal kunne ta del i ei offentleg meiningsutveksling. Det inkluderer at eigne ytringar skal kunne spreiast til andre. Ytringslovgivinga om private rom er om lag motsett. Her gjeld det å verne det private livet folk har, mot utilbørleg innsyn og innblanding frå andre.

Med dei nye digitale media er grensene mellom private og offentlege ytringar stundom flytande. Det skaper nye utfordringar for og spørsmål om korleis ytringsfridomen bør regulerast.

Historisk bakgrunn

Under antikken, for om lag 2400 år sidan, var ytringsfridomen mellom dei fridomsverdiane som dei greske bystatane la til rette for. Ytringsfridomen var ein nødvendig del av det direkte demokratiet, der borgarane høyrde på kva dei andre sa, før dei røysta. Men i det gamalgreske demokratiet galdt ytringsfridomen, og dei andre likskaps- og fridomsideala, berre for mannlege borgarar.

I mellomalderen hadde lærestader ein viss grad av ytringsfridom fordi religiøse overhovud opplevde at ei relativ fri meiningsbrytning gav dei eit betre grunnlag for å slå fast trussanningar.

Den moderne ytringsfridomen vart etablert stegvis utover i det 17. og særleg 18. hundreåret, då den vitskaplege tankegangen vann fram. For å kunne finne ut og undersøkje kva som er sant, lyt påstandar og idear kome fram og verte diskuterte. Det var haldninga i den framtidsoptimistiske, moderne mentaliteten til opplysningsfilosofane. Dei ville avdekkje lovene i naturen og samfunnet til beste for alle. Om ein skulle risikere å verte straffa for å kome med vitskaplege påstandar og motsvar, ville ein ha hindra prøving av påstandar. Feil ville ikkje verte korrigerte. Innsikta den gongen gjeld like mykje i dag. Vitskapleg og anna sanningssøking føreset at det eksisterer ytringsfridom.

Frå vitskapen spreidde ideen om ytringsfridom seg til politikken. Eit legitimitetskrav retta mot dei som styrer, gjekk ut på at styresmaktene burde vere aksepterte av samfunnsmedlemene. Kravet vart lyfta fram av politiske filosofar. Det følgde av tankegangen at fleire burde vere med i ein offentleg samtale om kva som er god samfunnsorganisering og styring. Leiande grupper venta å få kome fram med det dei meinte. Eit viktig argument for det var at di fleire meiningar som kom fram, di meir sannsynleg var det å finne sanninga eller gode samfunnsløysingar.

Prentekunsten og dei første avisene skapte grunnlaget for den offentlege samtalen. Over tid oppstod ulike offentlege møtelokale der byborgarane samla seg for å diskutere, og den såkalla «borgarlege offentlegheita» oppstod. Diskusjonen i den borgarlege offentlegheita er av filosofen Jürgen Habermas trekt fram som idealdømet på meiningsbrytinga si rolle i demokratiet. Argument vert testa, og det beste argumentet skal ideelt sett bestemme kva for avgjerder som vert tekne seinare. Også i dag er det eit demokratisk ideal at argumentasjon og fornuftig meiningsbryting er viktig for avgjerdsprosessane.

Då ytringsfridomen fekk gjennomslag, var det stadige rivningar og pendelsvingingar mellom styresmaktene og forkjemparar for ytringsfridomen. I Noreg slo grunnlova fast alt i den første utforminga i 1814 at det skulle vere «trykkefrihed». Med andre ord skulle det ikkje vere førehandssensur. På den tida var det likevel ikkje nokon stor aksept for å kritisere styresmaktene og andre som sat i maktposisjonar. Det var jo dei som visste best, tenkte mange. Over tid vann haldninga om at også «øvrigheita» burde kritiserast, fram. I dag er nettopp høvet til å kritisere styresmaktene mellom dei viktigaste verdiane som følgjer av ytringsfridomen.

Det kjende måleriet «Eidsvold 1814» som viser Riksforsamlinga då dei utarbeidde Grunnlova i 1814. Måleriet er laga av kunstnaren Oscar Wergeland på bestilling i 1882–85 for å henge på Stortinget, og det heng framleis på Stortinget i stortingssalen. Foto: Teigens fotoatelier, Stortinget på Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Det kjende måleriet «Eidsvold 1814» som viser Riksforsamlinga då dei utarbeidde Grunnlova i 1814. Alt i den første utforminga av Grunnlova i 1814 vart det slått fast at det skulle vere «trykkefrihed».  Måleriet er laga av kunstnaren Oscar Wergeland på bestilling i 1882–85 for å henge på Stortinget, og det heng framleis på Stortinget i stortingssalen. Foto: Teigens fotoatelier, Stortinget på Flickr.com CC BY-ND 2.0. 

Innskrenkingar i ytringsfridomen

Nesten ingen av menneskerettane er absolutte. Rettane må balanserast mot kvarandre. Også dei som forsvarer ytringsfridomen, meiner at det må finnast visse innskrenkingar. Utan regulering kan ytringsfridomen til dømes misbrukast til å spreie systematiske løgner om einskildpersonar. Ytringsfridomen inkluderer ikkje ein rett til å bruke ytringar til å truge eller trakassere andre, sidan det vil hindre fridomen deira. Dei innskrenkingane i ytringsfridomen som vanlegvis finst i liberale demokrati, gjeld mellom anna forbod mot ærekrenkingar og å røpe statsløyndomar. Tilsette i ei bedrift kan heller ikkje fortelje om forretningsløyndomar til andre under dekkje av ytringsfridomen.

Å finne ein god balanse mellom på den eine sida retten til å ytre seg heilt fritt om politiske spørsmål og på den andre sida å verne grupper mot trakassering, kan vere vanskeleg. Saker om kvar grensa skal gå, oppstår jamleg i rettssystemet. Paragraf 135 i straffelova lyder slik: «Den som forsettlig eller grovt uaktsomt offentlig setter frem en diskriminerende eller hatefull ytring, straffes med bøter eller fengsel inntil 3 år.» For somme inneber dette ei innskrenking av retten til å seie det dei faktisk meiner. Det er noko anna om ytringane handlar mindre om meiningsytring og meir om aggressiv og trugande plaging. Det siste er det lettare å forsvare eit forbod mot, sidan det hindrar fri livsutfalding og jamlikstatusen til dei som vert plaga. Frykt for netthets og trakassering kan gjere at somme vegrar seg mot å vere med i diskusjonar dei elles ville ha vore aktive i.

I amerikansk rettspraksis har risikoen for «the chilling effect» (nedkjølingseffekten) gjort at ein er varsam med å trekkje mellom anna injurielovgivinga for langt. Nedkjølingseffekten vil seie at ytringsklimaet indirekte dempar ytringsviljen. Lover mot somme typar ytringar kan ha ein nedkjølingseffekt og føre til at ytringar som burde ha kome fram, ikkje gjer det. Folk kan verte unødig redde for å kome fram med meiningane sine. Eit ytringsklima som er nedkjølt, kan også føre til overdriven sjølvsensur, til dømes for forfattarar. I frykt for å støyte nokon held ein heller inne med ytringar som kanskje burde har vore fremja. Det gjeld ikkje minst for varslarar som kan sitje på ømtolig, men viktig informasjon som nokon vil halde skjult.

Snowden-saka og ytringsfridomen globalt

Ei stor og dramatisk varslarsak er Snowden-saka. 6. juni i 2013 avslørte den britiske avisa The Guardian og amerikanske Washington Post at amerikanske tryggingsstyresmakter ved hjelp av avanserte dataprogram dreiv med massiv overvaking av mobil- og internettbruken til vanlege borgarar. Overvaking kan indirekte føre til at folk vert reddare for å ytre seg fritt. Det var datateknikaren Edward Snowden som stod bak avsløringane. Han grunngav avsløringane av opplysningar han ikkje hadde lov å offentleggjere, med at styresmaktene førte folk bak lyset. Snowden bur no i Russland, etter at han flykta frå amerikanske styresmakter, som ønskjer å stille han for retten. Norske PEN, ei foreining til støtte for ytringsfridomen til forfattarar og andre som ytrar seg offentleg, tildelte ein pris, Ossietzky-prisen, til Snowden i 2016. Snowden kom ikkje til Noreg for å ta imot prisen, for han frykta at norske styresmakter ville arrestere han og utlevere han til USA. Norske styresmakter gav ingen garantiar mot at det ville skje. Sett i eit offisielt amerikansk perspektiv har Snowden røpa viktige statlege løyndomar og sett mange amerikanarar i fare. Amerikanske styresmakter har sikta han for spionasje. Snowden-saka er paradoksal. Land som vanlegvis går i bresjen for vernet av ytringsfridomen, jaktar på varslaren Snowden, ein av dei viktigaste brukarane av ytringsfridomen sin i moderne tid.

Snowden-saka har engasjert mange. Her frå ein demonstrasjon i Tyskland 4.7.2013 til støtte for å gi Snowden asyl. Foto: Jakob Huber/Campact, Campact på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Snowden-saka har engasjert mange. Her frå ein demonstrasjon i Tyskland 4.7.2013 til støtte for å gi Snowden asyl. Foto: Jakob Huber/Campact, Campact på Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Freedom House, som rapporterer om korleis den sivile og politiske fridomen utviklar seg i verda, konkluderte i 2017 med at det var det ellevte året på rad at den samla globale fridomen vart mindre. Ytringsfridomen er mellom dei sentrale fridomane som vert målte. Det er i hovudsak i landa i Europa, USA, Australia, India og størstedelen av landa i Latin-Amerika at ein er fri. Ser ein spesifikt på mediefridomen, er situasjonen endå dystrare. 2016 var året som kom dårlegast ut av dei siste 13 åra. Av dei ulike verdsdelane var det i hovudsak berre i dei vestlege delane av Europa, i Nord-Amerika og i Oseania at media var rimeleg frie.

Ytringsfridom og terror

Ytringsfridom vegen opp mot vern mot krenking av religion er ei avveging som har vorte særleg aktuell dei seinare åra. I Noreg hadde vi lenge ein blasfemiparagraf som gjorde at det i prinsippet ikkje var tillate å håne religionar. Denne paragrafen er no fjerna.

I mange deler av verda har krenkingar av religionen ført til opptøyar. Etter at den iranske forfattaren Salman Rushdie i 1988 gav ut boka Sataniske vers, kom den konservative islamske leiaren i Iran, ayatolla Khomeini, med ei oppfordring til muslimar om å drepe Rushdie. Forfattaren har etter det måtta leve i skjul. Det vart òg livsfarleg å vere medansvarleg for at boka vart utgitt. Fleire vart drepne, mellom dei den japanske omsetjaren Hitoshi Igarashi. I Noreg var det på hengande håret at forleggaren som gav ut boka på norsk, William Nygaard, ikkje vart drepen i eit attentat i 1993.

På liknande vis har karikaturteikningar av profeten Muhammed ført til islamistisk terror mot kunstnarane som teikna Muhammed, og utgivarane, mellom anna i Danmark og Paris. Trugsmålet om terror har ført til frykt for at religionssatire skal verte møtt med vald. Frykta for valdelege represaliar har ført til sjølvsensur. Dette representerer ei reell innskrenking av ytringsfridomen. Det er likevel ikkje ei innskrenking som kjem av at styresmaktene sensurerer ytringane. Ytringsfridom og andre rettar handlar i regelen om korleis statsmakta ber seg åt.

Eit stort forskingsprosjekt om vilkåra for ytringsfridomen i Noreg synte at etter karikaturstriden og terrorhandlingane vart ytringsfridomen og retten til også å karikere religion styrkt. Om det skjedde på grunn av meir innvandringsmotstand eller at folk har vorte meir prinsippfaste, lèt seg ikkje slå fast. Situasjonen for ytringsfridomen dei siste åra er såleis paradoksal. På den eine sida har trugsmål og terror ført til meir sjølvsensur og at ytringsfridomen er under press. På den andre sida er oppslutnaden om verdien av ytringsfridom i land som Noreg større enn nokon gong. Ytringsfridomen har vorte eit sentralt symbol på dei liberale verdiane i demokratiet.

Salman Rushdie (2014). Foto: Fronteiras do Pensamento, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Salman Rushdie (2014). Foto: Fronteiras do Pensamento, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Filosofisk grunngiving

Ytringsfridom har på den eine sida ein stor eigenverdi. Å kunne ytre seg fritt er for mange ein sentral del av opplevinga av å vere fri i det store og heile. Samstundes er ytringsfridomen ein føresetnad for andre gode, mellom anna demokratiet, og han er tett knytt til andre grunnleggjande rettar, som til dømes religionsfridom og tanke- og samvitsfridom.

Ein som til dømes er kristen, og som ikkje får fortelje om det til andre eller høyre om andre si lovprising eller fortolking, får innskrenka si religionsutøving. Ytringsfridomen heng på denne måten saman med religionsfridomen.

Den norske grunnlovsparagrafen om ytringsfridom viser til tre filosofiske grunngivingar for kvifor vi bør ha ytringsfridom: «sanningssøking, demokrati og den frie meiningsdanninga til individet».

Den første grunngivinga, sanningssøking, byggjer på den vitskaplege tenkjemåten om at for å finne sanninga og det som er rett, må dei framsette påstandane verte konfronterte. Menneska er feilbarlege og kan vere prega av maktforhold, kjenslebaserte sympatiar eller ikkje-rasjonelle slutningar. Ved å verte konfronterte med andre meiningar og systematiske motsvar, kan feil verte luka bort. Gjennom argument og motargument kan innsikter verte styrkte. Ytringsfridom er nødvendig for å skilje det som er sant, frå det som ikkje er sant. Sanning kan i denne samanhengen forståast som betre innsikt (gjennom prøving av argument) snarare enn som ein endeleg fasit.

Den andre grunngivinga, om ytringsfridomen si rolle i demokratiet, held fram at demokratiet ikkje berre handlar om medverknad i val av representantar. Også fasen med fri diskusjon før eit val og før avgjerder vert gjorde, er ein uløyseleg del av demokratiet. Ytringsfridom sikrar frie medium og at det kan gå føre seg ein debatt der ein kan påverke standpunkt og personval.

Den tredje grunngjevinga handlar om autonomi. Ytringsfridomen spelar ei viktig rolle når individet etablerer sin identitet i samfunnet og utviklar seg som menneske. At vi bruker ytringsfridomen, er med på å forme oss som sjølvstendige personar. Å verte autonom inneber ei viss danning gjennom å verte kjend med dei ideane som finst, og det inneber at ein sjølv kan prøve ut synsmåtar. Ytringsfridom er ein føresetnad for begge delar.

Liberalaren John Stuart Mill er mellom dei viktigaste filosofane som har tematisert og gitt ei grunngiving for ytringsfridomen. For Mill burde ytringsfridomen i prinsippet kunne brukast for å granske absolutt alle vedtekne sanningar. Då kan vi vite at sanningane toler ei argumentativ gransking. Jamvel om alle bortsett frå éin var samde i ei sak, og ein påstand såg urokkeleg ut, hadde fleirtalet ingen rett til å hindre at denne eine meininga kom fram, hevda Mill. Det ville dessutan vere til gode for alle at eit argument vart prøvd mot eit motargument. Slik ville det vere mogleg å finne ut kva som var sant. Den einaste grunnen til å nekte nokon å seie meininga si er, som for andre fridomar, dersom det fører til skade og innskrenka fridom for andre (skadeprinsippet). Din eigen fridomen gjeld så langt han ikkje hindrar andre sin fridom.

Det oppstår stadig saker der ulike omsyn må vegast mot kvarandre, og då vil skadeprinsippet ofte kunne gi ei rettesnor. Dersom til dømes nokon bråkar og ståkar på eit møte for å hindre ein politikar i å snakke, kan ikkje alle sin ytringsfridom verke samstundes. Då lyt ytringsfridomen til dei som forstyrrar møtet, vike.

Skadeprinsippet er også eigna til å vere retningsgivar i andre ytringsdilemma i dag, til dømes i balansegangen mellom den eine sin ytringsfridom og den andre sin rett til privatliv. Til dømes har prinsesse Caroline i Monaco ved fleire høve gått til sak mot fotografar som har brukt ytringsfridomen til å publisere bilete av henne. Ho har hevda at dei har krenkt retten hennar til å ha eit privatliv. Den europeiske menneskerettsdomstolen har dømt ulikt i desse sakene, alt etter om domstolen har vurdert om det har vore i offentleg interesse eller ikkje å publisere bileta.

Mann med megafon i ein demonstrasjon i Portland, i USA, 2017. Foto: mooch Cassidy, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Mann med megafon i ein demonstrasjon i Portland, i USA, 2017. Foto: mooch Cassidy, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0

Ytringstypar med særleg vern

Det følgjer av grunngivingane for ytringsfridomen at visse typar ytringar har eit særleg vern. Det gjeld ikkje minst vitskaplege ytringar og politiske ytringar. Også kunstnarlege ytringar og satire står i ei særstilling.

Med omsyn til vitskaplege ytringar vert ofte universiteta og den institusjonelle ramma for vitskapen verna spesielt. Ved å gi vitskaplege institusjonar eit særleg sjølvstende, der staten ikkje kan blande seg for mykje inn, vert sanningssøkinga uavhengig. Ytringsfridomskommisjonen, som la grunnlaget for revideringa av ytringsfridomsparagrafen i den norske grunnlova i 2004, argumenterte for at «den beste garanti for ytringsfriheten generelt til syvende og sist ligger i de opprinnelig normgivende vitenskaplige institusjoners styrke og autonomi» (NOU 1999:27, side 29).

Ikkje minst er politiske ytringar ein type ytringar som har eit særleg vern. Det er fordi meiningsutvekslinga skal sikrast, og fordi demokratiet føreset at alle veljarar er jamlike. Alle medborgarar skal difor kunne kome fram med meiningane sine i den offentlege samtalen. Dersom somme grupper ikkje får kome fram med sine meiningar, vil dei delvis verte utelatne frå ein sentral del av den demokratiske prosessen. Dessutan føreset ekte demokrati at dei som har makt, skal kunne verte granska. Det gjer at det må vere fritt fram for alle å kritisere makthavarane. I den norske grunnlova er politiske ytringar særleg trekte fram i det tredje avsnittet i paragraf 100: «Alle har rett til å ytre seg frimodig om statsstyringa og kva anna emne som helst.»

Kunstnarlege ytringar har somme fellestrekk med dei vitskaplege og politiske ytringane. Desse ytringane er stundom ei sanningssøking basert på andre metodar enn dei vitskaplege eller argumenterande. For å vere kraftfulle føreset dei ein type autensitet og eit eige rom utan offentleg innblanding. Dei kunstnarlege uttrykka, til dømes romanar eller satiriske skrifter, kan vere indirekte eller direkte kommentarar til politisk relevante tema. Både boka Sataniske vers og karikaturteikningane av profeten Muhammed illustrerer den provoserande krafta og det indirekte politiske potensialet som kunst og satire kan ha.

Kjelder

Bernard Enjolras, Terje Rasmussen og Kari Steen-Johnsen (red.): Status for ytringsfriheten i Norge. Hovedrapport fra prosjektet, Institutt for samfunnsforsking. Oslo 2014

Cathrine Holst og Anders Molander: «Freedom of Expression and Freedom of Discourse. Examining a Justificatory Strategy», i Anine Kierulf og Helge Rønning (red.): Freedom of Speech Abridged? Cultural, Legal and Philosophical Challenges. Göteborg 2009

Njål Høstmælingen: Hva er menneskerettigheter? Oslo 2007

Njål Høstmælingen: Internasjonale menneskerettigheter. Oslo 2003

NOU 1999:27 «Ytringsfrihed bør finde sted»

Niels Ebdrup: «Det gamle Athen gav oss ikke demokratiet», forskning.no 6.2.2011: http://forskning.no/historie/2011/01/det-gamle-athen-ga-oss-ikke-demokratiet [lesedato 28.5.17]

«Freedom in the world 2017. Populists and Autocrats: The Dual Threat to Global Democracy», freedomehouse.org, udatert: https://freedomhouse.org/report/freedom-world/freedom-world-2017 [lesedato 28.5.2017]

Anine Kierulf: «Ytringsfrihet», snl.no: https://snl.no/ytringsfrihet [lesedato 16.3.2017]

«Dom avsagt i EMD mot Norge – Krenkelse av EMK artikkel 10 om ytringsfrihet», lovdata.no: https://lovdata.no/artikkel/dom_avsagt_i_emd_mot_norge_-_krenkelse_av_emk_artikkel_10_om__ytringsfrihet/421 [lesedato 16.3.2017]

Peikarar

Nettstaden til Fritt Ord, frittord.no 

Status for ytringsfriheten i Norge. Hovedrapport fra prosjektet, bibsys.no 

Nettstaden til Freedom House, freedomhouse.org 

Om Mediemangfaldsutvalet, regjeringa.no 

Først publisert: 16.08.2017
Sist oppdatert: 10.09.2018